Magasinett

Synsingar

Utskrift

Eplekrigen

Skrive av Ola A. Hegdal .

Mac eller PC

PC eller Mac? Sjå, det meiner nokon er det store spørsmålet.

Mac eller PC? Det er eit av dei typiske, oppkonstruerte vala for det moderne menneske: Vil du kjøpe dette produktet? Eller vil du tvert imot kjøpe dette produktet, som er prikk likt det første, berre at det har ein logo som ser litt annleis ut?


Vi som har vakse opp i tida til masseproduksjonen har ei nesten dyrisk trong til å framstå som individualistar, på ein trygg og straumlinjeforma måte, naturlegvis.


Dette har reklamebyråa og marknadsekspertane oppdaga for lengst. Derfor pakkar dei alle dei identiske produkta sine inn i innpakkingspapir som osar av livsstil og identitet. Ein får kjensla av at valet mellom to prikk like produkt er eit eksistensialistisk val av identitet og lagnad: Er eg ein av dei som drikk Cola? Eller er eg tvert imot ein av dei som drikk Pepsi? Når eg joggar, spring eg rundt i Nike eller tvert imot i Adidas? Er eg ein PC-mann? Eller er eg ein Mac-dude?


For min del har eg eit heller avslappa forhold til desse livsstilsdillene. Eg drikk både Pepsi og Cola og mykje rart anna, dersom eg er tørst. Når det gjeld joggesko, har eg rettnok hatt ein tendens til å springe rundt i Nike, men det er tilfeldig. Eg er så lite viljug til å ta desse eksistensielle vala, at eg til og med tillet meg å heie på både Liverpool og Manchester United om kvarandre. Mange ihuga fotballfans vil seie at det er umogleg. Men det funkar heilt greitt for meg.


Eg tilstår gjerne at eg har prøvd både PC og Mac. Begge fungerer heilt ok, sjølv om ein naturlegvis kan oppleve smårusk på begge typen maskinar. No til dags har Mac og PC stort sett dei same funksjonane og den same programvaren. Ein treng ikkje eingong å sjå spesielt stort på det, for å slå fast at Mac og PC i praksis er den same maskina.
Ettersom eg i utgangspunktet har ikkje har noko i mot PC eller Mac, har eg ofte nytta meg av PC, då det som regel er det rimelegaste og mest tilgjengelege alternativet. Dette valet fører fort ein stakkar opp i konflikt med einskilde høgrøysta og sinte Mac-brukarar. Ein skremmande stor del av Mac-folket ser nemleg på Apple, ikkje som eit datamaskinmerke, men som ei slags mystisk sekt. Det er ikkje mange som veit heilt sikkert kven det er som er guden i denne Mac-sekta. Er det Steve Jobs? Apple, kanskje, eller berre rett og slett: Mac!
Til gjengjeld er det svært få som er i tvil om at fanden sjølv i Apple-sekta, er sjefen for Microsoft, Bill Gates.


Mac-folket likar å sjå seg sjølv som kreative individualistar. Og det plagar dei ikkje at dei har fått tanken inn i hovudet om at dei er kreative individualistar frå reklamebyråa, som har til jobb å selje så mange Macar som råd er. «Rett nok kostar Mac'en litt meir og har eit noko dårlegare tilfang av programvare og maskinvare. Men den prisen er eg er villig til å betale for å kunne sjå på meg sjølv som ein alternativ individualist!» tenkjer Mac-brukaren. Han finn truleg ei hemmeleg trøyst i at det er millionar med andre kreative individualistar verda over som tenkjer nett som han.


Eg ser ingen grunn til å disse Apple for dette. Dei har berre sett ei nisje, ei luke i marknaden og nytta seg av den. Apple har teke det som i utgangspunktet er ei ulempe, det å vere den nest største produsenten av noko, og gjort det til ein fordel. Dei seier: Nei, vi er ikkje «nest størst» eller «nest best». Vi er ikkje «nest» noko som helst! Vi er alternative, originale, eksklusive. Vi er anti-Gates, off-Windows! Det at vi er nest størst er berre provet på at allmugen aldri vil kunne skjøna ekte kvalitet!


Som vanleg finst det inga masserørsle utan eit hatobjekt. Og masserørsla av individualistiske Mac-folk er ikkje noko unntak. Mac-fundamentalistane hatar Windows og PC av eit oppriktig hjarte. For ikkje å snakke om mannen som i Mac-folkets verdsbilete har teke over for Adolf Hitler i rolla som den ondaste mannen i verda: Bill Gates.


Eigentleg burde Mac-folket ein gong i blant sende i lita takk til Den store Satan, Bill Gates. For utan Bill Gates, ikkje noko Apple.


Utan eit Microsoft som er så gigantisk og verdsdominerande som det er, hadde det ikkje vori mogleg å framstille det multinasjonale milliardkonsernet Apple som små, søte og alternative i samanlikning.