Magasinett

Synsingar

Utskrift

Tidsklemma – tidslomma, to versjonar

Skrive av Lars Mæhle .

Auga som ser. Det er dei det kjem an på. Slik lyder det i alle fall i eit av våre ordtak. Og kanskje er det noko i det. Eg har nemleg fått inn to høgst ulike rapportar frå ei hending som nyleg fann stad på ICA-butikken X i Oslo. Her er begge i usensurerte utgåver. Tolk dei som du vil. Her er dei til spott og spe.

Første rapport: Fanga av tidslomma
(Innsend av Turid Ulsrud, 78 år, pensjonist, rullatorbrukar og kyllingentusiast.)

”Eg vil gjerne berette om noko ubehageleg som skjedde meg for nokre dagar sidan. Det er ikkje så ofte det skjer noko som helst, for å vere heilt ærleg, og når det først skjer noko, så skal det altså vere av ein slik ubehageleg art. Ille er det.

Det er ungdommen. Sjølvsagt er det ungdommen. Dei har det så travelt. Det er det eine. Og dei er så sinte. Det er det andre. Enn å vere så travel og sint! Sjølv tar eg livet med ro, ja, er det noko eg har lært meg oppgjennom dette mangfaldige livet, så er det nettopp det: å ta livet med ro. Særleg etter at eg har blitt pensjonist, naturlegvis. Livet ruslar. Alt går sakte. Etter at eg blei pensjonist, har eg liksom hamna i ei slags tom lomme av tid. Ei tidslomme kan du kanskje kalle det. Det er ein behageleg stad å vere, ja visst. Men litt kjedeleg òg sjølvsagt. For det er så sjeldan nokon kommer på besøk. Sjå berre på sonen min, min einaste son – som naturlegvis måtte utdanne seg til lærar av alle ting her i verda.

Du kan ikkje forvente mykje av lærarar, det veit jo alle, men at dei skulle kome på besøk ein gong i mellom – ja, det hadde eg eit visst håp om. Men så er det det: Sonen min er elendig til å besøke meg. Han kjem toppen ein gong i veka, enda han er lærar og på toppen av alt er skilt. Men besøke mor si? Nei, det får han aldri tid til.

Slik er det altså. Eg besøker jo nabokona, Frøydis, ein gong iblant. Men ho har begynt å surre slik i det siste, er nok blitt aldri så lite senil, ja, stakkar. Snakkar om hunden sin stadig vekk, enda han har vore død i over tjue år – og mannen hennar berre i to månader. Ja, ja, slik kan det gå, far.

Eg kjem snart til poenget. Ein må kome seg litt ut. Det var poenget. Og handleturen til butikken er alltid ein høydare. Der kan eg slå av ein prat med Kåre, den hyggelege butikksjefen. (Berre sonen min kunne blitt butikksjef og ikkje lærar.) Han har nokre dvaske ungjenter til å jobbe for seg, det er nå så, men Kåre er ein bra fyr. Det er no i alle fall mi vurdering.

Så var det det som hende den førre dagen. Sonen min skulle kome på eit sjeldan besøk. Eg hadde vore nede hos Kåre tidleg på morgonen, ja, eg troppa faktisk opp før butikken opna klokka 09.00 for å vere på den sikre sida. For i lokalbutikken er det slik at ein må bestille kylling tidleg på dagen, slik at Kåre får bestilt den vidare opp frå ein ICA-sentral eller noko – og opp til ICA-lokalbutikken på ettermiddagen. Eg gjekk ned og hadde ein lang, hyggeleg passiar med Kåre. Og eg såg fram til kylling-middagen med sonen min kl. 19.00.

Eg hugsar så at eg sat meg til i kjøkkenkroken for å lese i Hjemmet, og det neste som skjer, er at eg blir vekt av telefonen. Det er langt på dag, og det er sjølvsagt sonen min som ringer. Og sonen min som fortel nettopp det eg sist av vil høre: Han kjem ikkje til middagen likevel. Han skal spele bedriftskamp i fotball. Sjå det for deg: Ein gjeng lærarar som spring rundt etter ein ball. Noko vakkert syn er det ikkje, det er sikkert.

I alle fall: Eg slenger på meg yttertøyet, riv med meg rullatoren og langar over mot butikken. Eg har berre ein tanke i hovudet: Eg må få gitt beskjed. Eg må få hindra dei i å få bestilt den halve kyllingen. Det er denne tanken som sitrar i hovudet mitt der eg rullar inn i butikken. Men å herregud, så lang køa framfor kassa er! Den er enorm! Det må vere minst ti stykk der i ei lang rekke. Og eg stormar inn med ein einaste tanke i hovudet: Eg må få hindra dei i å bestille den halve kyllingen! Eg har ikkje eit sekund å miste.

Så eg går rett opp til dama i kassa:

”I dag tidleg bestilte eg to halve kyllingar,” seier eg. ”Men så må eg dessverre avbestille den eine.”

Den dvaske dama i kassa klarer sjølvsagt ikkje ordne opp i noko så enkelt. Ho ropar berre inn i mikrofonen:

”Vent litt. Kåre til kassa. Kåreee til kassa, takk!”

Takk og lov. Bra at Kåre får ordna opp i dette, tenker eg, og ikkje denne dvaske kassadama. Eg gjentar bodskapen min til Kåre. Alt ser ut til å ordne seg fint. Men så. Ut av det store blå buldrar ei stemme langt der bak i køa:

”UNNSKYLD MEG!!! DET ER KØ HER, OM DU IKKJE HAR MERKA DET!!!”

Ungdommen no til dags. Høflege er dei ikkje, det er i alle fall sikkert. Eg kunne fått hjarteinfarkt, kunne eg. Det var berre det eg ville rapportere.”


Andre rapport: Fanga av tidsklemma
(Innsend av Lars Mæhle, kjend som middelmåtig synsar frå spaltene på nettstaden Magasinett)

”Eg er på veg heim. Eg har dårleg tid. Eg har akkurat henta dottera mi i barnehagen. Ho er grinete. Ho vil at eg skal gi henne solbrillene. Eg nektar å gi henne solbrillene. Dei er øydelagde. Ho øydela dei sist ho brukte dei, og når ho merkar det, vil ho begynne å gråte. Eg har dårleg tid. Eg skal lage middag. Eg har henta dottera mi i barnehagen og er på veg inn på den lokale ICA-butikken for å handle. Eg veit ikkje kva eg skal kjøpe. Eg spør dottera mi: ”Kva vil du ha til middag?” Svaret kjem kjapt: ”Pizza.” Ikkje noko nytt der i garden. Dottera mi blir blid igjen. Men ho har lågt blodsukker. Og eg har lågt blodsukker. Saman er vi ei tikkande bombe, der vi stig inn på ICA-butikken.

Dottera mi hylar: ”Eg vil ha sånn!!!!” Ho peiker mot hylla med sjokoladepudding. Sjølvsagt. ”Nei,” seier eg. Det gamle ritualet. Dottera mi begynner å hyle og gråte. Eg begynner å bli sur. Dottera mi har lågt blodsukker, og eg har lågt blodsukker, og saman er vi dynamitt. Eg har dårleg tid. Eg skal lage middag. Det slår meg med eitt, der og da, innsikta dundrar rett ned i meg: Tidsklemma! Det er dette som er tidsklemma. Eg ler. Det er søren meg slik ho ser ut, tenker eg, der eg danderer handlevogna med Fjordland-middagar og ferdigpizza. Tidsklemma. Ha! Der er du! Eg har gjennomskoda deg!

Eg nærmar meg kassa. Men så er det det. Like ved kassa er hylla med sjokolade, og eg anar det kome no, altså. Eg ser at dottera mi er i ferd med å oppdage hylla med sjokolade. Ho har lågt blodsukker, og eg har lågt blodsukker, og no har vi nesten kome oss gjennom heile butikken, og her kjem sjølvsagt hyllene med sjokolade rekande, dei har plassert dei her med vilje, sadistane, enda dei er fullt klare over at nettopp denne hylla kan skape full skjerings for kven det måtte vere – uansett alder, og her kjem sjokolade-rekka, og no reiser dottera mi seg i vogna.

”SJOKOLADE!!!!!!!!”

”NEI!!!!”

”SJOKOLADE!!!!!!!”

”NEI!!!!”

Osv.

Det neste som skjer, er at eg merkar at køa i kassa står bom stille. OG SÅ AKKURAT NO!!! Helvete, tenker eg. Kven er det som sinkar køa. Jo, sjølvsagt. Det er ei gamlis-dame med rullator. Å, herregud. Det er ei gamlis-dame som har snike seg fram før alle i køa, og som ”berre skal gi ein kort beskjed”, og som no står og preikar med dama i kassa. Dette er samtalen eg fangar opp:

”Eg var innom tidlegare i dag,” seier den gamle dama.

”Mhm?” seier dama i kassa.

”Jo, og så bestilte eg to halve kyllingar.”

”Mhm?”

”Men så er det det: Eg treng berre den eine. Det var berre det eg ville fortelje.”

”Mhm? Bestilte du to?”

”Ja, to halve. Eg skal berre ha ein. Eg kjem innom og hentar den litt seinare.”

”Vent litt. Kåre til kassa. Kåreee til kassa, takk!”

Og så kjem Kåre til kassa. For det er Kåre som har tatt imot bestillinga på to halve kyllingar, og no må gamlis-dama med rullatoren – som har snike seg før alle i køa, det vil eg berre minne om – forklare dette med dei to halve kyllingane til Kåre, også. Og Kåre sukkar litt og hentar fram ei bok frå under kassa ein stad. Han noterer og noterer.

”Du veit, du kunne berre kjøpt den eine,” seier han.

”Ja. Men eg ville gi beskjed.”

”Skal du betale for den eine kyllingen no?”

”Nei, eg kjem innom og hentar den seinare. Men forresten, mens eg først har deg her …”
Det er i dette augeblikket at det klikkar for meg. Dottera mi står med ansiktet nedi sjokoladehylla for lengst, og eg nistirer på gamlis-dama i kassa, mens ei mørk sky tetnar til der oppe i topplokket.

”UNNSKYLD MEG!!!” hører eg stemma mi rope. ”DET ER KØ HER, OM DU IKKJE HAR MERKA DET!!!”

Gamlis-dama ser foruretta på meg. Det gjer alle andre i køa òg. Og eg skjønar at eg har tråkka over streken. Sorry. Eg blei fanga av tidsklemma, og eg tråkka over streken. Slik er det. Resultatet blei minst ti sure blikk, ti menneske som etter dette – kvar gong dei ser meg på lokalbutikken – vil tenke: Der går han sure fjompen. Men innarst inne, langt der inne, tippar eg dei var litt einige med meg. Det er eg rimeleg sikker på. Det var berre det eg ville rapportere.”

2. november 2007