Magasinett

Synsingar

Utskrift

Blei det gut eller jente?

Skrive av Borghild Gramstad .

”Blei det gut eller jente?”, det er det første me spør om, når me høyrer om ein barnefødsel. Og frå barnet blir fødd, eller for nokon allereie frå ei ultralydundersøking, er dette noko av det viktigaste som kjenneteiknar dette mennesket.

Likevel veit me at kjønn ikkje er så absolutt som ein gjerne trur. Mange barn blir fødde utan eit klart kjønn; har dei til dømes ein stor klitoris eller ein liten penis? Skal ein operera vekk eller sy igjen noko mens dei er små? Slike val er det ein del foreldre og legar som må gjera både i Noreg og resten av verda. I USA er dei raske med kniven, slik at kjønnet i alle fall på overflata blir avgjort ganske tidleg. I Noreg rår det meir ein vent-og-sjå-haldning, der ein reknar med at kroppen vil veksa seg inn i eitt av dei to kjønna etterkvart. Kanskje er ein del av dei som tar kjønnsskifteoperasjonar som vaksne blant dei som blei plasserte i ”feil” kjønn som nyfødde? Det har gått ein svært god argentinsk film på kino i det siste, XXY, som nett handlar om ein tenåring som er tvekjønna, og kampen for å få lov å finna ut av kor ho/han høyrer heime midt i diskusjonar om operasjon og hormonpiller.

Men ein treng ikkje vera tvekjønna for å stilla spørsmålsteikn ved å få kjønnsroller tredd nedover hovudet. ”Ingen er fødd kvinne, kvinne er noko ein blir”, sa filosofen Simone de Beauvoir i hovudverket sitt, Det annet kjønn i 1949. Måten kvinner blir oppdradde på, tvingar dei inn i ein "kvinnelegheit", det vil seia at oppdraginga får kvinna til å oppfatta seg sjølv som Den Andre i forhold til menn, seier ho.

”Det er noko genetisk, dette med gutar og bilar”, sa småbarnsmora til si eiga mor, der dei stod og såg på småguten som leika med bilane sine. ”Men ser du ikkje at han leikar med bilane nett slik du leika med dokkene dine, gir dei namn og roller og let dei snakka med kvarandre?”, sa bestemora. Det me ser, tolkar me inn i våre eigne rammer, og desse rammene får me frå samfunnet rundt oss, dei haldningane som finst der. I dag er alt kjønna, frå ungane er bitte små. Sjølv hadde eg endeleg klart å finna ei kjønnsnøytral dåpsgåve, då ekspeditøren før innpakkinga spurte om det var gut eller jente, for å vita om ho skulle ta det rosa eller det lyseblå papiret. Dermed blei det svart med gullband, som var det einaste alternativet dei hadde.

Ei undersøking av Hennes & Mauritz-katalogane i perioden 1987 til 2004 viste at måten ein framstiller gutar og jenter på har endra seg mykje i desse åra. (Barndommens små voksne. En undersøkelse av barnemoten og den visuelle fremstillingen av barn i H&M-katalogen 1987-2004, av Elin Borg). Ikkje berre har både gutar og jenter meir og meir blitt små vaksne, med kopiar av dei vaksne sine motar; men fargeval, snitt og dekorasjonar fortel utan tvil kva kjønn barnet høyrer heime i: Jentene har tettsittande klede i pastellfargar med trykk av hjarter eller blomar, mens gutane har lause klede i nøytrale fargar med trykk av superheltar eller flammar. Jentene er passivt poserande, mens gutane blir framstilte aktive og handlande. Og her snakkar me altså om småungar, ikkje tenåringar! Held barndommen på å forsvinna i eit stadig meir seksualisert samfunn? For eit sterkare fokus på kjønn og ulikskapar gjer også at seksualitet blir synleg, mykje tidlegare enn før.

Kva som er arv og kva som er miljø når det gjeld kjønn er ein stor diskusjon, som mange av oss har sterke meiningar om. Men at me blir forma til jenter og gutar av kulturen rundt oss, og at me igjen er med på å forma småungane så snart dei kjem ut av mors liv, det er det ingen tvil om. Kanskje me bør prøva å sjå kvarandre meir som menneske i staden for som menn og kvinner?


16. juni 2008
Framsidebilde: StockExpert