Magasinett

Synsingar

Utskrift

Kunsten å teia når det trengst

Skrive av Borghild Gramstad .

For ikkje lenge sidan var eg i fjøra og grilla, slik ein gjerne gjer her i Nord-Noreg når snøen ikkje rekk høgare enn til knes. Me hadde funne oss ein fin stad litt utanfor Tromsø, rett nok med nokre hus i nærleiken, men likevel ganske usjenert. I løpet av dei timane me sat der, gjekk same dama forbi på vegen over oss tre gonger, og eg syntest også å kjenna igjen ein bil som stadig var ute og farta. På vegen heim blei me praia frå vindauga i eit hus, det viste seg å vera ein vag kjenning som ville veksla nokre ord. Kort sagt, eg fekk kjensla av at dei fleste i bygda hadde fått med seg at her sat det framandfolk i fjøra. Det minna meg om nabobygda heime, med rundt 100 fastbuande, der absolutt alle i løpet av ein laurdag føremiddag hadde fått med seg at ein hjort hadde gått over eit jorde klokka seks same morgon! Nei, ein veit å halda seg oppdatert på bygda.

Me som bur i by, og meiner oss frigjorte frå bygdedyret og alt slikt som urbanistane brukar til å snakka stygt om bygdenoreg, me ber likevel med oss dei same mekanismane. Berre at i staden for å snakka om naboar og folk me kjenner, sladrar me gjerne om kjendisar og folk i nyheitene. Sjølv om svært få på jobben min innrømmer å sjå på Paradise Hotel, har likevel oppsiktsvekkande mange meiningar om kor dumme dei som er med må vera. Eller at Alexander Rybak sa noko tåpeleg i eit intervju. Eller at den-og-den politikaren berre er maktglad og ute etter å mjøle si eiga kake.

Slike stunder prøver eg å tenka på Yoko Ono. Ho var jo den som fekk skulda for at The Beatles braut opp, kjærasten til John Lennon som ho var. Meir interessant for meg er det at ho er ein spennande kunstnar heilt i kraft av seg sjølv. Sist eg høyrde noko gjete Yoko Ono var i 2005, då ho var i Noreg med ei utstilling. Eit av kunstverka ho hadde med, var Rydde-verk III:

Forsøk å ikkje snakka negativt om nokon

a. i tre dagar
b. i førtifem dagar
c. i tre månader

Sjå kva som skjer med livet ditt.


Ja, kor vanskeleg kan det eigentleg vera, tenkte eg, og tok til med punkt a. Med eit enkelt grep hadde altså Yoko Ono gjort meg til kunstnar! Ikkje berre det, kanskje til eit betre menneske også? I alle fall tippar eg at eg var det dei tre dagane kunstprosjektet mitt varte. Og om det ikkje nett smitta over på folk rundt meg, var eg i alle fall ikkje med på den forgiftinga av miljøet som baksnakking og sladder så ofte fører til. Eg hadde lange indre diskusjonar med meg sjølv: Kan ein tillata seg å tenka negativt om nokon, berre ein ikkje seier det? Og kan ein snakka negativt til nokon? Det hender jo at ein må krangla …  Og kva med å himla med augo? For dei som strevar med liknande ting, deler eg gjerne konklusjonane mine: Det beste er å unngå negativ tenking, men det kan vera naudsynt i byrjinga av prosjektet. Etterkvart blir det lettare å lata vera, merkeleg nok. Det er lov å seia noko direkte til folk, det er uansett ærlegare enn baksnakking. Himla med augo er lov, men berre til deg sjølv. Om du gjer det til andre, tel det som brot på kunstprosjektet.

Eg kom ikkje lenger enn til punkt a den gongen, og dette byrjar å bli ei stund sidan. I mellomtida har eg hatt mykje og infam glede av å snakka stygt om folk, og av og til tenkt at det er ein naudsynt overlevingsstrategi, både på arbeid og i livet elles. Men det kjennest likevel ikkje bra ut å delta på sladderen rundt seg. Og så blir ein så stygg i andre sine augo av å slarva slik. Tenk på dei sladrebøtter og slarvekjerringar du har rundt deg, det klistrar noko småleg og ufjelgt ved dei, gjer det ikkje?

Så no kjenner eg trong til å stå fram som rein og klår, og med Yoko Ono som leiestjerne gjer eg meg klar for nye tre dagar, som kan bli til både førtifem dagar og tre månader, om eg er heldig og har helsa. Og kanskje skjer det noko med livet mitt?