Magasinett

Synsingar

Utskrift

Av og til skulle eg ønskje at eg var eit asosialt, uengasjert og litt einsidig vesen

Skrive av Sigrid Sofia Kleiva-Gramstad .

Eg er, som mange i dette landet, ein student. Eg er til og med student i den største byen i landet, den med flest studentar. På toppen av dette har eg, som så mange andre, studielån. Eg får utbetalt 6100 kroner i månaden slik at staten kan hjelpe meg å studere, slik at eg skal kunne sleppe å jobbe og kunne fokusere på å studere. Dette er jo sjølvsagt veldig bra, for eg har fjorten timar med obligatorisk undervisning og to forelesningar i veka som eg bør gå på. I tillegg kjem sjølvsagt kollokviegruppene som ein burde delta på. Det er bra at staten gir meg 6100 kroner i månaden slik at eg skal kunne sleppe å jobbe, for i tillegg til denne undervisninga skal eg jo lese og lære tusenvis av sider på pensumlista og lære meg eit nytt språk. Dette hadde jo gått heilt fint, hadde det ikkje vore for at eg ikkje er eit asosialt, uengasjert og litt einsidig vesen.
 
Ein skal i gjennomsnitt ha ca 112 vakne timar i veka. Dersom ein brukar eit minimum av tid på transport, mat og hygiene (forutsett at transport også er å gå frå ein plass til ein annan på t.d. Blindern) og trekk ifrå dette, har ein 77 timar i veka til andre ting. Russisklæraren min har gitt oss beskjed om at vi burde bruke åtte timar om dagen på russisken. I tillegg er det vel smart å bruke minst to timar kvar dag på dei andre faga, og det går åtte timar i veka til kollokvie og anna undervisning. Etter eit langt og komplisert reknestykke, ser eg at det som er igjen av veka mi er minus ein time. Og dette hadde jo nesten gått fint, hadde eg berre vore eit asosialt, uengasjert og litt einsidig vesen.

Eg er veldig glad for dei pengane eg får av staten, men over halvparten går bort i husleige, det går fire hundre på månadskort (og etter jul kostar det meir), det går minimum fem hundre kroner i telefonrekning, minimum femten hundre på mat og i tillegg kjem andre utgifter (julegåver, TV-lisens m.m.). Dersom ein ser bort frå dei uforutsette utgiftene, så har eg to hundre kroner igjen som eg kan bruke på fanteri. Og dette hadde jo vore topp, hadde det ikkje vore for at eg ikkje er eit asosialt, uengasjert og litt einsidig vesen.
 
Eg er eit ganske sosialt vesen. Eg likar å dra på café, møte folk i kjellarane på Blindern i helgene, jobbe gratis som bartender på Uglebo, vere aktivt med i AUF og drive med politikk, bruke tid på familien min, dra på kino ein gang i blant, besøke kjærasten min i Trondheim, drikke te med ho eg bur saman med og i tillegg er eg glad i å slappe litt av. For å få råd til dette, må eg skaffe meg ein jobb. For å få tid til alt saman, må eg utvide døgnet.

Av og til skulle eg ønskje at eg var eit asosialt, uengasjert og litt einsidig vesen.

19. november 2006