Magasinett

Synsingar

Utskrift

Kjære, gode lesarar,

Skrive av Mette Karlsvik .

Teikning: Mette Karlsvikeg trekk att førre synsinga mi, som skulle vere som sosialdemokrati og difor om solidaritet,


fordi eg ikkje syntes at eg var solidarisk, eller framviste eit humant menneskesyn.


I staden får de no ein rapport frå Litteraturhuset i førre veke, med skråblikk og greier, som ho skriv, ei lovande forfattarspire på trafo.no...:


og hva gjør vi så, ville hun spurt. jo, mine herrer i "akademin", hvis du heter Selma Ottilia Lagerlöf, hvis du er halt i venstre hofte, hvis du er besatt av skjønnhet og tiltrukket av dødens hvite hav,


hvis du kjenner en innestengt trang til dans, til sang, til glede, da parerer du savnet etter barndommens liljemark og velger en livsvei som kan holde deg nær barnsommens glupske verden: Du blir forfatter. (Tore Renberg Con Amore)


 

 

Dei legg opp til det sjølv, Sæterbakken og Renberg: Denne teksten rører borti person.




14.00; Stig Sæterbakken på Amalie Skram:

Han startar førelesninga med eit faktisk familiebilde; og skildrar det med ei setning som innheld disse orda (eg hadde ikkje med diktafon, og tek det på gehør!):

Fotografi av mor mi (...)brukte ni månadar for å framkalle det som skulle bli meg (Stig Sæterbakken)



Om han slutta den såkalla personlege delen der, så hadde det private vore rettferdiggjort. Setninga er eit lite dikt. Men Sæterbakken held fram om folk som eg ikkje kjenner, og tilhøve som eg kanskje kunne ha identifisert meg med om ikkje språket framandgjorde meg:

- Skafott, seier Sæterbakken, bruker også andre ord som de litteratar kan, men som er like framande for meg som disse jeg som han snakkar om: det som er utanfor parantes, og det som er innanfor. Eg kjenner meg som i ein parantes, som i lag med "venner" som alltid snakkar om kor mange andre venner dei har, og kor mye anna dei finn på – enn det som vi gjer i lag, har i lag (og som er, naturlegvis, venner som eg forlengst har sett på taket til fordel for den handfull av gode, fine venner som eg er så heldig å ha! Men nok om meg, meg, meg...:)


Han snakkar om malfungerande familiar, om oppbrota, og om den potente krafta i å velge noen bort, og gå vidare. Det er ei ærleg sak å måtte ta slike sjølvsagt forfriskande, kortsiktig sunne val sjølv. Men eg får kjensla av at skilsmisse blir gjort til ideologi. Skilsmisme, er det lov å seie det? Og er det lov for meg, sjølv om eg ikkje anar at eg er så heldig at noen les denne bloggeposten, få henvende meg til deg personleg, og skrive;

Teikning: Mette Karlsvikskilsmisme: kan eg skrive det utan at du ikkje skjønnar noe som helst og kjenner deg i feil rom i feil by, og helst vil klikke vidare til ei anna nettside?


15.00; Tore Renberg på Wergeland:

Også Renberg startar førelesninga på ein privat måte, og fortel at han leikte med dukker då han var gut, og likte smørblomster, prestekrager og blåklokker betre enn gravemaskinene som endevender ekrer og grassletter. Han gjer det klart kva posisjon han snakkar frå; som noen som er glad i jenter, gutar, Halldor Laxness, Jan Kjærstad, kjærasten sin, som var hans highschool sweetheart, og som han har holdt saman med i tjukt og tynt sidan.


Det er privat. Men språket til Renberg er ikkje framandgjerande. Eg veit ikkje med andre,

nei, eg tør ikkje skrive eg veit ikkje med deg, eg kjenner jo ikkje deg,

men eg kjenner Renberg litt, faktisk,

ikkje sånn at vi er gode venner, men som folk flest kjenner han;

veit at han henvender seg direkte til publikum, er flink både med media og kjentfolk. Kva heiter det

(spør eg fordi svaret eg skal gi kan gi (deg?! tenk om eg kunne, turde å skrive deg, om eg faktisk turde, trudde på at noen las bloggen min?!)

altså; kva heiter det som Renberg er? Folkeleg

(som ein vel også kan kalle han som plutseleg,

midt i ei setning, eit dikt,

kva eit ord er; Nils Øyvind Haagensen). Men Renberg er altså folkeleg, bruker vanlege ord, mange ord, og fornamna til folk. Jan, seier han, og meiner Kjerstad:


- Litteraturens fagott! Det er Kjerstad, seier Renberg, utan at det blir heilt klårt på kva måte dette er relevant for forelesninga, men tippar at det har noe å gjere med at

Renberg er her for å snakke om kamerat og kommunist Haldor Laxness. Han snakkar om Bjartug som får galne og ville idear, og realiserar dei alltid. Han tek dei endåtil ekstremar. Renberg, derimot, snakkar om alle måtane dette framlegget kan gå, men lar det bli med snakket. Framlegget blir mindre om kommunisten eller blome-elskaren Laxness, og meir om Bjartug, Hamsun, og etter kvart meir og meir om Hamsun, menneskesyn, om meir og mindre humanistiske prosjekt, og er heile tida tydeleg på kva tradisjon han sjølv kjem frå: Ikkje frå ein modernistisk tradisjon. Ikkje frå ein språkminimalistisk tradisjon. Ikkje frå ein tradisjon som tematiserar framandgjeringa, rotlausa, det flyktige, einsame,

Og sånn er det at eg ikkje får kjensla av at Renberg vil lage ideologi ut av disse synspunkta. Han snakkar ut i frå noen lenge etablerte ideologiar, og er heile tida gjennomsiktig og open mht kva dei er.


Litteraturhuset på laurdag lærte meg noe om formidling, og at det handlar mye om å vere raus med orda sine. At er verdt å bruke ord og plass på å vere open om kor ein kjem i frå, og kva ein vil med noe. Så slepp ein eventuelle misforståinger. Evt; så forstår ein.

(Bilda...: Det er ikkje meininga at teikningene skal gi eit oppstykka, fragmentert og modernistisk bilde av Renberg. Eg er bare så uvant til den nye Renberg, den utan brillene! Gi meg eit år, så skal eg kanskje få levert ei teikning som liknar. Litt.)