Magasinett

Synsingar

Utskrift

Flaggets dag

Skrive av Ola A. Hegdal .

Kvar vår kjem dei tilbake, like årvisst som krokus og fuglekvitter: Diskusjonane om det skal vere lov med andre flagg enn det norske i syttandemaitoget. Avisspaltene blir fylt opp av velmeinte kommentarar, og i bakgrunnen høyrer ein bruset av rasande nettdebattar.

Eg trur denne debatten kan knytast til to andre tema i tida, nemleg diskusjonen om kven som er nordmenn, og statusen til ytringsfridomen.

Ordet ”nordmann” har i dag minst to tydingar. Den eine er ”etnisk nordmann”, altså ein medlem av det ein kan kalle den norske stammen. Den andre er ”norsk statsborgar”, noko som vil inkludere alle innvandrarar og bindestreksnordmenn, og i siste konsekvens alle som ønskjer å oppfatte seg sjølv som norske.

Den norske nasjonalismen har historisk vori delt mellom desse to oppfatningane av det norske. I dei siste åra har borgartanken stått sterkast, det vil seie at alle norske statsborgarar blir rekna for å vere nordmenn. Det tykkjer eg er ein god ide.

Nasjonaldagen blir såleis ei feiring av alt det som sameiner norske statsborgarar, og flagget er symbolet for dette fellesskapet. Ønsket om å flagge med til dømes pakistanske flagg på syttande mai, er faktisk eit steg bort frå borgartanken, i retning av ein etnisk stammetenking, at ein set opphav og etnisitet over statsborgarskap.

Dersom ein slik praksis skulle spreie seg, skal ein ikkje sjå bort ifrå at etniske nordmenn før eller seinare vil komme på tanken om at flagget og nasjonaldagen er noko som tilhører dei ”ekte”, etniske nordmennene. Noko som er dårleg nytt for alle som vil at nasjonaldagen skal vere ein dag som sameiner alle borgarane i riket, uavhengig av opphav og religion.

Mange framhever ytringsfridomen for å forsvare retten til å veifte med framande flagg i barnetoget. Ytringsfridomen tyder at vi i prinsippet kan seie bortimot kva som helst her i landet. Det tyder likevel ikkje at vi bør eller må ytre kva som helst. Og særskilt tyder det at ein ikkje bør ytre kva som helst når og kor som helst.

Muhammed-karikaturane er eit godt eksempel på ytringar som er på grensa. Det er vanskeleg å sjå poenget i denne typen ytring, bortsett frå som ein rein provokasjon. Religionskritikk er viktig og nødvendig, men det er meir produktivt å framføre ein kritikk av visse sider av islam utan å heilt medvite trampe på tabua i religionen. Eg har sjølv laga ein del satiriske teikningar opp igjennom livet, og meiner at vi bør halde fast ved retten til å lage dei. Når teikningane blir møtt med opptøyar og drapstruslar, har vi ikkje noko anna val enn å støtte teiknarane. Men det var ikkje spesielt klokt gjort, verken av teiknarane eller redaktørane.

Likevel skjøner alle at det ville vore ekstra respektlaust å kome med ei slik ”ytring” i feil samanheng. Å labbe inn i eit opptog av muslimske pilegrimar på veg mot Mekka, med ei plakat med ein karikatur av Muhammed på, hadde vore den ultimate provokasjon som berre eit ekstremt respektlaust og, kan vi legge til, sjølvdestruktivt menneske kunne finne på.

Samanhengen eller konteksten til eit ytring er altså heilt avgjerande for korleis ytringa vil bli oppfatta. Sjølv den mest innbarka ateist vil normalt late vere å banne i kyrkja. ”Eg elskar Bush” er naturlegvis ei fullt lovleg og akseptabel meining å ha. Men dei fleste skjøner at ein ikkje bør skrive det på ein plakat og gå rundt med den i førstemaitoget, for ikkje å snakke om i ein demo arrangert av Blitz.

På same måte er det ingen som forventar at innvandrarar skal kvitte seg med lojaliteten til gamlelandet. Naturlegvis vil dei oppretthalde varme kjensler for den kulturen dei kjem i frå, og det vil for mange fortsette å vere slik i mange generasjonar framover. Akkurat slik norskamerikanarar i USA held på identiteten sin som nordmenn, sjølv om dei kanskje aldri har vori i Noreg.

Innvandrarar til Noreg skal naturlegvis, i ytringsfridomens namn, ha lov til å uttrykke lojaliteten til deira opprinnelege fedreland, med å veifte med det pakistanske, det svenske eller det tyske flagget. Det einaste vi kan forlange er at dei ikkje vel å uttrykke dette på den norske nasjonaldagen, der vi feirar det som vi norskingar, som det heiter på ny-tale, har til felles.

Faktisk er det ikkje umogleg at denne diskusjonen har dukka opp som eit slags svar på karikaturdebatten. Eg har vanskeleg for å tru at det er mange innvandrar som tykkjer det er freistande å utruste borna sine med ikkje-norske flagg, for så å sende dei ut i flagghavet av raudt, kvitt og blått. Eg hadde ikkje våga noko tilsvarande, dersom eg hadde budd i utlandet og skulle feire eit anna lands nasjonaldag.

Meir sannsynleg er dette eit slags takk for sist. Eit prov på at også nordmenn har tabu, at det også for oss eksisterer grenser for ytringsfridomen. Og det er greitt. Poenget er oppfatta. Det bør eksistere grenser for ytringsfridomen, spesielt på område der folk kan bli ekstremt såra eller krenka. Ikkje minst bør ein vere vaken for samanhengen ei ytring blir framført i.

Rett nok er det vanskeleg å lovfeste dette på noko vis. Ein får heller berre appellere til folks sunne omdøme, og alminneleg høflegheit. Poenget er i alle fall oppfatta.

Kan vi no gå vidare og feire nasjonaldagen på ein måte som understrekar det alle nordmenn, både av ny og gammal dato, har til felles! Det vil seie, ved å løfte det norske flagget, i raudt, kvitt og blått.

Den blå-kvite krossen midt i flagget, kjære muslimar, må de nok berre finne dykk i å leve med.

6. mai 2008