Magasinett

Synsingar

Utskrift

Reisesjuk og irritert

Skrive av Åsne Høgetveit .

Viss eg må sette opp ei liste (som er nokså vanleg om dagen) over kva eg tykkjer er best med vetteren kjem aking høgt opp. Eg er fryktleg dårleg på å definere over og under kva, for det varierar med humøret, men aking er bra. Dessutan er det økonomisk! Det er eit godt poeng for fattige studentar. Før, då alle hadde store svarte søppelsekkar bruka me dei. Me sette oss nedi og aka dei i fillebitar nedover jordi heime. I det kildesorterande Tromsø er posane litt for små, så me har likegodt handla oss nokre plastflak på bui attmed blokki.

Akebakkar finns overalt. Det skal nesten godt gjerast å finne ein stad der det ikkje finns ein akbar bakke. Eg trefte jamvel ei her om dagen (8. mars) som nytta akebrettet sitt som framkomstmiddel i dei bratte bakkane i byen. Eg har med åri vorti litt mindre uredd i bakken så no likar eg best dei som er både litt bratte og litt slake. Det er og best å køyre i lag med einkvann, i tog. Så har ein nokon å klore seg fast i i dei brattaste hengi. Eg har jamvel erfart at det er lurt å klyppe naglane, slik at kameraten ikkje treng å reinse akslene med pyrisept når me kjem heim att.

Eg hadde i grunnen tenkt at dette skulle handle om akebrett. Eller rettare akebretta til meg og kjærasten min, og akebrettet til syster hans. Me kosta på oss ein mindre sum på to akebrett frå COOP (det er ikkje meiningi å drive reklame). Summen er omtrent så stor som ein kan få inn i pant på eit større gebursdagselskap. Det er eitt grønt og eitt svart. Dei er nokså romme av typa rumpeakebrett, så det er god plass til den 21 år gamle fua mi. Dessutan har det eit solid handtak så uansett kor redd eg blir i bakken, kan eg ikkje rive det av. Det er av hard plast. Kjærasten si syster hadde eitt svart akebrett, med hjarteform. Det var nokså lite sete og av heller mjuk plast, men ho er snart elleve så hennar fu passar bra.

Då me tok til å aka kom forskjellane klårt fram. Fyrst skulle ein tru at me store aka kjappare fordi me var større og tyngre. Men så fekk systera låne mitt, og då skal eg sei det gjekk som olja lyn i bakken! Ho for nesten kjappare enn nordljoset som brann over oss. Eg tenkte eg fekk ta ein nærare kikk på brettet hennar, og der, utheva i den mjuke og litt slitne plasten, stod ein velkjent avrunda M som for meg sa alt. Sjølvsagt sigrar COOP over McDonalds, og i bakken.

Mars 2007