Magasinett

Synsingar

Utskrift

Glaset er halvtomt!

Skrive av Ola A. Hegdal .

Pessimismen har lenge hatt eit alt for dårleg rykte. Folk krev du skal seie at glaset er halvfullt, sjølv når det er mest rimeleg å hevde at det er halvtomt. Korleis denne overoptimistiske haldninga ender kan vi sjå av haustens Israel-debatt, som vart starta av Jostein Gaarder.

I Aftenposten leverte Gaarder ei breiside mot Israel og krigføringa i Libanon. Han meiner at den israelske politikken spring ut i frå førestillinga om at jødane er Guds utvalde folk. Gong på gong slår han fast at eit eller anna stort ”vi” ikkje anerkjenner staten Israel. Og rundar av heile profetien med ein visjon av heimlause jødar som på nytt er på flukt i verda etter at staten Israel har kollapsa.

Det merkelege er ikkje at det er nokon i Noreg som meiner dette. Det merkelege er at det er Jostein Gaarder. Filosofen, humanisten og menneskevenen Jostein Gaarder. Jostein Gaarder, som ei kort stund gjorde det trendy vere reflektert og undrande.

Kva er det som har skjedd? Kvar blei det av den menneskjevenlege filosofen og humanisten? Kor kom den uforsonlege og hatske profeten frå?

Eg har laga meg min eigen teori om dette. Dei seier at ein kynikar berre er ein skuffa romantikar. I dette tilfellet trur eg vi må seie at den hatske profeten berre er ein skuffa humanist. Gaarder har truleg trudd på det beste i mennesket, trudd på nytta av visdom, rettferd og moral. Han har vore optimist, og trudd det er mogleg å skape fred i Midtausten.

Denne draumen om fred har dagleg blitt skoti og sprengd i filler på fjernsynsskjermane våre. Jostein har til slutt sett så mange sprengde hus og døde barn at han har mista trua. Og når draumen om fred raknar kan ein ikkje skulde på humanismen, då kan ein berre skulde på menneska. Nokon må ha skulda! Israel! Tenkjer den skuffa filosofen.

Lat oss heller innsjå det: Glaset er halvtomt! Det er ikkje fred i Midtausten! Sjølv om det kan vere våpenkvile nett no, er det ikkje fred, for våpenkvile er noko anna enn fred. Før Israel gjekk til åtak på Hizbollah i sommar var det heller ikkje fred. Faktisk har det ikkje vori fred i Midtausten etter 1948. Rettnok har det funnest område der det i periodar ikkje har vori kamphandlingar, noko som for eit utrena auge kan sjå ut som fred. Men det var ikkje fred, berre ein litt stillferdig krig.

Vi bør vidare innsjå at det heller ikkje vert fred i Midtausten. Ikkje i vår levetid, og truleg heller ikkje i levetida til barna vore. Denne konflikten har no vart i 60 år, og den vil vare i 60 år til, 60 år etter det igjen, og enda lenger.

Tykkjer du dette er ille? Det verste er at alternativet til denne permanente krigen er verre. Alternativet til den permanente krigen er at den eine parten knusar den andre på ein slik måte at han aldri kan reise seg att. Alternativet til krigen er det avgjerande blodbadet. Lat oss håpe at vi slepp det, lat oss håpe at Jostein Gaarder ikkje får rett i profetiane sine. Lat oss håpe at krigen vert retteleg langvarig, for så lenge krigen varer ved, eksisterer framleis både israelarane og palestinarane.

Først når vi innser at denne krigen vil halde fram, kan vi gjere nytte for oss. Ved å redusere omfanget av krigen, heller enn å forsøke å skape ein utopisk, evig fred.

Kanskje klarer vi å skjøne det tragiske i konflikten: At begge partar på ein måte har rett. At begge partar gjer det dei meiner er rasjonelt og nødvendig ut i frå sitt eiget synspunkt.

Kanskje klarer vi å forstå korleis det kjennes å bli skote på og bombardert dag etter dag, og kva det gjer med humanisten i deg.

Kven veit. Kanskje går det an å finne ei løysing etter kvart, ei løysing som begge partar kan leve med.

Eg trur det ikkje. Men sjølv pessimistar har lov til å håpe.

August 2006