Magasinett

Synsingar

Utskrift

Heilt på kanten

Skrive av Erlend Skjetne .

Eg har tidlegare uttrykt ein viss sympati for Irans sitjande president, den mykje omtala men og så utskjelte Mahmoud Ahmadinejad. Han har, som meg sjølv og dei fleste av oss, nokre velfødde svin på skogen - det skal seiast. Men innan politikken, som jo er eit relativt platt emne, briljerer både han og resten av teokratiet med ein karismatisk og sers innovativ natur, som, viktigast av alt, aldri sluttar overraske. Det nådde eit nytt høgdepunkt like over nyttår, då iransk høgsterett kunngjorde at to unge valdtektsforbrytarar dømde til avretting, skal kastast utfor eit stup. Eg kunne mest ikkje tru det då eg las det, men sant var det altså: Året er 2008, og framleis kan siviliserte styresmakter i fullt alvor kaste folk utfor stup.

Dét tek jaggu kaka, tenkte eg, og lo godt med meg sjølv. Men vidare evaluering forvanskar saka: Tradisjon er trass alt tradisjon. Vi kjenner alle steininga, som er relativt frekvent i Bibelen òg. Desse som no skal kastast utfor stupet, er forventa å lande på steingrunn. Metoden er altså ein variasjon av den gamle skikken, berre sjeldnare. Du kjem til steinen, ikkje steinen til deg. Fåe ville nok sjå det som eit tap for verdsarven om akkurat slike avrettingar vart kansellerte, men i grunnen er det merkeleg om denne tradisjonen skal ha mindre verd enn til dømes ... norsk folkedans. Vi lyt iallfall, om dei no skulle avviklast som praksis, sikre at læra og minnet om desse sermerkte skikkane forblir levande element i iransk kultur. Det er nemleg eit viktig kapittel i verdshistoria, dette med vald - og serleg straff. Aldri elles har vel menneske utvist ein slik kløkt og kreativitet, som nettopp når dei ynskjer skade einannan.

Nordmenn har ikkje just for vane å steine, ei heller kaste utfor stup. I grunnen merkeleg, ettersom vi knappast vantar korkje stein eller stup her til lands. Den gamle holmgangen er til gjengjeld typisk, for vi vantar ikkje holmar heller. Det engelske ordet “defenestration”, best omsett til noko slikt som “defønstrasjon” - “the act of throwing someone or something out of a window,” - har iallfall eige oppslag på Wikipedia. Dette var stor business i det gamle Bohemia. Sjølv bur eg i ein kjellar, og får vanskeleg nytta akkurat den metoden. Skulle eg nokon gong avretta eitkvart, ville eg lagt det i ein sekk, funne ein kjepp og slått på det. Eller ringd naudslaktarsørvisen, som likevel patruljerer heimbygda mi på kvardagar. Det er elles ikkje store påskotet ein treng for å ekspedere eit medmenneske. I Rørvik, til dømes, opna dei ny frisørsalong. Den fyrste kunden vart så skamklipt at dei rett og slett laut skyte han. Dette er då ei kjend og folkekjær historie, gjenfortald på mang ein hyggekveld.

Den planlagde kastinga har likevel vekt furore. “Iranske myndigheter er nødt til å besinne seg,” sa statssekretær Raymond Johansen til Aftenposten. Det er altså slik å forstå, at iranske styresmakter opererer med eit slag kollektiv aggresjon dei mest mogleg barbarisk vil få uttrykk for. Sjølv ser eg nokså pragmatisk på det: Det er i grunnen likesælt korleis folk blir drepne, for relativt sett går dauden fort, uavhengig av metode - og etterpå blir alt så mykje betre. Problemet ligg vel i prinsippet, at staten i det heile skal kunne avrette sine eigne innbyggjarar. Det strid mot ein kvar fornuft. Folk vil til alle tider ta livet av kvarandre, det får dei berre halde fram med. Staten, derimot, skulle ein tru var formyndar for menneska, dimed ansvarleg for, om ikkje anna, å oppretthalde eksistensen deira. Det er såleis litt på kanten, skal han i staden kaste dei utfor stup. Når det er sagt, vil eg nok ein gong heidre Ahmadinejad og høgprestane for eit fandenivaldsk påfunn. Kaste dei utfor eit stup ... Ja, det er no litt søtt òg!


24. januar 2008