Magasinett

Synsingar

Utskrift

Kom deg ut!

Skrive av Ragnfrid Trohaug .

Eg prisar meg lykkeleg for at eg stakk då eg var seksten. Alle bør stikke då, verda finst ikkje i eit gjennomsnittleg, norsk utkantklasserom.

Eg voks opp utanfor ein middels stor norsk småby. Vi hadde sentrum, ”uttaførr sentrum” og ”bøgda”. Sjølv budde eg ”uttaførr sentrum” i ein livskraftig bydel der foreldra våre hadde brukt mykje fritid på å lage korps, fotballag, kor, framlag, speider og slalåmløype. Dette ”uttaførr” var mitt sentrum: Eg sparka fotball (noko eg gjer framleis), var i framlag, dansa leikarring, spelte teater, stod på ski og hang av og til på Ola-kiosken.

Eg var innafor, det var her eg hørte til, og dette var sentrum i universet til eg kom i fjortenårsalderen. Då kjente eg ei lengt, ei lengt etter større perspektiv, ei lengt etter å diskutere andre spørsmål, ting som hadde med verda å gjere, refleksjonar som strekte seg lenger enn til byen. Eg kjente eit håp om at folk rundt meg ein dag kunne ha andre tankar i hovudet enn korleis dei kunne kjøre foreldra sin bil lydlaust ut av garasjen og råkjøre på landevegen.

Då eg skjønte at der ute ein stad fanst det folk på min eigen alder som også var interesserte i å diskutere apartheid, ungdom som hadde kjent raseskilje på kroppen, jamnaldringar som likte å lese bøker, lage mat ein aldri har laga før, prate om andre ting enn kven som klinte med kven utanfor Ola-Kiosken på fredag, då begynte eg å lengte. Med eitt forstod eg at staden eg budde på hadde grenser, at det andre stader faktisk var greitt å kome fra ein heim med leksikon og bøker i alle rom, bortsett frå på do, at det der ute, utanfor småbyen i utkanten, fanst ungdom på min alder som også likte å lære, som hadde andre ambisjonar enn å lære seg å inhalere eller å kome på A-laget. Eg kom på A-laget, idrettsdelen av meg var heime, men den andre, den nyfikne skoledelen låg heilt brakk. For det var ikkje kult å vere skoleflink og nyfiken på den store verda på ungdomsskolen der eg gjekk. Stort betre var det ikkje på den lokale vidaregåande skolen.

Eg blei påmint mi eiga ungdomstid då eg las Dagbladet Magasinet på laurdag. Dei skreiv om alle samfunnstoppane og synlege sanfunnsaktørane som hadde gått på Katta, Oslo Katedralskole. Her hadde dei stifta kjennskap og vennskap, og no er dei politikarar,  skodespelarar, reklamefolk, journalistar, og professorar. Det slo meg som blodig urettferdig at på grunn av geografisk plassering og familiebakgrunn har desse menneska funne saman, inspirert kvarandre og sitt no i posisjonar. Det slo meg at desse Kattaungdommane har fått lov til å vere i eit inspirerande skolemiljø der det er lov til å synest det er bra å lære. Det er det mange norske vidaregåandeelevar som ikkje får lov til i dag.

Du som les dette (eg lurer verkeleg på kven du er) bur neppe i nærområdet til Katta i Oslo, du bur sikkert ”uttafør sentrum” som eg gjorde. Og du tenkjer: - Etter vidaregåande blir det betre, på høgskolen, på universitetet, der er det lov til å like kunnskap og å vere nyfiken på verda.
Eg seier: IKKJE VENT SÅ LENGE! KOM DEG UT!. Eg søkte plass og stipend og hamna på  verdsgymnaset Atlantic College,Wales, etter å ha gått eitt år på vidaregåande i Norge. Det er klart ein klarer seg fint i verda om ein ikkje går på United World College, det er ikkje det einaste saliggjerande. Like klart er det at ein slik skole utvidar hovudet, horisonten og deg. Det var sikkert nokre av medelevane mine i Wales som hadde tjuvkjørt foreldra sin bil, men like sikkert var det at det var elevar frå heile verda, ungdommar som voks opp i SOS-barnebyar, middeleuropeisk middelklasse, russiske mattegutar, norske handballjenter, broren til bestevenninna til Kronprinsesse Victoria, og alle var vi interesserte i det same: bli kjent med andre ungdommar frå andre land og vere i eit skolemiljø der det er lov til å utbryte i ein litteraturtime: - this play is great! Let´s put it on!

Verda utvida seg plutseleg for meg, eg gjekk i klasse med ein som i byrjinga ikkje ville ha kvite venner, fordi far hans var skutt og drept av apartheidregimet i Sør-Afrika. Eg blei kjent med katolske C. som hadde gått på pikeskole heile sitt liv og som kunne flytande latin, men ingenting om forplantingslære. Eg diskuterte demokratiomgrepet med italienske Andrea til eg blei blå i ansiktet, han meinte at Italia trong ein diktator for å hamle opp med mafiane, og eg hørte nyfikent etter når japanske Fumiko forklarte meg korleis gutar og jenter var saman i Japan. Eg kom rett og slett på på ein vidaregåande skole som handla om meir enn berre A-laget og Ola-kiosken. Det er eg uendeleg takksam for.

Klart eg hadde overlevd om eg hadde gått tida ut på den vidaregåande ”uttafør sentrum”, klart det. Kanskje hadde eg til og med studert dei same faga og fått same jobb. Men eg hadde vore ein annan meg. Og alternativet eg fekk var berre så mykje betre.

Akkurat no har går norske elevar i vidaregåande alder på UWC-skolar i Fjaler, Norge,  Wales, Italia, India, Hong Kong, Costa Rica, Usa, Canada, Swaziland, Singapore.

Neste år kan det vere deg. For det handla om verda, den du ikkje bør gå glipp av.

September 2006