Magasinett

Synsingar

Utskrift

Du er vidare!

Skrive av Jon Peder Vestad .

Har du hørt at ein artist er vidare eller at ein børskurs er ned?

Idol-programma har sikkert gitt nasjonen nokre nye songstjerner, og eg trur også at Idol var det som spreidde seiemåten «NN er vidare». På nrk.no las eg for eksempel at «Liverpool er videre i mesterligaen etter en vanvittig kamp mot Olympiakos», og her ville vi for nokre år sia ikkje vore i stuss om at Liverpool går vidare. Same typen formulering har vi i at «kursen er opp/ned» i børsmeldingar.

Å vere er eit verb som uttrykkjer ein tilstand, medan gå syner handling. Det er eitt argument for å velje det siste verbet, men det avgjerande er at formuleringa «NN er vidare» er ufullstendig. Det vil seie – mange av oss oppfattar henne som ufullstendig, fordi vi ikkje er van med denne måten å ordleggje seg på. Vi kan lese inn eit utelate ledd i dette uttrykket, men alt som er utelate må tolkast inn, og det kan hemme forståinga av ei sak. Ikkje at det er så fatalt i akkurat dette tilfellet, men det er verdt å hugse på. Formuleringar som «du er videre» må reknast for sjargong i eit bestemt miljø, og det er korkje korrekt eller spesielt kreativ språkbruk. Det same vil eg seie om «kursen er opp» også. Men i visse miljø er slik språkbruk heilt innarbeidd, og da kan det vere lett å adoptere slik sjargong, både bevisst og ubevisst. Sjargongen er heilt grei i eit bestemt miljø, men kan vere uforståeleg for oss som står utafor.

Slik er det her: «Mike Rupp scoret ett og hadde to assister» las eg i ein artikkel om idrett. Det er mogleg at «assist» er så vanleg i sportskretsar at det ikkje treng forklarast, men det finst nok mange som ikkje har noka klar oppfatning av kva ordet tyder. Om ein hadde forklart ordet indirekte i teksten, ville informasjonen nådd også meg.

 «Men det å markedsføre et teater er noe annet enn å markedsføre smør, påpeker Erik Årsland, infosjef ved Oslo Nye.» Jaha, vi veit jo alle kva ein infosjef er og kva Oslo Nye er, vel? Nei da. Her har vi to tilfelle av fagsjargong. Årsland er sannsynlegvis informasjonssjef, og han er tilsett ved Oslo Nye Teater. Barne- og likestillingsdepartementet fortel i ei pressemelding at  ungdom skal få «reell innflytelse». Vel, anten har ein innflytelse eller ikkje. Det blir fortalt om ei ny handbok for ungdomsråd med «tips, eksempler og fremgangsmåter som skal gjøre arbeidet morsommere, mer spennende og gi ungdom innflytelse». Oj, så gøy! Nokre eksempel hadde gjort seg. Og når eg les at tre av fire kommunar har ungdomsråd eller liknande «innflytelsesorgan», så er ungdom neppe målgruppa …

Desse eksempla på internspråk treng ikkje nødvendigvis øydeleggje for formidlinga. Men samstundes kan bruken av fagsjargong eller gruppespråk at dette ikkje er noko for alle, men for visse utvalde som kjenner kodane. Det er svært irriterande for folk å merke at dei blir stengde ute. Derfor bør ein forklare omgrep som kan verke interne, slik at flest mogleg kan forstå det som er sagt eller skrive.
13. november 2006