Magasinett

Synsingar

Utskrift

Dei glade studentdagane

Skrive av Borghild Gramstad .

I vår har busstoppa ved Universitetet i Tromsø vore tapetserte med reklame for Høgskolen i Bodø. Det er jo irriterande nok i seg sjølv, sidan universitetet knivar med høgskulane om å få tak i nye studentar. Men det er først og fremst måten som Høgskolen i Bodø prøver å selja seg sjølv på som får meg til å reagera. Plakatane er laga i ein slags collage-teknikk, der titlar og bilde og tekst står litt hulter til bulter, i sterke fargar. Kvar av plakatane har polaroid-liknande fotografi av ein ung person, det ser ut som om bildet er tatt på fest eller ute på byen, dei er sminka/pynta/utkledde, og under står det ”Trine, 24 år, skal bli sykepleier”, ”Henrik, 22 år, skal bli lærer” osv. Unge, vakre menneske, og eit studentliv med fest og moro. Det er vel berre ein surmaga universitetstilsett som kan irritera seg over slikt? Ja, mon det.

Eg undrar meg på om det er slik ein best sel høgare utdanning til unge studiesøkjarar. Då eg sjølv var ferdig på vidaregåande skule og skulle studera vidare, leita eg ikkje etter den studiestaden med mest festing, men etter ein stad der eg kunne læra meg noko nyttig og spennande som eg ville få bruk for seinare. Eg ville inn i vaksenlivet, eg ville slett ikkje bli ropt til med glade fargar og store bokstavar, som om eg framleis var ein uansvarleg russ! Det eg likte med universitetet (sjølv om det også var det skumlaste) var inntrykket av at her var det mykje spennande, men eg måtte sjølv finna det, og det var ikkje sikkert det passa for meg. Som fersk student gjekk eg rundt på Nygårdshøyden i Bergen og lette etter universitetet, for eg var sikker på at det måtte vera ein stor bygning. Omsider fann eg Universitetsbiblioteket, og blei letta, for her måtte det vera! Eg vågde meg ikkje inn, sjølvsagt, og det tok ei tid før eg forstod at Universitetet i Bergen var fordelt på mange bygningar over eit ganske stort område. Og det tok meg eit heilt semester før eg torde å spørja nokon om kva kompendium var, som alle snakka slik om (og for at andre skal sleppa å lura: eit kompendium er ei lita lærebok, som oftast sett saman av ulike artiklar som er henta frå andre bøker eller tidsskrift). Det er klart at ein kan bli tatt betre imot enn det me ferske studentar blei, den gongen for over tjue år sidan, og det har sjølvsagt skjedd mykje sidan den tid. Men har det tippa over, slik at dei som tilbyr høgre utdanning kappast om å springa etter potensielle studentar og gjera seg lekre for dei med tant og fjas i staden for med fagleg innhald?

For nokre år sidan blei det gjort ein analyse av studiekatalogane for dei (den gong) fire norske universiteta. Der stod det nesten like mykje om kor fint det var på universitetsområdet, kor godt studentmiljøet var og kor attraktivt utelivet var på byen som om kva ein faktisk kunne læra seg der. Sjølvsagt er det kjekt å vera student, anten det er på høgskule eller universitet, og godt studiemiljø er det vel overalt der ein får seg nye venner. Men det er likevel ganske respektlaust mot unge folk som skal gjera viktige val for framtida si å snakka til dei som om det viktigaste er det som skjer utanom den utdanninga dei skal skaffa seg. Så om Trine har det kjekt på studentfestane i Bodø er det flott, men det viktigaste er vel trass alt at ho kan bli ein god sjukepleiar der!




5. mai 2008
Framsidebilde:Flickr