Magasinett

Synsingar

Utskrift

Den store tepose-bløffen

Skrive av Lars Mæhle .

Det skal handle om dei små bagatellane i kvardagen. Igjen. Men det er eit faktum: Enkelte engasjerer seg meir i små ting enn i store.

Mange vil nok hevde at dette er eit teikn på at vi lever i eit overflodssamfunn. Mange vil seie at dette betyr at vi ikkje bryr oss om dei viktige problema i tilvera – td. naud, fattigdom, krig, svolt, miljøvern, Nord-Sør-konflikten, den skeive fordelinga av gode. Ja, mange vil rett og slett meine at overflod gjer oss overfladiske, og at vi derfor må konstruere grunnar til å sutre ut frå dei bitte små problema vi balar med.

Eg veit dette. Sjølvsagt gjer eg det. Likevel klarer eg ikkje å la vere: Eg irriterer meg over småting, og innrømmer glatt at bitte små fjaseri har ein lei tendens til å skygge over mykje viktigare tema. Men som vi skal sjå: Det ligg gjerne større perspektiv også i dei vesle kvardagsproblema. Det er dette dei høgmoralske forstå-seg-påarane mistar av syne. Det ligg mykje god konspirasjon i detaljane. Fleire enn Michael Moore har fått erfare nettopp det. Så hald deg fast i sofaen no, kjære lesar. Denne gongen vil eg rette eit kritisk søkelys mot:

Lipton tepose-fabrikk.

For på tefronten har det sanneleg blitt utretta saker og ting i det siste. Rettare sagt: Det har skjedd eit aldri så lite tepose-kupp i det stille, og dét utan at vi – forbrukarane – er blitt tatt med på råd.

Eg tenker sjølvsagt på dei nye pyramide-teposane. Eg tenker på dei upraktiske, uestetiske og
komplett ubrukelige nye pyramide-teposane. Desse har tatt over for dei gode, gamle teposane, eller det har i alle fall skjedd i dei nye tepakkane frå Lipton. Eller teposar? Pøh! Jommen sa eg teposar! Dei er ikkje gode for noko helst, desse nye, krøkkete innretningane.

Og kvifor er dei så ubrukelege? Jo, for å sleppe hovudpoenget ut av sekken med det same: Det er nesten umuleg å presse vatn ut av pyramide-teposane med ei teskei. (Legg her merke til ordet ”teskei”. Omgrepet viser sjølvsagt til at det er ei skei som blir brukt i samanheng med te. Det hadde du vel ikkje tenkt over før? Men no, etter at pyramide-teposane har tatt over, må ein jo faktisk slutte å bruke ordet ”teskei”, sidan skeia ikkje lenger kan brukast til te!)

La meg få utdjupe påstanden. For: Med dei gamle teposane var dette lett. Du surra teposen rundt teskeia, drog i tråden – og vips! – der rant vatnet ned i koppen. Såre enkelt. Etterpå la du teposen på asjetten din, utan at det blei noko meir søl og tullball.

Dette er så å seie umuleg med dei nye pyramide-teposane. Sjølve pyramide-forma er så ubegripeleg upraktisk, mens Lipton på si side skryt av at det er nettopp det den er: Pyramide-forma er kjempepraktisk! skryt dei. Du har aldri sett makan til nyvinning på tepose-fronten.

Eg tillet meg å le knusktørt her. Ha-ha-ha! For alle veit jo at det er umuleg å surre ein pyramide-tepose rundt ei teskei (i alle fall utan å brenne seg på fingrane). Og etterpå blir dei liggande å lekke vatn på tallerkenen, slik at brødskivene dine blir gjennomtrekte av tevatn. Det er noko klumpete og upraktisk, ja, nesten usympatisk i pyramide-forma frå naturens side, og viss ein først skulle bruke pyramiden til tepose-formål, måtte ein i det minste hatt TO TRÅDAR, ein på kvar side, slik at ein kunne trekke i begge trådane – og vips rant vatnet ned i koppen.

Slik er det ikkje. Sjølvsagt er det ikkje det.

Det er nesten så ein må stoppe opp og spørje seg: Kva har Lipton tepose-fabrikk eigentleg tenkt?

Ved første augekast kan svare virke å vere: Ingenting. Dei har ikkje tenkt i det heile. Eg var i ferd med å slå meg til ro med dette. Men så blei forbrukaren i meg mistenksam. Var den nye pyramide-forma rett og slett lureri frå Liptons side?

Tenk litt meir på det: Pyramide-teposane blir framstilte som noko nytt, ei nyvinning og eit steg framover i tepose-utviklinga. Men sanninga (og her bygger eg på empirisk testing frå mang ein søndagsfrukost) er at dette tvert imot representerer eit steg bakover.

Lipton går eit steg bakover, men lurer oss til å tru at vi går framover.

No er vi over i FBI-landskap, men det får så vere. Eg vil til botnar i dette. Og eg vil no minne om eit sjølvsagt poeng. For: Du har sikkert gått i butikken og sett at det står ”nyheit” på omtrent alle varer. Dette er fordi alle produkt er avhengige av å fornye seg for å halde fram å selje. Eller dei må i det minste innbille kjøparen om at noko er nytt og forbetra ved vara – noko som i neste instans fremmar impulskjøp. Ta ein kikk på tannpasta-tubene eller ansiktskremane i butikkhyllene – og påstanden er i boks. ”Nyheit! No med prosultamin H,” ropar dei mot oss, desse varene. Eller: ”Fjern rynker (og resten av huda) med bimsalasim-Y-sulyfat.” Og så vidare.

La oss så spole nokre år tilbake. La oss sjå for oss at leiargruppa i Lipton tepose-fabrikk har strategimøte. La oss innbille oss at vi er fluger på veggen – og kan høre alt dei seier:
 
Leiar 1: – Dei gamle teposane sel dårlegare enn før.
Leiar 2: – Og Twinings har vunne marknadsandelar.
Leiar 3: – Ja, her er ein ting klinkande klart! Vi treng eit nytt konsept!
Leiar 1: – Kons…?
Leiar 3: – Konsept! Eit ord vi ikkje veit kva betyr, men som vi bruker om alt.
Leiar 1: – Ja vel. Da treng vi nok eit nytt konsept, ja.
Leiar 2: – Men kva?
Leiar 3: – Vi hyrer eit reklamebyrå og bruker ørten millionar kroner. Så kan dei finne eit nytt konsept for oss!
Leiar 1: – Ja, det var jammen lurt!
Leiar 2: – Ei kjempeplan!

Og dermed hyra Lipton eit reklamebyrå for å finne eit nytt konsept, med andre ord noko dei ikkje skjønte kva betydde. Og dermed kom reklamebyrået nokre månader etterpå og presenterte (ved hjelp av fancy powerpoint-presentasjonar der frekke illustrasjonar kom susande inn frå høgre og venstre og i det heile tatt) ideen sin for leiargruppa på Lipton tepose-fabrikk. Etter fem månader og sju millionar kroner i konsulenthonorar hadde dei knekt ut følgjande genistrek:

Lipton må lage ny form på teposane sine!

Her fikk leiargruppa valet mellom:
a) ein rombe-tepose
b) ein oval tepose
c) ein pyramide-tepose

Stilt ovanfor desse tre alternativa, er det lett å skjøne at leiarane blei freista til å velje pyramide-teposen. Eg meiner, ”ein rombe-tepose”? Alle skjønte at den skuta ikkje kunne segle. Dei valte det beste av tre onder – og brukte nye ørten millionar kroner på å prosessforbetre og implementere konseptet (viss du ikkje skjønar kva desse orda betyr, så trøst deg meg at det gjer ingen andre, heller, sjølv om sjefar i firma verda over nyttar dei heile tida). Slik var dei villige til å bruke vanvitige pengesummar – og la utviklinga ta eitt steg tilbake – berre for kunne skrive ”Nyheit! No med pyramide-tepose!” utanpå pakka med te.

Og nokre år etter sit du, te-entusiasten, der og irriterer deg over ein komplett ubrukeleg tepose. Dermed har eg vel bevist ein gong for alle at djevelen ligg i detaljane.

Så tenk deg litt om neste gong du kritiserer nokon for å la dei store problema i tilvera segle sin eigen sjø. Du sit der vel på din høge hest og drikk kaffi, likevel. Men la oss andre i alle fall få tumle med vårt. Små ting kan vere viktigare enn du trur. Dessutan kan dei virke stimulerande for fantasien, har eg hørt.
26. mars 2007