Magasinett

Synsingar

Utskrift

Vatn mot springflod

Skrive av Ola A. Hegdal .

Det høyrest rart ut, men vatn kan faktisk vere det som bergar oss frå den store springfloa.

Naturlegvis kan skeptikarane ha rett: Heile drivhuseffekten kan vere overdrive og ein del av dei naturlege svingingane i miljøet på jorda. Men slik det ser ut no, verkar det vettugt å leggje tvilen til side og setje i verk tiltak for å få ned dei menneskeskapte CO2-utsleppa.

For det som er temmeleg bombesikkert er at vi ikkje vil like jorda sin eigen metode for å kome i jamvekt. Dersom klimaet blir varmare og havet stig, vil det føre til at ein stor del av dei levande skapningane på jorda stryk med.

Dette fører rett nok til eit lågare utslepp av CO2, ettersom det er levande skapningar som står for hovuddelen av CO2-utsleppa på jorda. Då vil temperaturen på svært lang sikt gå ned igjen, slik at jamvekta blir gjenoppretta. Men for oss og alle andre levande skapningar er ikkje dette ein særleg freistande måte å oppnå økologisk jamvekt på, for å seie det mildt.

Sjølv om vi skulle klare å redusere utsleppa av klimagassar, vil nesten heilt sikkert den globale oppvarminga halde fram. Vi må difor både førebu oss på varmare klima og ei varig springflod, samstundes som vi gjer så godt vi kan for å kutte i utsleppa.

Då må alle yte sitt. Unge og gamle, rikingar og fattingar, i-land og u-land, alle må gi opp noko får å nå målet om å redde verda slik vi kjenner ho. Og det mest overraskande er at til og med naturvernarane må gjere sitt, ved å gje opp noko av det dei er gladast i: Dei må ofre kampen mot vasskrafta.

Kampen for frie elver og fossar har lenge vori ei symbolsak for naturvernarane, så til dei gradar at det minner om ei heilag ku. No har eg ingenting personleg i mot heilage kyr. Men når kua øydelegg vegetasjonen og borna døyr av svolt, bør kua slaktast.

I nyttårstala si i år proklamerte Stoltenberg at kampen mot global oppvarming er vår tids store oppgåve. Det er det lett å vere einig i. Men det er interessant å samanlikne denne nyårstala med ein Stoltenberg heldt for nokre år sidan, der han slo fast at tida for dei store vasskraftutbyggingane i Noreg er forbi.

Kanskje burde nyttårstalane til Stoltenberg tatt seg ein prat saman. Kanskje hadde dei kome fram til at den beste måten å verkeleggjere nyttårstala om global oppvarming, er å krølle saman og hive den gamle nyttårstala om null vasskraftutbygging.

Vasskrafta er nemleg ei fullstendig rein kraftkjelde. Vasskrafta gjer ikkje frå seg klimagassar eller avfall som må deponerast i tusenvis av år. Den gjer ikkje frå seg utslepp i det heile.

Vasskraft er ei fornybar energikjelde, og når vasskraftverket først er bygd, vil det gje oss rein kraft i all framtid, med eit minimum av vedlikehald. Til og med transporten av energien er basert på vasskrafta sjølv og er såleis rein, i motsetnad til ved, kol og olje som vi transporterer verda rundt med bilar og skip som og slepp ut klimagassar.

Best av alt er at gamle Noreg er breddfullt av bekkar og elvar og fossar, og nytt råmateriale til denne energien sildrar dagleg ned over oss i form reint, naturleg regn.

Lat oss innsjå det: Fossar og vassdrag er pynt. Elva er ikkje så mykje natur, som ho er symbol på den reine naturen. Etter at ei elv er lagt i rør, venner ein seg fort til den nye naturen og tenkjer ikkje noko særleg over det.

Kanskje kan vi til og med venje oss til å sjå det vakre i vasskrafta. Kven har sagt at store oppdemma innsjøar ikkje kan vere vene? I staden for å sjå på vasskraftverket som eit symbol på naturøydelegging, kan vi ikkje heller prøve å sjå det som eit symbol på den felles innsatsen for å berge jorda som ein planet å leve på?

Lat oss leggje elva i rør, for å sleppe den evige springfloa.

 
21. mai 2007