Magasinett

Synsingar

Utskrift

MOTTRO OM FEDRELANDET

Skrive av Linda Eide .

 Tast tast tast. (Ringjer Mottro)
MOTTRO: Ja?
MEG: Hei, det er meg.
MOTTRO: Å, er det deg?
MEG: Ja, og vel overstått!
MOTTRO: Med kva?
MEG: Når dette står på trykk har det nyss vore 17.mai, og i dag er det 8.mai. Store dagar for fedrelandskjensla må vita. Korleis står det til med di?
MOTTRO: Har aldri vore særleg interessert i 17.mai. Men me var jo glade i åra etter krigen, utan at eg hugsar så alt for mykje.
MEG: Men får du ikkje klump i halsen eller svulmande hjarte når flagget vaiar som friskast?
MOTTRO: Du overdriv alltid. Men altså, eg kan vel faktisk bli litt rørt når dei spelar nokon av fedrelandssongane. Men det er jo stort sett når sola skin og det er fint ver, då er det topp å syngja. Trur ikkje eg vert rørt i regn.
MEG: Sei ein song du vert rørt av i fint ver då?
MOTTRO: Har alltid likt gud signe vårt dyre fedreland.
MEG: Trur du på Gud då?
MOTTRO: Det har vel ingenting med det å gjera. Har aldri kopla den til Gud. Det er jo eit generelt ynskje om at det skal gå vel med landet.
MEG: Er du glad i landet ditt, då?
MOTTRO: Kva er det for eit spørsmål?
MEG: Kva føler du for Noreg!?
MOTTRO: Eg føler vel ikkje meir for Noreg enn eg ville følt for eit kva som helst anna land som eg hadde budd i heile livet.
MEG: Kunne du budd kvar som helst altså?
MOTTRO: Ja, det trur eg, berre eg slapp å bu i slummen.
MEG: Men kunne du dødd for fedrelandet ditt?
MOTTRO: Har aldri skjønt det der med at nokon dør for landet sitt. Det er vel dei ein kjenner og innbyggarane ein dør for, ikkje bakkar og berg.
MEG: Eller Kongen?
MOTTRO: Ja, kongen blandar dei jo inn der også.
MEG: Ville du heller dødd for meg enn for kongen?
MOTTRO: Ja, så klart. Men eg kan jo ikkje vita om eg ville dødd for deg heller. Eg kan jo trygt seia at eg ville gjort det, sidan det aldri vert aktuelt, men ein kan jo ikkje vita slikt før ein står midt oppi det.
MEG: Men kunne du blitt med gutta på skauen, om du skjønar.
MOTTRO: Nei, eg er ikkje modig nok til slikt. Men eg kunne gjort som kvinnfolka i England under krigen, jobba på fabrikk og laga krigsutstyr. Dei var jo veldig viktige for England
MEG: Men å spreia illegale aviser eller infiltrera fienden?
MOTTRO: Nei, eg er levande redd for tortur og alle slike greier. Har tenkt ofte på det der. Om eg kunne ha gjort det. Men eg veit at eg aldri hadde tort. Det verste må vera å aldri føla seg trygg nokon plass og ikkje kunne stola på nokon. Og aldri vita når det vil ta slutt.
MEG: Så du har tenkt på det?
MOTTRO: Klart eg har tenkt på det. Fru Fretheim var jo kurer. Men ho vart ikkje tatt altså.
MEG: Kva gjorde ho?
MOTTRO: Eg trur ho smugla lesestoff og beskjedar. Men ho var jo frå Oslo.
MEG: Ingen kurerar frå Voss?
MOTTRO: Var jo kanskje det, men trur ikkje det var mange. Du må hugsa at det berre er ein liten del av ei befolkning som har det motet som skal til. Det er jo difor diktatur kan vara så lenge også. Folk er redde og tør ikkje, og då innordnar dei seg.
MEG: Eg trur ikkje eg har to i meg til noko motstandsarbeid eg heller
MOTTRO: Nei, det har du nok rett i.
MEG: Du er grei, hada då.
MOTTRO: Ja, ja hada då.

18. mai 2007
Foto: Ragnhild Margretha Taranger