Magasinett

Synsingar

Utskrift

Opprop, manifest, nyttårsforsett: Skriv!

Skrive av Mette Karlsvik .

Illustrasjonsfoto: FlickrFar til kjærasten min er på forretningsreise til Oslo. Vi møter han og kollegaen hans på ein restaurant.

 

Vi drikk vin saman. Eg snakkar med kollegaen. Han var musikklærar, men har høyrt at eg er forfattar, og kjem inn på den felles grunnen til musikk og skapande skriving.

- Skapande skriving må inn i Kulturskulen, seier den tidlegare læraren.

- Også musikarar, biletkunstnarar og andre kunstnarar har bruk for å skrive. Skriving er felles for alle kunstartar fordi kunst er å kjenne sine eigne kjensler og tankar, seier han.

Men eg tenkjer ikkje i kveld. I kveld drikk eg vin og er bare kjensler; er vedunderleg svimmel og ansvarslaus. Kjærasten fyller glasa. Eg drikk, held hender med kjærasten, og glømmer både kunst og klok, gamal lærdom. Lærarane får dessert. Kjærasten min snik unna noen sjokoladar, og dreg meg bort til garderoben for å dele. Dette er stas. Eg har levd eit nøktern liv. Kjærasten min lærer meg å spise. Og drikke. Vi blir veldig fulle. Eg dummar meg ut for far hans. Bare dagar seinare blir det slutt på kjærasteri.


Eg er aleine dagen derpå, sluttar å drikke og spise sjokolade, men hugsar korleis det smaka.  Gode kjensler er knytt til å vere med Han. Det kjennes som om eg aldri skal oppleve slik sanseleg glede igjen. Ei stund verkar alt håplaust.



Så hugsar eg samtala med den gamle rektoren. Han snakka om rus frå det å kjenne eigne kjensler og tankar. Erkjenning kan visst gi ein rus som liknar den frå narkotika, trening, sex og mat. Eg skriv om kjenslene mine, skjønnar meg sjølv betre, og blir nøgd på ein roleg måte. Den er annleis enn den sanselege gleda som eg delte med kjærasten min. Denne gleda sitt ikkje i kroppen. Men den hjelper meg til å ta fokus vekk frå saknet.




Med dette slår eg eit slag for å skrive! Jupp! Skriv! Og ikkje minst: Les det som andre skriv!




Skapande skriving er når tekst blir til litteratur. Kulturskulane i landet har til no drive mest med musikk og teater. Snart kan skapande skriving komme på timeplanane deira.




Skapande Skriving er også namnet på ei høgskuleutdanning: Skrivekunstakademiet i Hordaland gir Årskurs i Skapande Skriving. Utdanninga gav ingen formell kompetanse. Men i haust fekk skulen høgskulestatus. Du kan søke kurset etter vidaregåande.




Kanskje spør du deg sjølv om Dagbokskriving har verdi. Kan det bli litteratur av dagbøker? Det blir det om eg skal tru Vinduet #4/ 2008. Det er eit av dei leiande litteraturtidsskrifta i landet. I siste nummeret skriv Stig Sætherbakken Dagbok om dagbøker. Han har lese forfattar-dagbøker som er gitt ut i bokform, og nemner Anais Niin, Franz Kafka, Anne Frank, Lars Norén. Disse dagbøkene har fått status som klassikarar på grunn av språket som er medvite, biletrikt og med særeigen stemme.




Skapande skriving er dessutan det eg gjer i denne teksten. Om eg refererte ein kveld ute med kjærasten, så var det biografi eller dokumentar. Det er ikkje det. Bare noe av dette skjedde faktisk. Det er sant at vi tok eit par glas, og at eg hadde ein givande samtale om skapande skriving. Men vi stal ikkje sjokolade og gøymte oss i garderoben. Det blei heller ikkje slutt noen dagar seinare. Det er framleis eit heilt ok, nytt år i 2009. Skap 2009 til det du vil gjennom tekst!