Magasinett

Synsingar

Utskrift

Alle ordentlege folk held aviser

Skrive av Jon Peder Vestad .

Nei da, slik er det ikkje. Fleire enn før har valt å ikkje abonnere på lokalavisa, og særleg gjeld det unge vaksne og småbarnsfamiliar.

For ganske mange år sia besøkte eg ein familie i Frankrike. Mora og faren i familien var lærarar, og dei hadde ikkje avis. Eg vart så overraska. Korleis kunne dei klare seg utan avis? Og så lærarar, da! Dette var lenge før Internett, så svaret låg ikkje der. Dei fortalde at dei bladde gjennom avisa på jobben, og elles såg dei fjernsyn.

Halvparten veks opp utan avis
Dei siste åra har ikkje eg heller abonnert på noka lokalavis. Eg innbiller meg at eg klarer meg godt utan, og at eg er ein opplyst borgar likevel. Eg har iallfall selskap av mange. Rundt 30 prosent av yngre einslege utan barn abonnerer på lokalaviser, og 49 prosent av unge barnefamiliar gjer det same. Tidlegare var det vanleg at når folk vart vaksne og stifta familie, så begynte dei også å halde avis. Det fortel medieforskaren Sigurd Høst til journalisten.no.

Kvart år blir mediebruken i Noreg undersøkt, og no er folk for fyrste gong spurde om dei abonnerer på aviser. Før var det unødvendig å spørje om dette, fordi så å seie ”alle” heldt ei avis eller fleire. Sigurd Høst har analysert  resultata frå Norsk mediebarometer, og han ser klare skilje i avishald etter alder, utdanning og inntekt. Høg utdanning, alder og inntekt gjer det meir sannsynleg at ein held ei avis eller fleire. Så mange som 30 prosent av oss bur i eit hushald utan avis. Dette gjer Høst bekymra

Før: avisabonnement = vaksen
Før var det slik at når eit par var etablert og fekk barn, begynte dei å halde avis for å følgje med i lokalsamfunnet. No ser det ut til at stadig fleire ikkje synest det er nødvendig. Det vil seie at det blir vanlegare å vekse opp utan avis. Kva er konsekvensen av det? Jau, sjølvsagt blir opplaget lågare – sjølvsagt med unnatak – og da går inntektene ned. Lokjalavisene skal vere lim og lupe i lokalavisene, og same kor mye folk klager over lokalavisa si, så har ho ei viktig oppgåve å fylle. Det vil seie at om folk ikkje les avisa, så går dei glipp av viktig informasjon.

Eg burde ha abonnert på ei lokalavis sjølv. Korfor gjer eg det ikkje? Det er fleire grunnar, men ein viktig grunn er at eg ikkje føler meg spesielt knytt til den staden eg bur. Eg er innflyttar. I ein typisk innflyttarby som Oslo er det færre som held aviser enn elles i landet. Ein annan grunn er at eg kan lese aviser på jobben, og den tredje grunnen er Internett. Vi som ikkje held lokalavisa, går lett glipp av informasjon  som ikkje finst på nettet eller som det er tungvint å finne fram til. I avisa finn ein alt på ein stad – reklame, ordskifte, dødsannonsar, filmtider og vanlege nyheiter. Når ein les avisa i forbifarten på jobben, kan stoff som eg burde kjenne til, gå meg hus forbi. Terskelen for å skrive eit lesarinnlegg og på den måten ta del i den debatten demokratiet vårt er avhengig av, blir også høgare. Gode tilbod forblir ukjende, og eg får ikkje med meg kven som giftar seg, får barn eller døyr. I avisa finst alt samla på ein stad, praktisk og greitt.

Bok skal eg lese
Eg burde ha slutta denne epistelen med ei snerten formulering om at eg skal begynne å halde lokalavisa. Det gjer eg ikkje, eg vil sleppe å lyge. Men eg har lese avisa i dag, og eg har kjøpt ei anna avis – så da så! Til sist vil eg nemne nokre av resultata frå mediebruksundersøkinga med Nynorsk Pressekontor er kjelde. I 2007 var det 72 prosent av oss som las aviser dagleg, 66 prosent var på nettet kvar dag, og ikkje meir enn 53 prosent hørte radio på ein gjennomsnittsdag. Fjernsynet er vinnaren – 82 prosent ser fjernsyn dagleg. Undersøkinga viser også at nesten kva fjerde nordmann les i ei bok kvar dag – 23 prosent. I 1997 var talet 17 prosent. Eg las bok så å seie dagleg både i 1997 og 2007, så der er eg iallfall ikkje med på å dra ned snittet.


22. april 2008
Framsidebilde: Flickr