Magasinett

Synsingar

Utskrift

Ord som finst, men ikkje i ordboka

Skrive av Jon Peder Vestad .

Nyleg fekk eg spørsmål om det gjekk an å bruke ordet familiegjenforeining på nynorsk. Ordet står nemleg ikkje i Nynorskordboka, og det gjer forresten heller ikkje kviss, som til og med Språkrådet bruker! Ein annan gong vart eg spurd om det var lov å finne opp ord .... Det er det!

I tilfellet familiegjenforeining finn vi alle orddelane i nynorsken frå før – familie, gjen- og foreining. Derfor bør familiegjenforeining vere eit heilt greitt ord å bruke på nynorsk. Og sjølvsagt har vi lov til å finne opp ord! Vi kan ikkje vente til det har komme i noka ordbok, vi må berre ta orda i bruk. Det er slik vi har fått ord som takgrind, hjerneflukt, idémyldring og konfliktvegring, for å nemne nokre få.

Det tek tid før ord og skrivemåtar kjem inn i ordbøkene. Viss de slår opp skrivemåten kviss for quiz, finn de ingenting i Bokmåls- og Nynorskordboka. Men skrivemåten er i bruk, også av Språkrådet. Det er ikkje noko i vegen for å skrive kviss, altså. Og slik er det med mange nye ord, også. Dei dukkar opp, og om vi treng dei, så bruker vi dei anten dei står i ordbøker eller ikkje. Likevel er det alltid lurt å slå opp i ordbøker fyrst, og det er sjølvsagt ein grunn til at enkelte ord manglar i nynorsk og bokmål – dei hører ikkje til i målforma.

Ordet vennolekt dukka opp i radioprogrammet Mamarazzi for nokre år sia om språkbruk som er gjengs i ein venneflokk, og i overskrifter kan vi rett som det er finne nye ordsamansetjingar. Viss ein vil ha fram at nokon er lik i forbifarten, kan ein for eksempel seie at han eller ho er snarlik (snar-lik), jamfør også snarpen (snar-pen). Orda må sjølvsagt vere forståelege. Ordet gruff er eit ord som ein kar i kaffibransjen kom på for ein god del år sia, og det finst i ordbøkene no. Vi hører liksom på ordet kva det tyder.
Historia bak fenomenet ’olabukse’ er forresten litt artig. Rett etter andre verdskrig var det mange norske soldatar i den såkalla Tysklandsbrigaden, og dei vart omtalte som  olasoldatar. Omtrent på denne tida var det at namnet olabukse dukka opp, og dette namnet er eitt av dei som vi veit kven har skapt. Tor Wessel Kildal i klesfirmaet Adelsten Kjølner kom på ordet. Olasoldatane var populære i etterkrigstida, og firmaet Wessel Kildal arbeidde i, laga slitesterke bukser for gutungar i ti-tolvårsalderen. Men firmaet ville gjerne utvide målgruppa, og da tenkte Wessel Kildal at denne typen bukser kanskje ville slå an hos unggutar og unge menn dersom namnet på buksa vart knytta til det populære ola-omgrepet. Det skjedde.
Vel.det som det ikkje finst ord for, må forklarast, ofte med eit nytt uttrykk. Dette er som oftast ikkje noko problem, viss kvar orddel eller samanhengen gjer det tydeleg kva ordet står for. Ord som dagmamma og lysløype var nye ein gong, dei også. No er dei innarbeidde, og vi tenkjer ikkje på at dei slett ikkje fanst ein gong i tida.

Oftare enn vi finn opp nye ord, tyr vi til uttrykk som er velkjende, kanskje til og med utslitne. Det kan vel hende at det er hakket verre enn å utvide ordforrådet?