Magasinett

Synsingar

Utskrift

Kjære Magasinett-lesar

Skrive av Lars Mæhle .

Da eg skulle skrive synsing denne veka, hamna eg plutseleg i tidsnaud. Eg måtte derfor ta ein ekstra kikk over kva som fans i skrivebordsskuffen. Det var ikkje rare greiene. Men heilt nedst på botnen, sjølv bak dei første, ynkelege stilane mine frå barneskolen, fann eg ei historie om ein bekre. Det er dessverre alt eg kan by på denne veka. Leitar du etter visdom eller meiningsytringar, får du gå andre stader.

Med vennlege unnskyldningar
Lars Mæhle

Og her kjem historia:

Berntsen

Berntsen, ja. Det var no òg ein skrue.
 
La meg først som sist presisere: Berntsen var ikkje ein person. Han var ein sau.
Men han var ikkje kva sau som helst. Å nei. Berntsen tronar høgt der oppe i historiebøkene over berømte husdyr, der berre dei verkelege storkanonane vaglar – Silkesvarten, Lassie, Pingu og kva dei no heiter alle saman.
 
Så må eg gjere deg merksam på ein annan viktig ting:
Berntsen var eit kopplam.

Det skilde han ut blant hopen av sauer på garden vår. Om du ikkje veit kva eit kopplam er, kan eg opplyse at det er eit lam utan mor (eller søye, tekste og kva de no kallar hosauene der du kjem frå).
 
Hannsauene – verane, bekrane, bukkane etc. – er på dette tidspunktet ute av biletet for lengst, sjølvsagt. Dei kåte ulldottane har seg med søyene i nokre hektiske haustveker, for så atter å søkke ned i sauetilveras sløve tåke. Eller rett og slett hamne på slaktarbenken.
Sauemødrene må dermed frå vinteren av må klare seg sjølve med lamma. Når du tenker på det, er eigentleg søyene ei lang rekke med aleinemødrer. Vanlagnader på rekke og rad.
 
Men så hender det at søyene ikkje vil vite av avkommet sitt. Dei vil ikkje gi lamma sine mjølk, dei har ikkje mjølk, eller så har dei forulykka på tragisk vis.
For å kome til poenget: Eit kopplam krev ei viss spesialoppfølging, på same måte som med alle foreldrelause. Berntsen måtte til dømes få mjølk på flaske, og det var søster mi og eg som hadde dette oppdraget. Og vi skjøtta ansvaret med stor iver.

Ikkje så rart, kanskje. For det er noko med individ som behandlar deg som ein Napoleon. Kopplam er i så måte nokon av dei mest imøtekommande og logrande skapningane du kan tenke deg. Særleg når dei har ei tåteflaske med mjølk innan rekkevidde.

Ja, sjå der, meir skulle det ikkje til. Her kjem dei første minna mine om Berntsen rekande:
Søster mi spring med tåteflaska i eine handa, vesle Berntsen kjem sprellande like etter. (Noko skurrar i dette biletet … å ja, herrejesus, det er sveisen til søster mi som forvirrar meg. Den var overraskande lik Berntsens, hugs – dette var på det glade 1980-talet).
 
Kor vi lo! Herregud. Kroppane våre rista av latter. Berre synet av det overivrige kopplammet, halen som krølla seg i ekspressfart da han endeleg nådde målet, stupte inn i tåteflaska – og drakk grådig – kunne få dei hardaste sinn til å smelte.
 For ein fyr!

Historia om Berntsen kunne enda her. Det ville blitt ein lykkeleg slutt, ein passande stad å avrunde forteljinga; ei solskinnshistorie rett og slett. Du ville sitje der med eit humrande smil om munnen, alle ville vore vel fornøgde, og vi kunne legge oss å sove med biletet av eit søtt, lite kopplam sprettande inn og ut av tankane våre.

Men alle solskinshistorier kviler seg mot ein mørk bakgrunn. Gjorde dei ikkje det, ville dei ikkje ha vore solskinnshistorier.

For med tida vaks Berntsen til. Han blei ein galstor bekre, og han måtte gjennom minst fem trassaldrar for i det heile å kome dit. Og så er det noko spesielt med kopplam, akkurat slik det er med einebarna blant menneska. Dei blir litt sære.

Her skal eg så visst ikkje leike hobbypsykolog, men som einkvar person med eit visst innblikk i menneskesinnet vil vite: Einebarn er vane med å få mykje merksemd. Dei har vore stjerner i barndommen. Men så, på eit eller anna punkt under oppveksten, møter dei motgang. Eller rettare: Dei må konkurrere med andre. Kopplamma skjønar òg sakte, men sikkert at ikkje verda krinsar omkring dei sjølve. Det finst faktisk ein lang rekke andre sauer der ute, går det truleg opp for dei, og alle desse sauene gjer krav på dei same kjenslene – og har akkurat det same behovet for å bli forstått og kjælt med – som dei sjølve.

Kopplammet Berntsen forsto nok også eit og anna om dette etter kvart. Han vaks seg stor og mannevond. Han sette etter alle menneske som var dumme nok til å setje føtene sine i nærleiken. Og det var faktiske ikkje så reint få.

Alle sauene våre blei nemleg sendt til sommarbeite i ein fjelldal – som òg var eit populært turområde. Her skulle sauene ete og vekse seg feite til slaktarsesongen seinare på hausten. Dei fleste sauene var sky, dei heldt seg langt unna folk.

Unnataket var dette året. Unnataket var Berntsen.

For Berntsen var ikkje redd menneska. Tvert imot. Han hadde vakse opp blant dei, stolte i starten på dei, han trudde dei ville han godt, at dei ville stelle og stulle med han til det siste. Men no hadde han gjennomskoda dei. Berntsen var blitt bitter og gretten på sine gamle dagar. Og kvar gong det kom ein uskyldig stakkar vandrande opp turstien til fjelldalen, blei han kjeppjaga ned att av Berntsen. Turistar av alle nasjonalitetar kom tumlande ned frå fjellet, skrekkslagne i blikket, mens dei peika og gestikulerte opp mot fjelldalen – som om dei skulle møtt mannen med ljåen der oppe.

Betre blei det ikkje da vi skulle hente sauene ned frå fjellet. Bernsten dreiv far og bestefar min til vanvidd. Han kom settande mot dei straks dei ga seg til kjenne. Eit minste vesle ”perre-perrrrrr!”, og han sto der og skrapa og fnyste. Ein gong stanga Berntsen bestefar så hardt i rompa at bestefar måtte gå med stokk i vekevis.

Den hausten var livet på nåde over for Berntsen. Han hadde overlevd to sesongar på fordums sjarm og bragder. Han hadde jamvel blitt valt ut til avlssau det eine året. Men no hadde han gått for langt. Det var dei fleste av oss einige om.

Det måtte tre velvaksne karar til for å dytte han opp lemmen til slaktarbilen, men opp kom han – og fårikål blei han.

Søster mi og eg nekta å ete sauekjøtt det året. Bileta av det sprellande kopplammet på netthinna lèt seg ikkje foreine med gleda over måltida. Det nytta ikkje å ete når akkurat den kjøtbiten kunne vere Berntsen. Niks.

Berre bestefar langa inn som før. Han kjente sikkert eit stikk av skadefryd òg, idet fårikål og pinnekjøt blei sett til livs dette året. No var han kvitt den helvetes bekren. No kunne han endeleg vie livet sitt til normale sauer att, sky skapningar ein berre kunne sende ut i Guds natur og overlate til seg sjølve – utan at dei sette tilvera på hovudet.

Men alle desse hamnar ikkje i historiebøkene. Og om dei gjer det, så er det sikkert for eit eller anna søvndyssande opplegg. Det er vi einige om her på berget.
 25. februar 2008