Magasinett

Synsingar

Utskrift

Absolutt siste frist

Skrive av Are Kalvø .

      Are Kalvø
Are Kalvø er etnisk sunnmøring busett i Oslo. Han arbeider som programleiar i Hallo i uken i NRK-P2, radiokåsør, tekstforfattar for ymse NRK-program, teater og aviser. Bøkene hans, "Absolutt Oslo" (1994), "Store nordmenn" (1995), "Kunsten å vere neger" (1996), "Men fjernkontrollen min får du aldri" (1997), "Harry" (1999), "Bibelen 2 " (2002) og "Syden" (2002) har fått til dels positiv omtale av fleire nære venner av forfattaren. Kalvø har studielån og stemmer ved val.



La oss sette ein frist. 10. desember, for eksempel. Etter det er det slutt.


Vi har forstått det no. Vi har tatt poenget no. Det er over.

Det er mulig det er fleire historier der ute. Det er det sikkert. Det får ikkje hjelpe. Nok er nok. Ein gong må vi seie stopp.

Vi trudde jo at det var over. Endelig. Vi hadde begynt å slappe av. Sjå framover. Men så. Denne veka var vi i gang igjen. Og vi klarer ikkje så mange fleire rundar no. Det slit på oss. Vi er berre menneske.

Derfor, til alle der ute som måtte ha noko meir å komme med, la oss bli enige om dette: Absolutt siste frist er 10 desember. Har du noko meir å seie om Gerd- Liv Valla, må du seie det før denne datoen.

Det kan vere at du har møtt henne på gata ein gong. Kanskje sa du hei, og ho brumma tilbake. Snøfta, kan hende. Kanskje har du sett henne snike på bussen.. Kanskje har du vore på ungdomsleir med henne, og ho viste seg å vere forbløffande dårlig til å danse. Kanskje har du hatt henne som sjef og opplevd noko. Kanskje har ho kalla deg ei ku, kasta opp i fanget ditt, skalla deg ned på fest, kondolert deg med ekteskap eller barn.

Kva veit vel eg.

I så fall så forstår eg at du har eit behov for å få det ut. Men ver så snill, kom med det no.

Tenk litt på alle oss andre.

Ikkje vent til over nyttår, for eksempel. Til det har roa seg igjen, og folk har begynt å venne seg til eit liv utan Valla-saka. Til folk har begynt å leve normale liv igjen, med bytting av julegåver og januarsal og skiturar.

For du veit kva som skjer. Kvar gong det kjem ei ny historie om Valla, så blir det minst ei framside. Minst ein pressekonferanse. Minst ein debatt. Ingen veit heilt kvifor. Det har berre blitt sånn. Og slik kjem det etter alt å dømme også til å vere så lenge det finst historier om Valla. Det er derfor du må ta ansvar no, du som har meir å fortelje. Du kan få slutt på dette. Det var artig ei stund, men no er der ikkje meir å hente. Folk har liv å leve, andre nyheiter å følgje med på. Statsrådar skal sikkert skiftast ut. Ordførarar skal investere. Trenarar skal komme og gå. 

Vi har tatt poenget. Kom med det no. Få det ut, så blir vi kanskje endelig ferdige med det.

Kanskje er du også ein av dei som kjenner at du må vere kritisk til prosessen mot Valla kvar gong noko nytt blir sagt om henne. Kanskje finst det framleis folk der ute som har bevhov for å bruke ordet ”heksejakt”.

Greitt nok det, men kom med det no. Ikkje vent. Få det ut.

Du har også frist til 10. desember.

Etter det må livet gå vidare. Ærlig talt.

Det er nok no.

Are Kalvø
3. desember 2007