Magasinett

Synsingar

Utskrift

Eit liv ved sida av prinsessa

Skrive av Lars Mæhle .

 Foto: Cathrine Wessel / Det Kongelige Hoff.

Eg har, når sanninga skal fram, gjeve ut nokre barne- og ungdomsbøker på nynorsk. Etter kvart har eg også gjort meg opp enkelte erfaringar om det å skrive for unge lesarar på dette målføret. La oss sjå litt nærmare på det:

Lærdom nr. 1: Ei nynorsk barne- eller ungdomsbok sel omkring 54 eksemplar (viss du er riktig heldig). Og blant desse vel halvt hundre, er minst halvparten kjøpte av slektningar, vener eller folk som på diverse vis har slumpa til å vere i nærleiken av deg oppgjennom livet.

Desse 54 eksemplara er langt frå nok til å brødfø ein familie, betale ned huslån, studielån, billån etc. Det er temmeleg opplagt. Lønna rekk toppen til innkjøp av to kneippbrød i veka, viss det er sal på den lokale REMA-butikken. Har nynorsk-forfattaren vore heldig og fått stipend, kan det stille seg annleis: Da kan han på ein god dag ha råd til prim på brødskiva. Kanskje får også barna til forfattaren ein seigmann til laurdags-Barne-TV-en, viss lykka verkeleg har slått til.

Så kva gjer ein da? Når gode råd bokstaveleg talt er dyre?

Jo. Ein tar i bruk skitne triks. (Dette skal eg komme tilbake til.) Dessutan hjelper det med litt flaks.

Her er vi ved poenget, nemleg flaks. Viss du ikkje har merka deg det allereie, har eg eit etternamn (Mæhle) som ligg forbausande nært Kronprinsessa i Noreg sitt (Märtha) i alfabetet. Og Kronprinsessa har verkeleg vore mi lykkestjerne. Det skal eg ikkje legge skjul på. For tenk deg no godt om. Kva har vi (Kronprinsessa og eg) dermed til felles?

Jo, bøkene våre hamnar ved sidan av kvarandre i barnebokavdelingene i bokhandelen. Mine lite-seljande nynorskbøker til venstre, Märthas mykje-seljande eventyrsamlingar til høgre. Der står vi. Fint oppstilte ved sidan av kvarandre. Märtha sel mykje. Mæhle sel lite. Slik er det.

Men det dryp som kjent på klokkaren iblant. For kor mange har ikkje slumpa til å merke seg bøkene mine på grunn av denne prinsesse-flaksen?

Sjå for deg ein tilfeldig barnebok-kunde i bokhandelen. Ho (hugs: 80 % av alle lesarar er kvinner) skal kjøpe Märthas flotte antologi Eventyr fra jordens hjerte. Men så, når dei kjem fram til slutten på M-en i reolen, er boka pikadø utselt. ”Satan!” mumlar sikkert kunden for seg sjølv. ”Noko så irriterande!”

Men så kjem auga hennar tilfeldigvis til å kvile på bøkene som faktisk finst på denne staden i bokhylla, og som på langt nær er utselt – den aktuelle bokhandelen har kanskje opptil fire–fem eksemplar dei har forsøkt å bli kvitt i årevis. ”Mæhle, ja. Hm, hm,” tenker kunden sikkert. ”Denne barneboka er i det minste kortare enn Märhtas eventyrbok. Det er no noko,” tenker dei vidare. Og innan dei merkar at boka er skriven på nynorsk, har ho hamna opp i handlekorga!

Og vips! Der har du ein skjult bestseljar.

Eller Märtha-effekten som eg kallar den, her eg ligg ved swimmingpoolen i Karibien og nippar til drinken min. Skål! Skål for Märtha! Og viss nokon kjem og lagar bråk med deg i 2008, skjeller deg ut for nokre skarve englar eller noko, skal du vite at du har ein ven i nauda! Eg skal forsvare deg med nebb og klør, anten eg må stable på beina ein aldri så liten demonstrasjon eller forfatte illsinte debattinnlegg i Aftenposten (til og med på bokmål viss det må til!).

Märtha og eg. Eg og Märtha. Vi skal halde saman, side om side, heilt til den siste innbunde boka er selt – og e-boka har laga ein skikkeleg skrell i bokbransjen. Ein eller annan gong i neste årtusen.


PS: Viss barnebok-forfattaren Lise Männikkö les dette innlegget – og lurar på kvifor ho har funne bøkene sine under bokstaven ”W” i enkelte bokhandlar, veit i alle fall ikkje eg korleis dette er gått til.
 
Foto: Cathrine Wessel / Det Kongelige Hoff.
 21. april 2008