Magasinett

Synsingar

Utskrift

Famøse siste ord

Skrive av Arnt Birkedal .

«Famous last words» er eit ståande engelsk uttrykk. Med dette meiner dei det siste kjente folk seier før dei stikk, sloknar, vandrar heden, døyr.  
Nokon seier gjerne svære greier då, som om dei nett ser det lyset. Andre seier ikkje så mye. Nokon seier ting dei heldigvis ikkje får høve til å angra på. Her er nokre «berømte siste ord»:

«Meir lys!»
«Det er fullbrakt!»
«Eg har nett drukke 18 whisky, eg trur beintfram det må vera rekord!»
«Gravlegg meg der denne pilen landar!»

Eg har ikkje tenkt å reisa frå dette livet på mange år enno. Men dette blir trulig siste høve eg får til å seia noko særs i Magasinett. Så desse orda eg seier no må bli dei
som ligg ytst på tungespissen, viss ein pressar meg, det som er viktigast å få fram medan eg framleis er i  livet og har spalteplass.  Ein kan jo rusla når som helst. Ingen kjenner dagen og timen. Det er best for alle partar at eg får ut dette no, så veit de på førehand kor de har meg i denne viktige saka, som eg snart kjem til, før eg blir ei sann plage på  pleieheimen, der eg alt har tinga rom.

Eigentlig våga eg ikkje gå ut med dette, som straks kjem.  Men når Per Inge Torkelsen nett våga å gå ut i media med at han ikkje syntest Alexander Kielland var noko til diktar, så vågar eg, eg òg. Per Inge sa i beste sendetid at det  liksom ikkje var noko for lesaren å henta hos han Kielland. Henrik Ibsen og Tore Renberg derimot, sjå der har du forfattarar! sa han. Han grunngav ikkje synet sitt noko særlig, Per Inge.  Det var bare slik det var. Eg har tenkt etterpå at kanskje det var eit innslag i Humorveka, som opna omtrent den dagen. Men dette innslaget i NRK-lokalen hjelpte meg altså til å stå fram, komma ut or klesskapet med desse orda, som vil bli ståande som mine aller siste i Magasinett sine gilde spalter.
 
Eg vil på førehand be om orsaking til alle som  har trudd på meg, naboar, venner,
nære, kjære, svigermor, mannen i gata, mannen på puben, tantene mine i himmelen og han Randulf ifrå Sauda. OK, eg hoppar i det. Klar? No. Det eg må seia er:

Songtekstane til han Bjørn Eidsvåg de veit er det reine, skire rauaradl!!! (Rauradl er godt stavangersk for det skire dill, ja, altså fylle-, tull- og skit-preik, om du vil.)  

Sånn, ferdig, eg våga. Det var ei lette. Det kjennest underlig godt. No kan eg daffa langsamt, relativt lykkelig,  inn i solnedgangen. Det måtte bare komma ut ein gong, dette, for mi mentale helse si skuld. Ein skal ikkje bera slike  bører til evig tid.
 
Når dette no er sagt, og eg har sett meg på terrassen med eit  glas med noko kaldt i, tenker eg at det kan ikkje vera så lett å vera han Eidsvågen heller. Eg meiner: Plate-bransjen er ein tøff bransje.  Og det er nok ikkje alltid like gildt  å måtta gå i studio kvart bidige år, når han veit med seg sjølv at han ikkje har noko særlig nytt å melda. Det kan sikkert av og til kjennast småflautt å stå der og synga om å ligga tre minutt på svai i sivet i Nåden, medan ungar leikar og har det godt, og koredamer korer.

Ein gong i tida skreiv han viktige songar og rockehistorie då han song om den låge takhøgda i kyrkja. Men det er blitt ein heil, liten mannsalder sidan. Han er den typen skrivar som treng noko å skriva om. Derfor tenkte eg ville føreslå at han tok  seg eit sabbatsår og sju, og stod over ein fire – fem plater. Det kunne trulig gjera han godt å reisa bort litt, trur no eg, få lufta vitet, få lufta skikkelig ut der heime. Ta med seg kona, sambuaren, kjærasten. Ja, gjerne alle tre. Og snakka skikkelig ut med dei, han er då prest,  så slapp han kanskje å skriva songar om kvar minste private tingen, for å fylla albumkvoten, for å følgja albumoppskrifta. Eg skriv altså dette litt for hans skuld òg, eg, tenker eg her sit. Eg trur nemlig han er likande kar, Eidsvågen. Eg håpar i alle fall det.    
      
Men eg skriv det sjølvsagt mest for mi eiga skuld, eg som blir tvangsfora med linjene hans daglig, daglig  følgjer dei meg gjennom supermarknaden, gjennom uteromma, inn på utestaden. Ja, eg skal innrømma at B. E. er hyppigaste grunn til at eg reiser meg frå ein utestad med halvtomt glas, halveten lunsj. Og til at eg skiftar supermarknad så pass ofte som eg gjer. Når dei byrjar å spela siste plata hans for tredje gongen, bare går eg. Det er sant.  Slik er det blitt, gamle venner, slik er det fatt med meg.
Koffor? Koffor?
Og det verste er at du blir ikkje kvitt refrenga hans likevel, dei følgjer etter deg gjennom bygatene.
Koffor? Koffor?
       
Nokon påstår dei skimtar gilde bilete inne i dei flate versa hans,  dei ser levande film, seier dei, og teater. Eg vil ikkje seia kva eg ser der inne. OK, då. Eg skal seia det. Eg ser alltid den same filmsnutten: Ein kar i ein utvaska, litt laus, raudstripa pyjamas myser ut av ei soveromsdør, og ropar til nokon innpå kjøkkenet der:  Eg trudde det var du som skulle køyra ungane til skolen i dag, eg?! Og så trør han gjerne i ein tøffel som katten har pissa i. Nei, forresten: Ungane er flytta ut av den filmsnutten eg ser.  Eg veit at dette neppe står i songane, ikkje når ein spelar dei baklengs ein gong. Så det kan vera meg det er noko i vegen med. Kanskje det har gått ein liten jævel i meg no i varmen,  ein svær ein òg, kanskje. Nære og kjære, gode og snille: Eg åtvara dykk på førehand, eg visste dette kom til å bli sterkt. No vil det visa seg kven av dykk som vender meg ryggen.

Og så vil eg igjen få takka Per Inge Torkelsen  for å gi meg mot til å gjennomføra
dette. Eg er forresten ueinig med han når det gjeld Kielland. Jo då, «Garman og Worse» var ei såpesuppe. Men «Gift-trilogien» var fin, særlig likte eg godt «Sankt Hans Fest», den stutte siste. Og «Skipper Worse», «Else» og «Sne» var gilde, dei òg, meiner eg å hugsa. Eg las dei heilt frivillig i tenåra, og mye sit faktisk att. Det var noko med dei, syntest eg, då, i alle fall. Eg blei derimot skuffa og arg då eg nett las at han Alexander var så skrekkelig imot nynorsken, han latterligjorde heile greia på den teite dansken sin. For det kan han godt få ei stor, stygg, skeiv måkeklyse midt på nasen, mellom snurre-bartane.  Det skal han ha.

Og så synest eg at det siste Stavanger treng no er endå ei Humorveke. Eg meiner dei har då revy og lettare rumpeunderhaldning her i byen året rundt. Det Stavanger treng er ei  skikkelig Alvorveke. Då det bare blir spela sånn smal, ulønsam musikk, og  då det blir lese stutte, presise, gode dikt frå butikktrappene. Og heile, lange veka skal det vera strengt forbode  å seia «ja vel» og «hallaisen» til kvarandre,  og – eg klarer mest ikkje seia det - «Ska sei…»!

Men Stavanger, veit de, Stavanger blir aldri nokon kulturby å snakka om.  Den har det bare ikkje i seg. Hei!              

 
19. juni 2007