Magasinett

Synsingar

Utskrift

Gode råd når våren kjem

Skrive av Ragnar Hovland .

Våren er komen, fuglane syng i kvar ein busk, blodet brusar, og det er mange spørsmål som melder seg.

For det første: Skal du konfirmere deg? Svaret på det er sjølvsagt ja. Her kan det vere mange fine og nyttige gåver å hente (og eg skal ikkje rippe opp i kor skuffa eg var over min eigen konfirmasjon, fordi eg fekk så lite. Det hadde nok litt å gjere med at eg budde så avsides at ingen gadd å kome i konfirmasjonen.), og dei kan kome vel med seinare i livet. Dette kjem eg tilbake til.

Dersom du alt er konfirmert, er sjølvsagt dette ikkje lenger noko spørsmål, då kan du gå til neste, som er: Er det på tide å forelske seg og få seg ein kjærast? Her er det mange omsyn å ta, og det er ikkje noko eintydig svar. Å vere forelska fører mange plager med seg (i tillegg til visse gleder, det skal eg ikkje nekte for), og det går alltid utover andre ting. Og har du først fått deg ein kjærast, så kan det fort skje at du blir nøydd til å gifte deg, og då har du det gåande. Då må du setje deg ned og tenkje etter om du verkeleg er klar for det. For det første er det mykje du treng som du til no ikkje var klar over at du trong. (Og dersom du er gut kan du vere glad for at du bur i Norge. I mange land i verda er det harde krav til medgift når ein skal gifte seg, og svigerfamilien vil gjerne krevje at du t.d. har med deg ei geit. Og det er ikkje berre berre å få tak i ei geit når du treng ho som mest. Her kjem du ofte ikkje så langt med å søkje på internett.)

Men dersom du alt er konfirmert, og var fornøgd med utbytet, så ligg du alt i alt bra an. Då fekk du gjerne ei fin samling med serviettringar, og det er viktig når ein skal inn i ekteskapet. Folk vil gjerne dømme deg etter kvaliteten på serviettringane. Å vise at du har rikeleg med bestikk, helst av sølv, tel også på pluss-sida. Då kan du gjerne få mor di til å pusse det skinande blankt før du skal i møte med svigerfamilien. Likevel skal det ikkje leggjast skjul på at første møtet med svigerfamilien ofte er ubehageleg. Dei vil møte deg i døra, og stå der på rekke og rad og vurdere deg med alvorlege og til dels bistre miner. Dette veit eg. Dei vil alltid vurdere deg opp mot tidlegare kjærastar av kjærasten din, som dei synest det er trist at ho eller han gjorde det slutt med. Og nesten utan unntak vil dei synast, iallfall ved første augnekast, at dei tidlegare kjærastane var kjekkare enn du er. Kanskje hadde dei også rikare og meir kjende foreldre. Her er det viktig at du er ovanpå og ikkje lar deg skremme.

Du kan først prøve å bryte isen ved å vise fram det nypussa sølvtøyet du har med deg i ein bag, samtidig som du passar på å nemne at du også har ein del serviettringar. Dersom dette ikkje heilt har den verknaden du ønskte, får du stole på eigen sjarme. Ein munter og  avvæpnande replikk kan vere alt som skal til. Men dersom svigerfamilien er av det meir forherda slaget, og dersom du ikkje har nokon særleg sjarme å skryte av, så hjelper heller ikkje dette. Då får du berre håpe at alt ordnar seg likevel, som ved eit mirakel. Kanskje vil dei venne seg til deg.

Og uansett har dei ikkje så mykje val. Kjærasten din har no valt deg, meir eller mindre frivillig. Og dersom de har stelt dykk slik at de er nøydde til å gifte dykk, så har dei heller ikkje så mykje val. Dersom dei no set foten ned, må dei leve med skam, og det er det få som er interesserte i. Dei vil tenkje: Denne komande ektemaken til sonen/dotter vår verkar ikkje særleg lovande, men har vi eigentleg noko val? Vil vi heller leve med skamma? Nei, vi vil nok ikkje det.

Ja, våren er sanneleg komen, fuglane syng  og det er tid for både det eine og det andre. Det er bra å følgje dei vårlege kjenslene sine, men ein skal likevel ikkje alltid la impulsane ta overhand. Stundom kan det vere bra å tenkje seg om, eller høyre på folk som har vore ute ei vårnatt før.

 
19. april 2007