Magasinett

Synsingar

Utskrift

Synsing om synsing

Skrive av Lars Mæhle .

Det hender at folk stansar meg på gata og spør: Korleis er det eigentleg å vere synsing-forfattar?

Det er stor stas, sjølvsagt. Men ein gjer seg etter kvart opp visse erfaringar. Ikkje minst om kva andre synest om deg. For alle folk synsar villig vekk, og dét så snart sjansen byr seg. I dei mest travle periodane har eg dagleg mottatt e-postar med inn- og utfall om denne spalta. Både hyggelege og ikkje fullt så hyggelege. Eg er frimodig nok til å referere ein e-post i sistnemnte kategori:

”Hei du, Mæhle-mark! No har eg sett meg lei på ’synsingane’ dine. Ja, du leste rett: Eg skriv ’synsingar’ i hermeteikn. For innlegga dine er jo nettopp IKKJE synsingar, det finst ikkje noko synsete ved dei i det heile! Du fortel berre ’fikse’, små historier, eller det som verre er: skrøner og tullball! Du ville stroke til eksamen i norsk skriftlig med glans – du bommar rett og slett på oppgåva. Kvar gong! Kva vil elevane våre ved den vidaregåande skolen tru? Ein synsing-forfattar skal vere eit førebilete. Men du – som liksom skal vere ein proff synsar og alt muleg – har korkje respekt for eller kjennskap til sjangeren. Så dagens kaktus går til deg, unge Mæhle (for du er vel berre ein ung jypling – utan vyer og ryggrad – på toppen av det heile?). Skjerpings!”
Helsing frå anonym norsklektor i den vidaregåande skolen

Ja, ja. Slik er kvardagen til ein stakkars synsar. Og til deg, kjære norsklektor – og alle dykk
andre som har maila for å kjefte meg opp om dette – har eg følgjande å seie:

Eg skal jammen gi dykk synsingar!

Denne gongen handlar spalta nemleg berre om synsinga og dens utallige ansikt. For kva er det eigentleg vanleg å synse noko om? Kva er kjennemerka til synsinga? Kva er dens vesen – og uvesen? Eg vil rett og slett liste opp fire av dei mest vanlege kategoriane innan synsingar, for slik å kaste lys – eit bitte lite blitz-glimt – på denne viktige sjangeren.

Så les nøye no, ”norsklektor”! Dette vil nok stanse kjeften på deg, tenker eg.

1. Mobiltelefon-synsinga
Sjølve krumtappen blant synsingane. Alle synsarar med respekt for seg sjølve har skrive minst eitt innlegg om teknologiske nyvinningar generelt – og mobiltelefonar spesielt. Som oftast er synsaren her ein middelaldrande person som synest at alt – til og med datamaskinene – var betre før. Her er eit utdrag frå eit typisk innlegg i så måte, frå ”Torgeir (54), norsklektor” i Aftenposten 10.10.2004:

”I gamle dagar var alt så enkelt. Gjekk ein forbi ein person på gata som snakka høgt med seg sjølv, skjønte ein straks at vedkommande var gal. Punktum, ferdig med det. I dag er alt mykje meir komplisert. For i dag snakkar alle unge høgt med seg sjølv på gata. Av dette kunne ein trekke den forhasta slutningen at alle – absolutt alle – unge i dag er sprakande sprøe, kokkelimonke-bananas i skolten. Dette er sjølvsagt ikkje langt unna sanninga, men likevel feilaktig. Dei unge snakkar nemleg ikkje med seg sjølve, men i den teknologiske nyvinninga mobiltelefonen. Eg spør så: Korleis skal ein da kjenne igjen ein gal person på gata? Nei, takke meg til kommunikasjon per morsesignal, slik vi gjorde før i tida …”

2. Den politiske synsinga
Også veldig vanlig form for synsing. Har ein tendens til å toppe seg når det er val, samt når bensinprisane stig. Synsinga vil i sistnemnte høve ofte nærme seg ein undersjanger av Den politiske synsinga: Den politiske sutringa. Som her i klassisk form frå ”Helge (53), norsklektor” i Vi Menn 11.11.2004:

”Bensinprisane i dette landet er ei skam! Eg vil oppfordre alle til å stemme FRP, slik at bensinprisane vil gå ned – og vi får råd til å kjøre til Strømstad og hamstre elefantøl, spareribs og kyllingvingar – og deretter ralle rundt i gatene og lage spetakkel med minst éin unevneleg kropsdel hengande ut av bilvindauget.”

3. Livssyns-synsinga
I denne kategorien skal ein synsar trå varsamt. Her er det tær å tråkke på kvar enn ein snur seg og trampar. Like fullt skjer det gong på gong. Folk trur og meiner UTRULEG mykje om kva andre trur og meiner. Slik har det alltid vore. Og slik vil det alltid vere. Ikkje noko er meir ømfintleg enn spørsmål om religion (det måtte i så fall vere spørsmål om bensinprisar, sjå ovanfor). Og begynner du å rope i skogen om desse forholda, får du svar. Garantert. Her er eit klassisk livssyns-synsing-motinnlegg frå ”Kåre (61), norsklektor” i Dagen, 12.12.2004.

”Det var med stor undring eg las innlegget til ”Fredrik (55), norsklektor”, i Dagen, 10.12.2004. Her angrip han ”Albert (58), norsklektor” si oppfordring i Dagen, 8.12.2004, om bokstavtru tolkning av Bibelen. ’Skal ein ta Bibelen bokstaveleg,’ skriv ”Fredrik (55), norsklektor”, spydig-ironisk, ’måtte ein gå ut ifrå at Gud skapte universet på ei veke. Alle veit at dette er umuleg og ikkje i samsvar med vitskaplege fakta.’ Ja vel, seier no eg. Er det umuleg å skape eitt einaste, fattig univers på ei veke òg no, liksom? Gud er allmektig, eg seier ikkje meir.”

4. Norsklektor-synsinga
Norsklektorar er dei mest aktive av samtlige deltakarar på synsefronten. Og dei går ikkje av banen for å ta skitne knep i bruk. Nå nei, dei høgg til når du minst ventar det, og gjerne under pseudonym. I desse tilfella inneheld synsinga gjerne store dosar pirk, formaningar og verbale rapp med pekestokk. Kjennemerke ved den typiske norsklektor-innsendaren: 1) Mann i 50-åra. 2) Er kledd i anten busserull eller dongeriskjorte med skinnvest. 3) Har teikna livslangt abonnement av tidsskriftet Norsklæraren. Og apropos det: Her er eit klassisk innlegg i det nemnte tidsskriftet, skrive av ”Anonym norsklektor (58)”, datert 13.13.2004:

”Det var med stor undring eg las norsklektor Paul Børre (57) sitt innlegg i førre nummer av Norsklæraren. Her skriv han om rettskrivingsnormen av 1927, og kjem med dei mest latterlege, ja, nesten dubiøse konklusjonar. Eg siterer: ’Alle kjenner den gamle og kjære ordregelen ”Det er nok med ein k i nok”. Dette var imidlertid ikkje sjølvsagt før rettskrivingsnormen av 1927. Før den tid heitte det tvert imot: ”Det er like mange k’ar i nokk som i kokk.” Kor enkelt ville ikkje dét vore å hugse? Eg vil herved slå eit slag for denne ordlyden. Skriv nokk med to k’ar heretter, folkens! Og ikkje gi dykk før skrivemåten festar seg og blir ei sanning.’ Sanning!? Ha! Dette er like sant som at Elvis er i live og er blitt norsklektor på planeten mars. Og: Er det noko feil med ”Det er nok med ein k i nok” òg no plutseleg? Jommen sa eg smør. Full skjerpings, Paul Børre! Dette var eit norsklektor-innlegg av simplaste sort.”


Der tenker eg. No blir det stilt i e-postkassa ei stund framover. Og neste gong kan eg atter skrive ei synsing som ikkje er ei synsing. For synsingar følgjer alltid ein formel. Det er noko alle veit. Og det kan vere lærdommen for denne gongen.

Oktober 2006