Magasinett

Synsingar

Utskrift

Dei misnøgde nordbuarane

Skrive av Ola A. Hegdal .

Foto: StockxhangeHer om dagen høyrde eg ein prest på radio. Morgonritualet mitt er kaffi, radio og aviser, og det er ikkje alltid eg bryr meg om å skru av når morgonandakten kjem. Og denne morgonen høyrde eg ein prest som gjekk hardt ut mot nordmenn fordi vi var så misnøgde.

Nordmenn var altfor sytute og sutrete, meinte presten. Sjølv om vi har det godt og badar i luksus, klarer vi ikkje å nyte det, men vil stadig ha meir. Spesielt var det avisoppslaga om reaksjonane på dei høge bensinprisane som hadde gjort han desillusjonert og lei seg på vegner av alle norskingar.

Til samanlikning kunne presten fortelje om ei reise han hadde gjort til Afrika. Der hadde han møtt smilande og glade afrikanarar i hopetal. Ja, dei hadde ledd og smila, enda dei ikkje hadde stort og ofte var plaga av sjukdom og svolt. Dette var eit eksempel til etteraping for oss misnøgde norskingar, meinte presten. Enn om vi og kunne glede oss over dagen i dag og slutte med å vere så misnøgde heile tida?


No kan ein sjølvsagt innvende at dette ikkje kan stemme, at alle menneske er like, og at det difor ikkje kan vere nokon skilnad i lynne og innstilling mellom nordbuarar og afrikanarar. Men dersom ein godtek denne skildringa av røynda som presten kjem med, finst det ein annan måte å tolke dette på. Her har de nokre tal om Noreg og det relativt velfungerande afrikanske landet Nigeria, henta frå Wikipedia og Statistisk Sentralbyrå.

Døde spedbarn i Noreg: 4 per 1000
Døde spedbarn i Nigeria:  97 per 1000
Forventa levealder i Noreg: 79 år
Forventa levealder i Nigeria: 47 år
Analfabetisme i Noreg: 1 %
Analfabetisme i Nigeria: 32 %

Desse tala stadfester det dei fleste av oss har ein mistanke om ifrå før: På ganske mange område står det dårlegare til i Afrika enn i Noreg.

No kan ein seie at det er heldig for afrikanarane at dei har denne evna til å vere glade uansett, så lenge leveforholda er slik dei er. Samstundes skal vi ikkje sjå bort ifrå at denne skilnaden i lynne som presten peikar på, òg kan vere noko av årsaka til skilnaden i levestandard.

Kulturen og tenkjemåten i nord har utan tvil vorti prega av det barske klimaet vi lever med. For nordbuaren var det aldri nok å ha mat nok for i dagen i dag, ho visste at det kom ein vinter som ein var nøydd til å vere budd på, skulle ein overleve. Helst skulle ein ha mat nok liggjande også for neste vinter, i tilfelle avlinga neste haust skulle slå feil.

Det er derfor vi aldri er heilt nøgd med det vi har. Derfor strever vi stadig med å forbetre bustaden vår og skaffe oss fleire nyttige ting, samstundes som vi arbeider med å gjere samfunnet som heilskap betre og meir velfungerande. Og det er ikkje rart at denne lettare nevrotiske fliten over tid har ført med seg velstand og gode kår for dei fleste.

Men eg kan skjøne at dette vestlege eller nordlege samfunnet ikkje alltid er optimalt for ein prest. Så opptekne som mange nordbuarar er av å pusse opp huset sitt og arbeide hardt for å kjøpe seg finare bil, får dei ikkje tid til å bry seg om dei høgare, andelege verdiane.

Og med ein så velfungerande samfunn som vi har, og med så mange folk som klarer seg utmerkt på eiga hand, blir det lite å ta seg til for kyrkja. For kyrkja er det betre med faste, regelbundne kriser slik at folk ikkje gløymer kor små og maktesløyse dei er, slik at dei med jamne mellomrom må vende seg til representantane for guden for trøyst og hjelp. Eg tvilar ikkje på at ein del prestar hadde likt at nordbuarar hadde vori meir gladlynte og korttenkte: det hadde gjort underverk for å fylle kyrkjene på søndagane.

Men nok om det! No skal eg ut og stable ved. Vinteren er rett rundt hjørnet, og vi må ha noko å fyre i omnen med.

Det beste med å vere misnøgd, er den gode kjensla ein får av å gjere noko med det.