Magasinett

Synsingar

Utskrift

Meininga med livet etter fylte fjorten

Skrive av Borghild Gramstad .

Desse varme ettermiddagane og kveldane ein kan få på seinsommaren minner meg alltid om somrane då eg var 14-15 år. Det ligg noko løfterikt og spennande over ein sommardag som går mot kveld.

Det mørknar litt, men likevel er det varmt og godt og ein kan gå ut i lette klede og sjå kva livet har å by på. Dei somrane som dukkar opp i minnet mitt, hadde mykje å by på for min del. Eg skulle ned i sentrum eller på ungdomsklubben eller på kaien for å sjå kva som skjedde, og ikkje minst sjå kven som var der. Som regel var det ein gut eg venta på eller såg etter, sjølv om det ikkje alltid var den same guten kvar gong, og somrane hadde alltid dette uføreseielege over seg. Kva som helst kunne skje!

Ein slik tidleg kveld då den fjortenårige meg var på veg ned til ungdomsklubben, gjekk eg forbi eit hus der ei kvinne heldt på å henga opp klesvasken. Ho virka eldgammal då, men no i ettertankens klare lys kan ho kanskje ha vore 40-50 år. Grunnen til at eg hugsar det, er den intense medkjensla eg kjende med henne. Kva kunne ho vel ha å leva for? Vera heime og henge opp våte klede når verda venta utanfor, eller meir bestemt på ungdomsklubben! Ikkje var ho vel forelska heller, og då kunne eg ikkje forstå kva som var vitsen, eigentleg. 

Då eg ein del år seinare nærma meg tretti år, oppdaga eg at eg det rett og slett ikkje freista å reisa på Interrail lenger. Det var eit sjokk for meg, ei kjensle eg rett og slett måtte arbeida med å godta. Eg hadde ikkje lenger lyst å overnatta i godsvogner, traska rundt i varme bygater med tung sekk på leiting etter den billegaste plassen å bu, og kjende ingen trong til å høyra fleire amerikanske unggutar spela halvdårleg på gitar på strendene i sommarnatta. Kva var dette? Etter ein lang diskusjon med meg sjølv, inkludert ein liten alderdomsdepresjon, måtte eg sjå det i augo: Ein livsfase var over. Det som var toppen av spenning og lukke for nokre år sidan, verka no slitsamt og masete. Betydde det at livet var over? Eller var det kanskje noko i det livet eg no hadde som var viktig og kjekt for meg, som eg ikkje ville ha sett pris på før?

Av og til, når eg no heng ut klesvask i varme sommarettermiddagar, og nyt lukta av reine klede og blomane i naturen og hagen, tenker eg på om det kanskje er ein annan fjortenåring som går forbi og ser meg, og tenker med medkjensle (og kanskje litt forakt?) på kor tomt livet mitt må vera. 

Eg veit jo at eg aldri ville ha høyrt på ho dama med klesvasken den gongen eg var fjorten, verdsmeister som eg var, men det må seiast likevel: Livet har mykje å by på, faktisk endå meir enn ein trur når ein er fjorten. Kanskje ville eg ha trudd meir på Joni Mitchell? Ho har skrive ein song som handlar nett om dette, ”The circle game”: Me sit på tidskarusellen og kan ikkje gå tilbake, berre sjå oss over skuldra, men det kjem nye draumar, kanskje betre og fleire.

Mitchell skal ha skrive songen som eit svar til Neil Young sin song ”Sugar mountain”, der han ønskjer seg tilbake til då han var barn og ungdom og livet var enkelt: Du kan vera tjue på Sugar mountain, men du må reisa derfrå altfor tidleg.


Nei, eg hadde nok berre himla med augo og tenkt at ingen som ikkje er fjorten forstår kva som er meininga med livet uansett, er eg redd. På den andre sida har eg altså blitt gledeleg overraska etterkvart som åra har gått og nye meiningar med livet har dukka opp, så kanskje var det best å ikkje veta det den gongen likevel?