Magasinett

Synsingar

Utskrift

Mao-effekten

Skrive av Ola A. Hegdal .

Mao Foto: FlickrFormann Mao er ein verdsomspennande merkevare på linje med Levis og Coca-cola, og det har kinesarane fått med seg. I Beijing kryr det av Mao-effektar for vestlege turistar. Her kan du kjøpe t-skjorte, lue, buttons, og mange slår til og tek med seg ein slik suvenir heim.

På OL-sendingane i Beijing kunne vi sjå Ingerid Stensvold dressa opp i Mao-klede. Mao-effektar var også morosame premiar for å svare rett på konkurransane i NRK-regi. Men hadde det vori naturleg for NRK å lodde ut Hitler-effektar frå fotball-VM i 2006?

 

Rett nok er gjerne slik at det blodige ryet til mange tyrannar og diktatorar bleiknar etterkvart. Etter nokre hundre år framstår dei meir som segnomsuste leiarar og erobrarar enn som massemordarar. Ein kan ikkje vente at ettertida skal halde på skrekken for menn som Djengis Kahn eller Napoleon som dei første generasjonane etter dei hadde. Det spesielle med Mao er at det er så kort tid sidan han herja på det verste. Dei verste overgrepa under Mao sit regime fann stad på 50- og 60-talet, for mindre enn femti år sidan.

I 1958 lanserte Mao den gigantiske reforma som skulle bli kjent som «det store spranget». Her vedtok han at Kina skulle ta eit stort steg inn i framtida, og mangedoble produksjonen av stål og landbruksvarer i løpet av få år. Alle var naturlegvis einige i orda til den store formannen. Alt anna ville vore øydeleggjande for karriera og, i mange tilfelle, for livet.

Bøndene i dei ulike distrikta prøvde, men dei makta ikkje å produsere så mykje som dei hadde fått beskjed om. Men leiarane for distrikta våga ikkje å melde frå om at dei ikkje klarte å innfri krava. Noko som førte til at store mengder korn vart transportert vekk frå dei lokale kollektivbruka som hadde produsert det, og selt til utlandet. Resultatet var ein katastrofal matmangel som leidde til ein frykteleg hungersnød. No til dags reknar ein med at mellom femten og tjue millionar kinesarar strauk med. Ja, du leste rett: mellom femten og tjue millionar menneske.

«Det store spranget» har vorti ståande som eit kroneksempel på kor ille det kan gå dersom all makt er samla på få hender. Men, rett skal vere rett, Mao ville truleg ikkje drepe desse folka. Hungersnauda var ikkje resultatet av vondskap, berre av ein grenselaus vankunne.

Det same kan ein ikkje seie om perioden som følgde. Frå 1966 til 1968 gjennomførte Mao og støttespelarane hans ein kampanje med det relativt uskuldige namnet «Kulturrevolusjonen». I røynda var dette ein storstilt utreinskingsaksjon, der alle som kunne bli mistenkt for å motarbeide regimet, vart arresterte, internerte eller drepne. Etter «Det store spranget» kunne det utvilsamt vere ein og annan kinesar som stilte seg tvilande til om Mao visste kva han heldt på med. Men mange vart arresterte og drepne berre på grunn av rykte om at dei skulle ha borgarlege sympatiar.

Det er verdt å merke seg at både «Det store spranget» og «Kulturrevolusjonen» fann stad i god tid før ml-arane på syttitalet oppdaga at dei elska Mao.

Statsvitaren Rudolph J. Rummel har rekna ut at Hitler var ansvarleg for at 21 millionar menneske døydde i dei områda han hadde styringa over. Til samanlikning leidde Mao drapa på omtrent 37 millionar. Sjølv om vi held dei millionane som døydde under det store spranget utanfor, var altså Mao ansvarleg for drapa på på omtrent dobbelt så mange som Hitler. Likevel er det slik at ganske mange tykkjer det er morosamt med Mao-t-skjorte og lue med hammar og sigd på, medan ingen vituge menneske ville funne på å gå rundt i Hitler t-skjorte og lue med hakekross på.

Korfor? Her er to forslag til forklaringar:

1) Mange norske venstreintellektuelle har hatt ein tendens til å meine at medan nazismen var rein vondskap, var kommunismen ein slags litt hardhendt form for humanisme. Mao var såleis ein menneskevenleg og human tyrann, som diverre måtte nytte i overkant dryge verkemiddel for å verkeleggjere idealsamfunnet sitt.

2) Hitler drap europearar midt i Europa. Medan det ikkje gjer det same inntrykket med ein fyr som drep kinesarar langt borte i Asia.

Køyr debatt!

Foto: Flickr