Magasinett

Synsingar

Utskrift

... og at det er ein nyttig ting kan ingen koma frå.

Skrive av Åsne Høgetveit .

No er det jol att (eller, jol er det endå ikkje, men advent er det)! Og i år au snakkar dei om ny rekord i bruk av pengar. Noko slik som 40 milliardar, litt under tusenlappen på  smått og stort. Dei sa i radioen at til samanlikning sender Noreg halvparten så mykje i u-hjelp. Eg har ikkje tenkt å moralisere så veldig mykje, men!
 
Eg spør ofte dei eg har tenkt å handle gåver til kva dei ynskjer seg, og som oftast endar eg opp med å handle noko heilt anna. Berre litt slik for å overraske litt. Så eg sendte ei tekstmelding til far og lura på kva han ynskte seg. Han sende sjølvsagt att ei nokså typisk far-ynskjer-seg-meldig: ”Snille ungar som kjem heim og snakkar om det som opptek dei, og som spilar litt kort med meg”. Det er nokså umogleg å handle noko stort når han er så tullute. Eg hadde ein prat med han litt seinare, og han sa at når  det eingong er slik at eg har det litt trongt som student tykkjer ikkje han at eg skal bruke pengar på han. Far er snill han, og så har han det meste han treng.

Og det er vel litt greia. At folk som har det meste dei treng er det litt vanskeleg å handle ein ny ting til. Iallfall når ein har ein viss økonomi å ta omsyn til. Det virkar som kvar haust blir det kasta ut nye ting som er spesialdesigna for folk som i grunnen har alt. Dei er stort sett praktiske til ein viss grad, men pizzasteikarar, mjølkeskummarar, universalfjernkontrollar, epleskrelledelemaskinar og ei heil rad andre dingsar er og blir dingsar. Eg har ei kjensle at størsteparten av dei som får slike presangar nyttar dei to vender for året, det er dei to vendene dei ryddar i skåp og bodar og finn at dei snedige gåvene. Det virkar i det heile som at mange presangar har berre ein funksjon som presang, og ikkje som noko mottakaren kjem til å ha noko vidare glede av.

Serleg viss budsjettet er under hundrelappen kan ein ende opp med mykje rart. Ofte er det då snakk om presangar til kompisar. Eg har både gjevi vekk og fengje ein del dill dall av den typa. Mykje stend på hylla, ein del er stappa vekk på loft og i bodar.

Kvifor kan ein ikkje berre innsjå at dei færraste i samfunnet vårt treng meir ting? Og dei som faktisk treng det er dei som får dei færraste presangane likevel. I staden for å gje vekk ei halvdyr, unyttig gåve som ingen har vidare glede av, kvifor ikkje gje noko like dyrt, men mykje finare? Som ein tur på kino i lag, eller ein konsert, eller ein tur på kafé, eller ein fjelltur, eller ein triveleg middag, eller ei teneste, eller frimerke så ein kan sende brev.

Eg håpar far blir mykje meir glad for gåva eg gjev han i år, enn dei dvd-ane eg har handla før (han har ikkje dvd-spilar så han må sitje å sjå dei på dataen).
14. desember 2006