Magasinett

Synsingar

Utskrift

Å kalle ei hore for ei hore

Skrive av Ragnfrid Trohaug .

- HORE! Ropar ein kjeledressungdom ut av det eldraude bilvindauget til ei dame som står ¨på fortauet. Han kunne ikkje vore meir presis, for det er nett det ho er: Hore.

Eg ser det heile på avstand, står eit gatenivå lenger opp, kjenner kveldstur i mailys fylle heile kroppen. HORE. Dama står og svaiar i ein glorete topp som aldri kan sitje stramt nok på den spinkle kroppen, og eg veit ikkje om ho er i stand til å høre denne hånlege stadfestinga av yrkestittelen sin, ropt ut av ein gutekvalp som ikkje er gammal nok til å vite kva yrkesliv er for noko.

Kjensla av vellyst og vårleg optimisme renn ut av meg fortare enn den kom inn, brått har eg ikkje kaut vårkjensle og trua på framtida lenger. Alt eg har, er ei brennande lyst til å beine etter den skranglete Ford Transiten, kaste meg inn i kupeen, ta skitungen i nakkeskinnet, la han kjenne det bestemte tantegrepet, mens eg kvess i: - No pellar du deg ut og seier orsak, din tankelause, ansvarslause, kulturlause fan av ein møkkaunge.

På vegen heim forsøker eg å skape meining av situasjonen, bortforklare, tenkje at dette var ei uheldig hending som sikkert ikkje har skjedd før. Slikt gjer jo ikkje folk. Nokre maidagar seinare står det heilside i Bergens Tidende om den, visstnok kjende russeaktiviteten ”rope hore etter horene”. Den lågaste handlinga av dei alle viser seg å vere utbreidd praksis hos russen i Bergen: Å sparke den som allereie ligg nede.

Då eg var lita var eg, som alle andre ungar utan vett og forstand, for barn er til ein viss grad utan vett og forstand, begeistra for russen. Ekstra stas var det når dei kom med russebilane sine og tuta tidleg syttande mai utanfor huset vårt, fordi dei hadde mor mi som norsk- eller tysklærar.

Eg hadde fått vere med på russefrukost der dei serverte ekte amerikanske pannekaker med sirup. Eg hadde sett ein russ, ein ganske tjukk ein, sovne sitjande og med open munn, og med skrekkblanda fryd såg eg at dei andre russane let ei pølse dingle over det ope gapet. Eg hadde til og med tatt i mot ti kroner frå ein russ, mot å røpe kvar religionslæraren budde. Mor mi la ikkje skjul på at ho var misnøgd med den låge moralen hos seksåringen sin, og tikroningen laga svimerke i handflata.

Desse russegutane som tuta utanfor huset vårt gjorde trollskap og tullskap, dei var fulle og gale, men ikkje verre enn at klasseforstandaren syntest det var hyggeleg å invitere dei heim på amerikanske pannekaker på sjølve nasjonaldagen. Dei mobba dei også, og det var eit helsikes liv den gongen dei hadde samanlikna ein lærar med Hitler. Men til forskjell frå gutane på Nordnes i Bergen førre veka, sparka desse åttitalsrussane mot ein lærar som aldri tok parti for dei svake, ein som sjølv var mobbar.

Det er her eg tenkjer at Bergensrussen ikkje har vett nok i hovudet til å fortene eksamensfeiring og ein eventuell examen artium, for dei har openbert ikkje skjønt at gjøn og peik aldri skal gå utover den svakaste parten. Russetida er ei tid for humoristiske påfunn, og eg lo godt då eg såg alle Bohus-flagga utanfor det stygge Bohussenteret vaie på halv stang, det er ikkje det. Men god humor krev intelligens, noko fleire av Bergensrussen ser ut til å mangle. Dei har så banal sans for humor at dei har gjort det til sport å kalle ein spade for ein spade, rope HORE etter horene. Det kan ikkje få anna enn karakteren stryk.
Mai 2006
Framsidebilete er lånt frå Wikipedia.