Magasinett

Synsingar

Utskrift

Da Se og Hør ville ha meg som tystar

Skrive av Jon Peder Vestad .

     - eller: Eg kyssa aldri Sissel
   
I vinter kom boka ”En helt vanlig dag på jobben”, skriven av Håvard Melnes. Det er ei bok eg er glad for å ha lese, men det gjorde også vondt å lese boka, så kvalmt er mye av det Se og Hør driv med. Boka vekte også minnet om da eg sjølv vart spurd om å bli tystar for Se og Hør.

Eg arbeidde i ungdomsredaksjonen i NRK radio nokre år. Ein dag fekk eg telefon frå ein journalist eg kjende litt, men ikkje betre enn at eg vart overraska over at han ringde meg. Vi snakka litt laust og fast, og så kom spørsmålet:

- Betalar godt for kvalifiserte tips
- Det skjer ikkje noko spennande oppi NRK om dagen, da? Eg ante kva som låg bak, og svarte som sant var at eg hadde vore bortreist ei tid. - Ja, folk skil seg vel, der også, og det blir vel nokre nye par? - Jau, det gjer det sikkert, svarte eg, så rundt eg kunne. Han gav seg ikkje: - Ja, du veit vel at vi betaler godt for kvalifiserte tips? Da sa eg at om eg visste noko, ville eg iallfall ikkje fortelje Se og Hør om det. Samtala enda, og han ringde meg aldri att.

Forsøket på å få meg til å bli tipsar – les: tystar – for Se og Hør i NRK var mislykka. Men bladet har hatt hell med seg hos andre, tydelegvis. Dette er problematisk av fleire grunnar. For det fyrste er det forkasteleg å få nokon til å fortelje om privatlivet til kollegaer til organ som Se og Hør. Privatliv er privatliv, ikkje noko offentleg. Og om nokon vil fortelje om liva sine, får dei gjere det på eige initiativ. Håvard Melnes fortel blant anna at Se og Hør samlar på all verdas rykte og tips om kjende menneske, for ein dag kan dei komme til nytte. Den nytta kan vere som pressmiddel – stiller du ikkje opp for oss, har vi ei mindre hyggjeleg historie om deg som du sikkert ikkje vil like å få på trykk ...

Judaspengar og ”journalistikk”
Det andre poenget mitt er at pengar (eller andre gåver) blir brukt som verkemiddel – les: judaspengar – for å få nokon til å sladre om andre. Her snakkar vi ikkje om vanlege tusentips, men om større summar for å få fram noko som offentlegheita ikkje har krav på eller behov for å få vete noko om. Det er ikkje tipspengar for saker som hører inn under det journalistiske oppdraget som vaktbikkje i samfunnet.

Det tredje ankepunktet mitt er at den verksemda Se og Hør-tilsette og andre driv med i tilfelle som Håvard Melnes fortel om i boka si, blir kalla journalistikk. Det ser ut som journalistikk, ja, arbeidsmåtane kan nok i mange tilfelle vere like, men journalistikk er det ikkje. Eg har ikkje ord for det ....

Det eg har skrive her, er ikkje oppsiktsvekkjande på nokon måte. Korkje det at eg vart kontakta av Se og Hør, eller kva eg meiner om denne typen ”journalistikk”. For somme vil det kanskje vere av større interesse å lese om Sissel og meg. Her kjem den sanne historia:

Eg kyssa aldri Sissel
Det er sjølvsagt Sissel Kyrkjebø eg tenkjer på, henne har eg aldri kyssa. Men ein gong i tida var det ikkje heilt utenkjeleg, sett frå mi side, så klart.
Det hadde seg slik at bror min, Åsmund, og eg hadde ein konkurranse om kven av oss som fyrst fekk klem av Sissel Kyrkjebø. Dette var vel i 1990 eller 1991, lenge før Sissel hadde begynt å interessere seg for ein halvgammal dansk-amerikanar og bli skild frå han. Det var før ho var verdsstjerne, men ho var riksstjerne med ukylds-image.

Åsmund arbeidde for Orkidé-kampanjen, ein aksjon mot narkotika. I samband med arbeidet møtte han Sissel nokre gonger, og syntest ho var ei ”klembar” jente. Eg likte henne au, sjølv om det ikkje var heilt god tone i dei svartkledde krinsane eg vanka i å seie det. Sjølv arbeidde eg som journalist i NRK, og intervjua ikkje så sjeldan kjendisar. Den største av dei, iallfall på ein måte (ok, to), var den italienske syngjedama Sabrina. Iallfall så fann Åsmund og eg ut at vi skulle konkurrere om kven det var av oss som fyrst fekk klem av Sissel Kyrkjebø. Det var jo ikkje heilt umogleg at det kunne skje oss båe, det var berre å vente til anledninga baud seg.

Lenge skjedde det lite. Åsmund møtte som nemnt Sissel, men utan å få klem. Sissel skulle ikkje til programmet vårt, og eg møtte henne ikkje. Så skjedde det noko, Åsmund fekk eit kyss av Karoline Krüger, venninna til Sissel. Det var i samband med at Åsmund stilte opp på eit val på handelshøgskulen i Bergen, og pikekyss på scena auka visst sjansane til å bli vald. Ok, med det kysset leia Åsmund, eit kyss (sømmeleg, så klart) frå Karoline var omtrent på linje med ein klem frå Sissel. Så kom Sissel med plate, og sjølvsagt skulle ho intervjuast i ungdomsprogrammet vårt også - det meinte nå iallfall eg. Og det skjedde, attpåtil hadde det seg slik at det var eg som fekk Sissel i studio. Jess!

Da eg skulle intervjue henne, tenkte eg så klart på om det ville bli ein sjanse til å få ein klem. Intervjuet gjekk greitt, vi var ferdige i studio, og eg skulle følgje Sissel ned i resepsjonen. Inga antydning til klem, nei, og eg var ikkje typen til å spørje om det for å vinne eit veddemål ... Vel nede i resepsjonen rekte eg fram handa til eit farvel, hennar hand møtte mi, og så la ho kinnet sitt inntil mitt. Oi! Klem frå Sissel, og det var ho som tok initiativet - eg vann! Men eg kyssa henne aldri.
13. april 2007