Magasinett

Synsingar

Utskrift

Livet som student

Skrive av Borghild Gramstad .

Foto: StockxchangeMange ungdommar i Noreg byrjar på ei ny og spennande tid i desse dagar. Universiteta og høgskulane blir fylde opp. 

 


Kva vil det seia å vera student? Koss blir kvardagen min framover? Får eg venner her? Klarer eg å ta eksamenar og forstå faga? Kva betyr alle desse nye orda eg møter overalt?

Då eg byrja å studera, fekk eg låna ei bok av ein eldre bror.Boka heitte noko slikt som ”myter og fakta om universitetet”.

 

Noko av det eg hugsar best, var dette: Du må ikkje lata deg lura av at alle andre ser ut til å ha betre kontroll enn deg. Du sit på ei førelesing og ser rundt deg, og alle andre noterer. Er det verkeleg berre du som ikkje forstår kva førelesaren seier?


Nei, sjølvsagt ikkje! Frykta for det kloke ansiktet, kalla forfattarane av boka dette. Du kan trygt rekna med at dei fleste har det som deg. Og kanskje har du sjølv klart å setta opp eit slikt klokt ansikt ein gong? Eit ansikt som kan gjera andre utrygge? For det lærer ein fort som student: å sjå ut som om ein har kontroll.

{mospagebreak}

Heldigvis er dei aller fleste høgskular og universitet klar over at det ikkje er lett å vera nybyrjar. Derfor er det gjort mykje for å ta imot dei nye studentane. Som ny får du ofte ein ansvarleg, ein fadder, som skal ta seg ekstra av nett deg (og eit par til). Den første veka av studieåret er som regel ei velkomstveke – ”debutveke”.


Alle organisasjonar, lag og foreiningar som vil ha tak i studentane, gjer også ein ekstra innsats no når hausten byrjar. Så sjølv om den nye studenten er fersk og usikker, så er han eller ho veldig interessant for mange! Ikkje minst veit alle som driv uteplassar, kafear, pubar og diskotek at eit nytt studieår betyr nye kundar. Nye kundar som nett har fått studielånet sitt, og som har pengar som brenn i lomma.


Ein viktig del av ei velkomstveke er då også at fadrane tar med seg si faddergruppe ut på byen, for å sjå kva utelivet har å by på for ein som kanskje nett har kome til staden. Eit vanleg syn for oss fastbuande i denne tida er små eller store flokkar med unge folk på uteplassane.


Saman med dei er ein litt eldre student med ei t-skjorte der det står FADDER med store bokstavar. Alt dette er flott, og heilt sikkert til hjelp for at dei nye skal få koma seg inn i eit studentmiljø. Men kva treng ein å læra for å bli ein god student og eit lukkeleg menneske? Litt av kvart, sjølvsagt. Noko av det mange nye studentar dessverre lærer, er at livet som student inneheld ganske mykje alkohol. 

{mospagebreak} 

Då eg kom til Bergen som ny student, blei eg møtt av ganske aggressive haldningar då folk forsto at eg ikkje drakk alkohol. Kanskje særleg fordi eg ikkje hadde ein ”god” grunn. Ikkje var eg religiøs, og ikkje hadde eg ein sjukdom som gjorde at eg ikkje kunne drikka. Eg syntest berre ikkje det var noko poeng i å bruka mange pengar på å bli tåpeleg og slitsam, berre for å angra på alt dagen etterpå.

 

Den gongen undra det meg mykje at mine eigne val kunne provosera andre. Seinare har eg kome fram til at dei som blei provoserte såg på mitt forhold til alkohol som ein trussel. Ein trussel ikkje berre mot deira eigne drikkevanar, men også eit svik mot heile studentlivet. For det å festa midt i veka, å møta i bakrus på undervisninga, å skryta av kor full ein blei dagen før – ja, nett det er kva livet som student har å by på for mange.

 

Her eg bur no, i Tromsø, er dei stolte av utelivet sitt. Det bildet av Tromsø som møter dei tilreisande, er at her er det full fest nærast døgeret rundt, heile året. Lysløypa på byen er like kjent som lysløypa i skogen. Dette er sjølvsagt noko som også blir lært bort til dei nye studentane. Mange meiner tydelegvis at å drikka og å studera heng saman. Så mange meiner dette at det har blitt eit stort problem på mange lærestader.

 

Problemet er så stort at arbeidslivets sitt senter som arbeider med rus og  avhengigheit (AKAN), no vil ha tak i studentane for å gjera noko med drikkinga deira. Undersøkingar viser at 37 prosent av studentane ved Universitetet i Oslo bruker så mykje alkohol at det går ut over helsa. For NTNU i Trondheim er det same talet heile 44 prosent.

{mospagebreak} 

Grunnen til at arbeidslivet er redde for studentane sine alkoholvanar, er sjølvsagt at desse studentane seinare skal ha seg eit arbeid. Det blir vanskeleg for både arbeidsgivaren og dei som skal arbeida der, dersom studentane tar med seg drikkevanane inn til ein arbeidsplass. 

 

Når det gjeld studentar og deira forhold til alkohol og drikking, har eg stor tru på at det fleirkulturelle samfunnet kan hjelpa oss. Å vera norsk blir etterkvart fylt med innhald frå mange ulike etniske grupper og kulturar. Det betyr mellom anna at mange av dei som no er nye studentar, har eit anna forhold til alkohol enn det som har vore vanleg blant etnisk norske ungdommar. Det kan vera på grunn av religion eller på grunn av heimesituasjon. Kanskje også på grunn av ei kjensle av å vera ansvarleg for andre enn seg sjølve.

 

I alle fall blir det fleire etterkvart som ikkje let seg ”lura” til å tru at studering og drikking heng saman. Vona er at det kan bli så mange at det blir lettare for dei som drikk å halda måten også. Så kanskje den fadderen eg såg sist helg kan få hjelp både med sitt eige drikkemønster, og hjelp til ikkje å læra det vidare til andre. Han var nemlig den fullaste i gruppa.

 

Lettlest ugleDette er ein lettlest tekst med korte setningar , enkle ord og få framand-ord.