Magasinett

Synsingar

Utskrift

Kvala sduno?

Skrive av Åsne Høgetveit .

Språk både skrive og ytra er fascinerande. Ja, no studerar eg språk, så at dette kom frå meg er nok ikkje så rart, men denne fascinasjonen er ikkje så uvanleg hjå andre heller. Ein del av det som fascinerer mest er den politiske sida ved språket: språk eg ikkje berre ein måte å kommunisere i lag på, språk er makt, og språkbruk seier noko om kven som har makta.
 
Her i landet er me så heldige å stadig kjenne på at språk ikkje berre er kommunikasjon, i og med at dei siste hundre og femti åra har vore prega av språkstrid. Då ei strid mellom skriftmåla våre, men og talemål. Eg har ikkje tenkt å greie ut om denne strida, eg trur ikkje eg har mykje nytt å koma med!

Nei, det eg tenkte på var at me ikkje i utgangspunktet er utstyrt med noko avansert språk, at me lærer det, og at me og lærer korleis språk er makt. Fyrst finn me jo ut at språk gjev oss større makt over oss sjølve, vi kan faktisk uttrykke oss og bli forstått. Eg tykkjer iallfall sjølv at det er ei fantastisk kjensle kvar gong ein russar skjønnar kva eg freistar å seie på russisk. Alle som har flytta til, eller vore lenge i eit land der ein i utgangspunktet ikkje kan språket får ei ny oppleving av kor fantastisk og frustrerande språk kan vera. Ikkje nok med at ein må lære seg å spørje om hjelp, men ein må jammen få noko ut av svaret og om det skal mona! Men skal ein læra eit språk nyttar det berre å øve og prøve.

Det tek tid å lære språk, men det ein sit att med er mykje verdt. Og når ein lærer meir gjeng fleire og fleire ljos opp for ein. Sjølv skjøna eg her om dagen at namnet på det tidlegare landet Jugoslavia tyder Sør-Slavia, altså landet til sørslavarane.

No trur de kanskje at kvala sduno er eit spørsmål på eit anna språk, men om du seier det høgt for deg sjølv gjev det kanskje meir meining. Eg har ei god veninne som jamt har snakka eit slags austlandsmål, men som gjekk på ein nynorskbarneskule. Dermed hadde dei i norsken ei arbeidsbok som heitte Kva las du no?. Veninna mi var på vidaregåande før ho fatta at det var nett det som var tittelen, ho hadde støtt trudd at det var eit slags tulleord: kvalasduno?

19. februar 2008