Magasinett

Synsingar

Utskrift

Synsinga som skulle handle om

Skrive av Lars Mæhle .

... Mannen som elsket Yngve, men som ikkje elska vitsen om Mannen som elsket Yngve, men som endte opp med ikkje å gjere det likevel

Denne gongen, altså. Ja, denne gongen skulle eg skrive ei ramsalt synsing om Tore Renberg. Enda eg likar forfattarskapen hans. Og enda om eg synest han er ein hyggeleg fyr. Eg skulle skrive ei synsing retta mot Jarle Klepp, den fjompen, og ikkje minst mot den første boka om Jarle Klepp, Mannen som elsket Yngve.


Saka er den. Sonen min, som no snart er eitt år gammal, heiter nettopp Yngve. Og eg skulle skrive ei synsing om dette – ikkje om sonen min sitt namn og heller ikkje om boka Mannen som elsket Yngve, men om vitsen om Mannen som elsket Yngve.

Denne mannen er nemleg ingen annan enn eg. Dette skulle eg skrive om. Om vitsen. Den eg alltid får høyre når eg seier kva sonen min heiter. Og der trilla eg inn på skogsstien, med sonen min sovande i barnevogna, eg renska tankane, klar for å pønske ut ein god innfallsvinkel og glitrande formuleringar til akkurat denne synsinga.

Kort om bakgrunnen: Da kona mi og eg skulle velje namn til sonen vår, fall valet naturleg på Yngve. Dette fordi det er eit famlienamn i slekta til kona mi. Og fordi vi rett og slett likar namnet. For dei som ikkje veit det, stammar namnet ’Yngve’ frå norrøn mytologi – og er eit anna namn på guden Frøy. Dernest har det sitt opphav i Ynglingeætta, Sveriges mytiske kongeætt, som hadde sitt sete i Uppsala. Ei grein av Ynglingeætta er vidare ifølge Snorres ”Ynglingesaga” den norske Hårfagreætta.

Så mykje om historie. Situasjonen no er nemleg ein heilt annan. Ein viss Tore Renberg har, som altfor mange kjenner til, skrive ein roman som heiter Mannen som elsket Yngve. Og da eg trudde at oppstusset rundt boka hadde lagt seg, kjem f… meg filmen. Berre nokre veker etter at vi har bestemt namnet på sonen vår.

Så er det det: Folk spør alltid kva barna dine heiter. Det er ein av innfallsportane i klassisk smalltalk. Lik det eller ikkje. Og når folk spør kva sonen min heiter, svarar eg som sant er: Yngve. Og da skjønar du kva for vits som kjem i retur?

”Du er mannen som elsker Yngve du, da?”

Til alle dykk som lurar på dette, er svaret: JA! EG ER MANNEN SOM ELSKAR YNGVE!

Det var godt å få sagt det. Ein gong for alle.

Saka er den: Den er så opplagt denne vitsen, så ufatteleg opplagt at ein skulle tru folk hadde skamvett nok til ikkje å ytre noko så opplagt. Men skamvett har dei ikkje. Tvert imot. Folk flest har ein nærmast pervers legning for det uhumoristisk opplagte. Berre spør venninna mi Karen Marie om kva for vits ho alltid får høre. (Karen Marie Ellefsen … haa-ha, supervittig!) Folk seier stort sett det første og beste som dett ned i hovuda deira, truleg i mangel av betre idear. Tausheita er alles frykt og verste fiende. Heller ein dårleg vits enn tausheit.

Så, eg skulle skrive om denne vitsen. Kor utruleg opplagt den er, og om kva for umenneske som maktar å lire av seg slike urkjipe vitsar. Eg gjekk på tur i skogen med sonen min, trilla innover stien mens trasten skvatra og sola kila seg gjennom bladverket i trea.

Eg skulle skrive at når alt oppstyret rundt filmen Mannen som elsket Yngve endeleg hadde lagt seg, da fekk han søren meg Amanda-prisen! Filmen kjem deretter ut på DVD, boka i ny pocketutgåve osv. osv. Og Yngve-vitsen lever sitt gode liv.

Ut over sommaren stilna det heldigvis noko. Puh! tenkte eg. Men kva pokker er det som skjer? Jo, Tore Renberg, menneskets versjon av propellen, gir søren meg ut band nummer 3 i sagaen om Jarle Klepp. Dermed blir bok 1, ingen ringare enn Mannen som elsket Yngve, aktuell på ny. Og på ny.

”Du er mannen som elsker Yngve du, da?”

JAAAA!!!

Ikkje nok med det. Tore Renberg gir seg ikkje så lett. I samband med lanseringa av bok 3 om Jarle Klepp, gjer Renberg det klart at han ikkje aktar å stanse her. Han skal skrive Jarle Klepp-romaner heile livet, seier han, band etter band skal strømme ut i ei uoverskueleg framtid. Med andre ord: Jarle Klepp skal heimsøke meg, igjen og igjen. Alltid skal Mannen som elsket Yngve-vitsen synge der bakom skogane.

Så Tore Renberg, hør etter no: Eg ber deg, nei, eg tryglar deg om å droppe Jarle Klepp. La han kvile no. For godt. Ikkje fordi dette er dårleg litteratur. (Det er det ikkje, tvert imot synest eg bøkene er gode.) Ikkje fordi eg har noko imot deg. (Tvert imot: Tore Renberg er, som sagt, ein hyggeleg fyr.) Men fordi eg ikkje orkar å høyre vitsen om Mannen som elsket Yngve lenger. Finn på eit nytt namn, ein ny rollefigur. Skriv noko heilt nytt. Eg bryr meg ikkje om kva. Berre gjer noko! For Guds skyld.

Dette skulle eg skrive om i denne synsinga. Dette gjekk eg og tenkte på der inne på skogsstien mens eg trilla barnevogna med min sovande son.

Men akkurat mens eg gjekk der fordjupa i tankar, kom det ein hund – heilt ut av det blå – og beit meg i leggen! Eg køddar ikkje. Det er heilt sant. Ein liten tass som berre sprang inn i meg bakfrå og beit meg i bakleggen. Eg måtte til legevakta og deretter få sprøyte mot stivkrampe og knaske antibiotika i fem dagar!

Så denne synsinga skal istaden handle om uansvarlege hundeeigarar! Og ein ting er sikkert: Dei tre purreløkane som eig kjøteren som beit meg i leggen, viss de les dette no: (Sjansen er truleg ein av ein trillion. De er sikkert blant desse lavpanna gjøkane som av prinsipp ikkje les nynorsk.)

De burde vore bura inne!

Nei, enda betre: De burde bli bitt i leggen av bastardbikkja dykkar, mens de fekk servert Mannen som elsket Yngve-vitsen på evig repeat!

Der! Det var godt å få sagt det. No kan eg atter vende tilbake kvardagen. No kan eg atter stålsetje meg mot folk med dårleg humor. No kan eg gi sonen min ein klem og kviskre at eg er glad i han – og at han har det finaste namnet i verda.