Magasinett

Synsingar

Utskrift

Tidstjuven

Skrive av Jon Peder Vestad .

Døgnet har 24 timar. I om lag ein tredel av desse timane burde vi helst sove. Nordmenn søv mindre enn ein del andre folk. Vi bruker også media meir enn mange andre. Media er ein tidstjuv.

”Mediepanikk” kallar vi det når eit eller anna som har med media å gjere, blir rekna som skadeleg. Ein gong i tida meinte somme at fargefjernsyn var skadeleg, så var det video som ikkje var bra, før dataspel og ”drittsekk-tv” (reality-program) vart stempla. Mediepanikk kan komme av ein generell skepsis til media, at meiningar blir at forveksla med fakta, eller at forskingsresultat blir tolka feil. Bak ligg det nok ei oppfatning av det nye og ukjente som noko  trugande – ei slags føre var-haldning. Meininga bak kan vere god, men kritikken blir for ugrunna og enkel.

I det siste har eg lagt merke til at enkelte synest norske ungdommar bruker for mye tid ved skjermen. Somme vil kanskje tolke det som eit utslag av mediepanikk, men eg er ikkje sikker på om det stemmer. Eg skriv at folk bruker for mye tid ved skjermen, og det viser til mange typar mediebruk. Det er snakk om gammaldags fjernsynssjåing – og tida brukt på det, går ned. Det er tid brukt til dataspel og til å sjå filmar, tid til å lese nyheiter eller finne opplysningar på nettet, surfe, chatte osv. – det vil seie mediebruk som fyrst har vorte mogleg dei siste åra. Og når ein sit ved ein skjerm, kan ein ikkje bruke den same tida til å vere aktiv i idrett og organisasjonsliv, til å kose seg i naturen eller ... Ja, kva var det folk eigentleg gjorde før fjernsynet kom, eller Internett? Det kan vere dagens spørsmål! Uansett: Saman med feit og usunn mat gjer timane framfor skjermen for mange, unge og andre, for kraftige rundt livet. Det er ikkje media sin feil, men det er eit utslag av eit passivt, usunt levesett.

Noko av kritikken mot mediebruken som vi stadig vekk møter, er nok meir for mediepanikk å rekne. Eg tenkjer fyrst og fremst på åtvaringane mot chatting og kritikken av diskusjonsforum, ja, mobbing via tekstmeldingar for den del. Her må vi skilje mellom mediekanalane og kva enkelte bruker teknologien til. Det er til dømes ikkje chatting som fenomen det er noko gale med, men at nokon ikkje oppfører seg som folk. Det same gjeld uthenging av folk på diskusjonsforum og mobbe-meldingar: Her er det snakk om dårleg folkeskikk. I grunnen er eg overraska over kor mye fælt folk kan ha ut av seg når dei kan vere anonyme eller halv-anonyme. Iallfall chatte- og diskusjonsforum burde kunne ha vaktarar som redigerer vekk overtramp og stengjer datamaskinene som blir brukt til skitkasting ute frå  desse foruma. Det er mogleg om ein vil, men vi ser at til dømes ein del nettredaktørar ikkje vil gå inn og vere redaktørar av diskusjonsforum. Grunnen er at det er så arbeidskrevjande. Men da burde dei kanskje ikkje ha diskusjonsforum i det heile?

I seg sjølv er det positivt at folk chattar og diskuterer. Ein kan få nettvenner og halde kontakt med gamle venner, og det er bra. Mye av dagens mediebruk er sosial, han fører folk saman. Denne typen mediebruk ”stel” dermed ikkje tid frå samtaler og positiv vennekontakt, men har altså berre ei anna form enn samvær ansikt til ansikt. Men som med all annan menneskeleg kontakt, så må ein oppføre seg ordentleg. Og som med all annan mediebruk, så kan det bli for mye av det gode. For media tek uansett tid som kunne ha vorte brukt til noko anna. Sjølv er eg storforbrukar av ulike typar medium, og eg prøver å vere bevisst. Eg orkar ikkje bruke av tida mi på noko som ikkje gjev meg noko, anten det er underhalding, dokumentarar eller nyheiter. Ja, er det eigentleg ei nyheit at ditt eller datt har skjedd med ein kjendis?

Og medan eg skriv dette, ser eg ungdommar som leikar seg i snøen. Dei saknar sikkert ikkje dataspel eller chatting akkurat no. Men om det hadde pipt i ein mobil, hadde nok leiken stoppa ein augneblink, vil eg tru.

30. januar 2007