Magasinett

Synsingar

Utskrift

Kven skal vi halde med?

Skrive av Ola A. Heggdal .

Både i fotballkampar og krigar må vi ta stilling oss til det same spørsmålet: Kven er det rett å halde med?

Dersom du spør eit barn om kven det held med i ein fotballkamp, får du ofte til svar: Eg held med dei som vinn.

Vi som ikkje er barn lenger, veit at trongen til å heie på vinnaren nok er naturleg, men ikkje spesielt modig eller høgverdig. Vi veit at det ikkje er kult å vere medgangssupporter. Men det er ikkje sikkert at det motsette alltid er så mykje betre.

Ein kamerat av meg hadde på et tidspunkt vokse av seg den barnslege lysta til å halde med vinnaren. I staden heia han systematisk på dårlegaste fotballaget. Truleg såg han det som ei moralsk plikt å heie på dei stakkarane som var dårlegast til å drible og skyte. Og at det gjorde vondt når laget hans gong på gong tapte, var nok provet på at det dreidde seg om ei ekte moralsk plikt.

Naturlegvis svir det å sitje og sjå på kamp etter kamp der laget du heiar på heilt oppskriftsmessig får grisebank. Men det verkelege problemet for ein motgangssupporter oppstår i den augneblinken laget hans faktisk snåvar seg til ein siger. Då har taparlaget ditt blitt eit vinnarlag – og det blir umogleg å glede seg over sigeren. For den er provet på at det andre laget trass i alt var det dårlegaste, og eigentlig fortente sympatien din.

Å heie på taparen er såleis ein typisk tap - tap situasjon: Du bli nedtrykt, enten du tapar eller vinn.

Spranget frå lagsport til krig er som alltid nedslåande kort. Dersom vi overfører prinsippet om motgangssupporteren på internasjonale konfliktar, vil det seie at vi alltid skal halde med den sida som tapar.

Til dømes: Når serbarane gjennomfører etnisk reinsing i Kosovo, skal vi halde med Kosovo-albanarane. Men når serbarane blir bomba av USA og Vesten, må vi halde med serbarane, for no er det dei som er dei svake som fortener sympati.

Dette er et enkelt system som gjer det lett å lage moralsk rette meiningar om utanrikspolitikken: Ein kan berre finne ut kva for ein av partane som er sterkast, og så halde med dei andre. I våre dagar er dette spesielt enkelt, ettersom det ikkje finst nokre nasjonar som kan måle seg i styrke med USA. I alle konfliktar veit vi difor at vi gjer det rette når vi kritiserer amerikanarane, ettersom dei alltid er dei sterkaste.

Finst det veikskapar ved dette moralske systemet? Vel, det er naturlegvis ikkje sikkert at den svake parten alltid oppfører seg pent. Det kan faktisk tenkjast at også dei svake er dritsekkar.

Lat oss vidare seie at vi held med den svake parten og støttar dei, med argument, pengar, kanskje til og med våpen, heilt til styrkeforholdet blir forandra, slik at den svake tek over og blir sterkast. Skal vi da fortsette å støtte den svake, sjølv etter at støtta vår har gjort dei sterkast?

Det mest konsekvente ville naturligvis da være å skifte side, og begynne å støtte den parten som før var sterkast. Då vil ein i det minste redde prinsippet om å heie på den svake. Til gjengjeld står vi i fare for å oppnå ein jamvekt i styrkeforholdet mellom partane, som kan gjere at konflikten vil bli forlenga, om ikkje i all æve, så i all fall i lang, lang tid.

Den sørgjelege sanninga er at dei fleste krigar opp igjennom historia har blitt løyst, ikkje fordi de to partane var jamsterke, men nettopp fordi ein av partane var sterkast og kunne overvinne den andre. Fred er noko som oppstår etter at ein part har tapt og ein har gått av med sigeren i den føregåande krigen. Alternativet til den at den sterke parten vinn over den svake, er ikkje fred, men ein evigvarande krig mellom to jamsterke partar.

Sjølvsagt er det ein god ide å vise omtanke for den svake parten i ei konflikt. Samtidig som vi må ta inn over oss lidingane som enkeltmenneska på den sterkaste sida må gjennomgå. Men når det gjeld kven vi aktivt skal støtte, er ikkje kriteriet om kven som er den svakaste tilstrekkeleg.

Det bør iallfall supplerast med andre kriterium, for eksempel: Kven er det som er den beste, mest siviliserte parten? Kva for ein part står nærast eit samfunnsideal og eit menneskesyn som vi kan seie oss einig i? Rett og slett: Kven likar vi best?

Da er det ikkje alltid sikkert at den sterkaste parten er det dårlegaste alternativet.


27. mars 2008
Framsidebilde: Chris Eyles/Stockxchng