Magasinett

Synsingar

Utskrift

Viktig om makta i språket

Skrive av Jon Peder Vestad .

Før sommarferien kom ei stortingsmelding om språk. Kulturdepartementet stod bak meldinga, som heiter Mål og meining. Eitt emne som blir drøfta i meldinga, er språk og makt. Det ligg mykje makt i språket, meir enn mange tenkjer over. Med makt følgjer som kjent ansvar, og det er eit poeng denne språkmeldinga tek opp.

Språket blir brukt for å setje ord på ting og tankar. Somme måtar å bruke språket på reknar dei fleste av oss som naturlege og rette. Men når vi har valt éin måte å bruke språket på, har vi samstundes valt bort alle andre måtar som kunne ha vore brukte. I dette finst det språkleg makt. Om ”heile ein av fem meiner X”, så gjev det eit anna inntrykk enn ”berre ein av fem meiner X”. Ordval og syns-stad inneber at akkurat dette blir sett som det mest naturlege eller tenlege å bruke. Det treng det ikkje vere.

Hegemoni, dominans og haldningar
Stortingsmeldinga Mål og meining tek opp språk og makt frå ulike sider. To omgrep som er brukte, er dominans og hegemoni. I ein språkleg samanheng kan dominans vise seg ved at ein ser ned på språkbruken til folk frå område eller sosiale lag som ikkje har prestisje. I meldinga står det at å ha hegemoniet ”inneber å kunna seia kva som blir rekna som normalt”. Det ikkje heilt ukjende ordparet ”norsk og nynorsk” blir brukt som døme. Det kan vere ytra heilt ubevisst, men er likevel eit teikn på at bokmål er vanleg norsk og nynorsk ikkje er det.

Det skal ofte ikkje så mykje til før det kan ein merkar ei negativ haldning til somme typar språkbruk: Reaksjonar på ein æ-lyd i eit ord som båtær, at ein seier je om seg sjølv, eit ord som stutt og så vidare kan vere nok. Vi finn døme på bokmålshegemoni dersom nokon må seie frå om at nynorsken faktisk finst og skal brukast i det offentlege. Det skulle vere sjølvsagt, men bokmålsdominansen kan gjere enkelte ”språkblinde” – dei glømmer (?) nynorsken. Når ein ser ned på språkbruken til eit anna menneske, ser ein også ned på ein del av dette mennesket.

Det fleirspråklege Noreg
Bokmålet dominerer over nynorsken, i den forstand at det finst mykje meir bokmål enn nynorsk i samfunnet vårt. Men bokmål er ikkje brukt av fleirtalet over alt i landet. Meldinga slår fast at der det er snakk om norsk språk, famnar det om båe målformene. I Noreg har vi ein språkdelt nasjonal felles-kultur.

Noreg har aldri vore noko eittspråkleg samfunn, og det er heldigvis slutt med at ein prøver å tvinge samar og kvener (folk av finsk ætt) til å glømme morsmålet sitt. Dei siste tiåra har mange andre språk har komme til i samfunnet vårt. Vi har fått nye, språklege mindretalsgrupper, minoritetar. I meldinga står det blant anna at minoritetane ”utgjer eit demokratisk dilemma ved at dei er mindre med i dei demokratiske prosessane”. Det er altså eit problem at dei ikkje tek like stor del i samfunnslivet som andre. Men dei har same rettane som alle andre. Derfor heiter det i meldinga at det er ”viktig at alle får læra å skriva og snakka flytande norsk godt nok til å delta på like vilkår i samfunnet”.

Ansvaret ligg hos den som vil bli forstått
Meldinga slår fast at ”den som har noko å melda, har i prinsippet sjølv ansvar for å bli forstått” av den dei vender seg til. Eit unnatak er når mottakaren ikkje vil forstå, eit poeng vi nok oftare burde tenkje over. 

Offentleg språkbruk kan dei fleste av oss ha problem med, same kva morsmål vi har. Ifølgje meldinga kan det vere så mange som éin million i Noreg som har vanskeleg for å forstå innhaldet i vanlege offentlege tekstar. Uklart offentleg språk kan vere eit hinder for mange til å få hjelp og støtte. I tillegg krev det meir strev og tid å setje seg inn i for dei tilsette. Alle taper på tung språkbruk – med eitt unnatak: Somme gonger ønskjer enkelte bevisst å bruke eit ugjennomtrengeleg språk, som det heiter, for å skjerme seg mot innsyn og kritikk. Makt igjen!

Ein aktiv språkpolitikk
Ei stortingsmelding som Mål og meining syner i seg sjølv at språk blir sett på som noko det er viktig å ha ein klar politikk for. Somme har den haldninga at staten ikkje skal leggje seg opp i språkbruk og at ein bør ha ei ”fri språkutvikling”. Å ”ikkje” ha ein språkpoltikk er også språk-politikk.

Vi har lang tradisjon for ein aktiv språkpolitikk hos oss, og det finst klare reglar for offentleg språkbruk, blant anna i ei eiga mållov. Norsk språkpolitikk skal motverke uheldige utslag av språkleg makt, som latterleggjering, usynleggjering og mobbing. Den uformelle språkmakta i samfunnet er likevel sterk, og i språkmeldinga er det nemnt at ein må finne betre ut av kva område mållova gjeld for. Ein må også sjå betre til at mållova blir følgt. Det tener nynorsken på.

Eit mål for ein ny språkpolitikk skal vere å omfordele språkleg makt, heiter det. Avgrensa og målretta haldningskampanjar er nemnt som moglege tiltak for å endre språklege maktforhold, hand i hand med økonomiske løyvingar og bruk av lovverket. Utfallet er til sjuande og sist likevel avhengig av det kvar av oss gjer med tunge og tastatur.


Synsinga er ein redigert versjon av ein artikkel skriven for LO-bladet Sentralposten.