Magasinett

Synsingar

Utskrift

Leve nynorskterrorismen!

Skrive av Sigrid Sofia Kleiva-Gramstad .

Målungdomen går i desse dagar rundt med ei t-skjorte der det står ”nynorskfeminist”. Eg må seie eg er svært skeptisk til denne defensive versjonen av målkamp. Dersom dei verkeleg hadde vore via til målstriden hadde dei laga t-skjorter med ein heilt annan tekst: ”Nynorskterrorist”.

Nynorskterroristane er ei lite omdiskutert og svært misforstått gruppe. Akkurat no sit kanskje du der heime og tenkjer på ”kva er ein nynorskterrorist?”. Vel, i grove trekk har vi tre hovudgrupper innan sjangeren:

Nynorskterrorist #1 - Infiltratøren
Infiltratøren er nok den stillaste av nynorskterroristane. Det er han som tar seg jobb i Dagbladet eller VG og lar ein tekst her og ein tekst der gli gjennom på nynorsk, medan han sjølv latar som om han er bokmålsmann på sin hals.

Nynorskterrorist #2 - Kvardagsterroristen
Kvardagsterroristen er den personen som alltid skrur på nynorsk retteprogram på fellesdatamaskinene rundt omkring i landet. På denne måten blir ”jeg” til ”eg” og ”ikke” til ”ikkje” heilt automatisk. Dei kumulerer inn alle gode nynorskfolk på vallistene – uansett parti, og skiftar automatisk tv-kanal når Jon Almås har ein stygg vits om nynorsk. Dei er ganske lette å kjenne igjen i berusa tilstand, då dei har ein tendens til å kalle folk som ikkje forstår nynorsk for ”dumme” og byrje å snakke om ”språkfascisme” i Noreg. I tillegg tar denne gruppa lett på seg oppgåva om å skrive referat, artiklar og fråsegner i alle organisasjonssamanhenger.

Nynorskterrorist #3 - Geriljasoldaten
Geriljasoldaten er kjend for generelle angrep på tradisjonelle bokmålsbastionar. Av desse kan ein mellom anna nemne 30-bussen til Bygdøy i Oslo, Oslo Rådhus, Høgres hus og tidvis også kontoret åt statsministeren. Desse angrepa har sjølvsagt variert i omfang – alt frå skumle snublemekanismar til meir alvorlege og unemnelege angrep eg ikkje kan ramse opp av tryggleiksmessige årsakar. Det er ikkje eit middel som ikkje er lov å nytte – målet er og blir det viktigaste.

Det har sjølvsagt blitt spekulert i om ein frå høgare hald skal setje heile målrørsla på EU si liste for terrororganisasjonar, men i skrivande stund er dette framleis berre vondsinna spekulasjonar. Nokre ledd i målrørsla er likevel blitt vurdert meir seriøst enn andre. Mellom anna kan ein nemne redaksjonen i Mål og Makt (makt? Kva meiner dei med det? Og kva slags mål har dei eigentleg?), sentralstyret i Norsk Målungdom (det kan ikkje vere så mange ungdomar frå Oslo som er interessert i nynorsk – det er berre ikkje truverdig) og Kaffistova (ærleg tala, norsk mat? Populært?).
  
Kampen mot bokmålsveldet har i lang tid prega nynorskbrukarane i landet. Språkfascismen er openbert levande i Akersgata, og det er berre eit spørsmål om tid før kampen mot terror også blir kampen mot nynorsk. Derfor vil eg med dette oppmode Norsk Målungdom om å ta eit offensivt standpunkt i denne saka: Vi treng fleire nynorskterroristar – og vi treng eigne t-skjorter!

 11. november 2007