Magasinett

Synsingar

Utskrift

Ei uskyldig blokk med gule post-it-lappar

Skrive av Lars Mæhle .

Ein dag for ikkje lenge sidan, da eg rusla forbi 7-Eleven-kiosken på veg til jobb, slo følgjande framside i Dagbladet mot meg: «SVINDLER uten skrupler.» Jøss? tenkte eg. Er det sant? Og vidare meldte spørsmåla seg: Kven svindlar? Og ikkje minst: Kven svindlar utan skruplar? Eg kjøpte sjølvsagt avisa. Eg er lettlurt, og det blir ikkje betre av at eg veit eg er lettlurt. Så sit eg der da og begynner på svindel-artikkelen. Kva handlar dette om da, tru? Jo da. Her bruker Dagbladet to fulle sider på å fortelje oss, og da må det vel vere viktig, at nordmenn tuskar og triksar med forsikringane sine. Og ikkje nok med det: Nordmenn blir stadig meir fantasifulle når det gjeld å utnytte godar i samband med jobben. Står det i Dagbladet.

Eg merker det plutseleg, korleis adamseplet klatrar oppover halsregionen. Eg tenker på den gongen … ja, DEN gongen, ja! Det er på tide å gjere opp for seg, eller «It’s payback time» som Sylvester Stallone ville formulert seg. Ja, eg må nytte høvet no og lette dette mørke, mørke samvitet mitt.

Så derfor, her er ei tilståing:

Det har seg nemleg slik at eg jobbar i eit forlag. La oss kalle det forlaget X. Her er det slik at vi kan hente pennar, viskelêr, konvoluttar og anna kontorrekvisita på lageret når vi er i beit. Desse hjelpemidla bruker vi jo i arbeidet vårt – kvar time, kvar dag – ja, dei er så å seie sjølve grunnlaget for å meistre ein kontorjobb. Vi skriv og vi viskar og vi sender brev. Stadig vekk. Det er ikkje måte på kor stort forbruk vi har av kontorrekvisita.

Men så: Ein gong for eit par månader sidan stakk det ein djevel i meg. Eg sneik fem blokker med gule post-it-lappar med meg heim frå jobben. Eg venta med fullt overlegg til ingen såg meg. Og så – vips! – glei blokkene med post-it-lappar umerkeleg ned i sekken. Desse ville vel ikkje arbeidsgivaren min sakne, tenkte eg. Dei har jo uendelege mengder med post-it-lappar på lageret. Og SÅ mykje kostar dei trass i alt ikkje. Eg lo samvitet mitt rett opp i ansiktet: HA-HA! lo eg. Dette er den enklaste sak! Dette fortener eg! Ingen vil merke noko!

Vel heime glømte eg desse blokkene ei stund. Så, litt seinare på kvelden, da eg henta fram sekken, lyste dei mot meg. Fem blokker. Gule post-it-lappar til forbruk i minst eitt år. Det merkelege var, at eg kjente inga glede over dei lenger. Nei, eg kjente tvert imot at det stakk til der nede i magen. Fem blokker var brått litt mange, tykte eg. Eg kunne jo klart meg med fire, ja, kanskje tilmed tre. Fem var litt i overkant, liksom. Kor mange post-it-lappar trengte eg, eigentleg? Skulle eg sitje her i heimen og øydsle med post-it-lappar, skrive ned kvar minste idé som sprang meg i hovudet – og etterpå klistre dei rundt på kvar einaste ledige kvadratcentimeter i leilegheita?

Fem blokker! Du verda. Og no, kjære vener, no meldte min gamle uven samvitet seg straks til teneste. Eg blei meir og meir bleik om nebbet, der eg satt i sofaen. Herregud, eg var jo ein simpel tjuv! Eg hadde rett og slett stole. Eg hadde synda mot eit av Guds bod, eg hugsar aldri kva for nummer, men same kan det vere. Det som var meir enn sikkert, var at no kom straffa: Kroppen visna sakte, hendene mine – dei same hendene som hadde utført udåden – hang slapt ned i sofaen. Dei fem blokkene med post-it-lappar lyste mot meg.

Fem blokker!!! Kva skulle eg med fem blokker!!! Det var reinaste overfloda, plutseleg. Eg trengte ikkje meir enn toppen ei, og knapt nok dét om eg skulle vere ærleg. Kva skulle eg eigentleg bruke alle desse lappane til? Handlelister, ja vel, men bortsett frå det? Og: Kunne eg ikkje bruke ein papirlapp i staden? Kunne eg ikkje rive eit ark i tjue delar – og slik sikre meg minst like gode handleliste-lappar som post-it-lappar, nesten gratis?

Eg kunne rett og slett ikkje bruke post-it-lappane. Det innsåg eg raskt. Eg ville få dårleg samvit berre av å skrive på dei. Og kven veit: Viss ein først begynner med post-it-lappar, kvar vil det ende? Kva blir det neste? Viss ein tolererer post-it-lappar, held det snart fram med pennar. Og deretter er ikkje vegen lang til viskelêr. Og konvoluttar. Og – Gud forby! – permar. Strekker ein seg først over ei etisk grense, er det vanskeleg å stanse. Snart naskar du i butikken. Snart svindlar du med forsikringa, og dét utan skruplar. Og om ikkje mange månadene sit du bak rattet i ein ransbil – og grunnar på kven fyren med lusekofte i setet ved sidan av er.

Men veit du kva det verste var? Jo, eg tok sjølvsagt med meg blokkene med post-it-lappar tilbake på jobben. Eg la dei (i skjul) tilbake til plassen sin i lagerhylla. Alle fem blokkene … så nær som ei. Ei blokk med gule post-it-lappar ligg framleis heime hos meg. Den er urørt. Plasten er på. Eg har ikkje skrive så mykje som ein bokstav. Men blokka ligg der som ei påminning om kor langt utpå skråplanet ein kan hamne …

 


PS: Heilt til slutt ein konkurranse: Kven fann eigentleg opp post-it-lappen? Send svaret ditt til underteikna, Gyldendal Norsk Forlag, PB 6860 St. Olavs plass, 0130 Oslo. Alle som svarar, får ei gratis blokk med post-it-lappar! (Eller så langt lageret rekk!)

28. februar 2007