Magasinett

Synsingar

Utskrift

Tusen, tusen takk!

Skrive av Sigrid Sofia Kleiva-Gramstad .

Noreg er  eit av verdas mest likestilte land. Vi har mange kvinner i arbeid, fleire og fleire kvinner i topposisjonar, barn som går i både blått og rosa. På vestkanten i Oslo er det rosa trass alt nesten det einaste gutane går i! Vi har homofile, vi har innvandrarar, vi har alle slags folk og er så tolerante som vi aldri har vore før. Likevel blir Noreg i fyr og flamme når konfliktar oppstår mellom to kvinner på topp.

Konflikten mellom Valla og Yssen er den konflikten som har engasjert mest i det siste. Mediedekninga har overgått alt i nyare tid (unntatt 11. september) og liten og stor har vore hoppande sinte. Ein kan spørre seg kva som er grunnen. Er det sak? Eg har aldri sett medie-Noreg gå slik av hengslane på grunn av ein sjef som har blitt skulda for slikt før. Er det på grunn av politiske- eller personkonfliktar? Eg kan ikkje hugse at det var ei mediedekning i så stort omfang under konflikten mellom Jagland og Stoltenberg, eller på noko som helst landsmøte i kva som helst parti. Er det på grunn av at det er LO? Kanskje, men det har ikkje vore LO som har vore fokuset her. Det er vel heller meir sannsynleg at det er av di dei er kvinner.

Ein driv for tida og snakkar opp og i mente om at det er viktig med kvinnelege verdiar i bedriftar, i skulen, i ekteskapet og så bortetter. Eg lurer litt på kva kvinnelege verdiar er. Er det å vere omsorgsfull? Er det å ikkje kunne lese kart? Er det å ikkje kunne vere streng? Er det å lett ty til tårer? Er det å kunne lage mat, men ikkje mekke på bilen? Er det å ha eller ikkje ha romforståing? Er det å vere flink med barn? Er det å vere dydig? Eg spør av di eg er genuint nysgjerrig: eg skjønar ikkje kva desse kvinnelege verdiane skal vise til. Eg skjønar derimot kva kjønnsrollene er, men dei har ein tydelegvis slutta å snakke om, og byrja snakke om desse kvinnelege verdiane. Sjølv tok eg ein test her om dagen som heitte ”er du mest kvinne eller mann?”. Eg vart mest mann. Eg fekk høg poengsum på både omsorg og romforståing. Eg klarte meg godt med både feminine og maskuline verdiar, men eg hadde flest maskuline.

I det store og det heile klarer eg ikkje å skjøne noko anna enn at det å ha maskuline verdiar tyder at ein ikkje er tapt bak ei vogn når det kjem til å skifte dekk, og at ein ikkje lar seg tråkke på. At ein ikkje er ein pusekatt. Og det er ganske påfallande dersom ein ser på oppførselen i Valla-saken kven som står for kvinnelege og mannlege verdiar av desse to. Det er ganske tydeleg at media utan å mukke ga sympati til ei kvinne som passa inn i si kvinnelege kjønnsrolle, medan ho som oppførte seg meir som ein mann ikkje passa inn og ikkje var truverdig. Dette er urovekkjande, uansett kva saka dreier seg om.

Uansett sak, så burde deskane på dei største avisene skamme seg. Dei burde skamme seg av di dei gjennom si mediedekning har vidareført eit kjønnsrollemønster som seier at jenter skal vere så jævla omsorgsfulle og gråte når dei treng sympati. At vi ikkje skal brøyte oss inn til posisjonar, men smyge oss inn og nikke når nokon seier at vi får lov til å bli med i klubben. Spørsmålet er no: når er det vi blir klare til å takle ei kvinne som ikkje passar inn i kjønnsrollemønsteret? Svaret er usikkert, men det som er sikkert er at prossessen er utsett i enda nokre år. Takk medie-Noreg. Tusen, tusen takk.

28. mars 2007