Magasinett

Synsingar

Utskrift

På fjorden ein haustdag

Skrive av Elin Moen Karlsen .

Fjord

I desse tider er det mange som meg som er på nye vegar. På veg til ny skule, lærlingeplass eller arbeidsplass. Med buss, båt, trikk, t-bane, bil, sykkel og kva andre framkomstmidel ein vel å nytta seg av.

Det er tidleg morgon, frukosten har måtta venta, sminken blir fiksa på handikap-toalettet (der går eg bare viss det ikkje ser ut som om det er nokre som kjem til å trenga det sånn heilt umiddelbart). Dei siste minutta, om ikkje sekunda, i senga var viktigare enn både å eta og sjå så nokonlunde vaken ut.

Håret har lagt seg etter at det fekk eit lite strøk med voks der inne på handikap-wc´en og ser ikkje lenger ut som ein godt brukt piasavakost. Den tørre skiva med kvitost blir skylt ned med kaldt vatn.

Eg sit og ser ut av vindauget med marihøner i magen. Kanskje desse marihønene rekk å vaksa seg så store som sommarfuglar innan eg kjem fram. Slike store utanlandske sommarfuglar. Fjorden er grå, skyene ligg der lagvise og lysegrå. Eg knip saman augene. Sola har vald å trenga seg fram gjennom skylaget.

Kiosken med avisene eg hadde tenkt å lesa er ikkje open, eller kanskje han rett og slett ikkje finst på båten? Dette er ei lokalrute i utkant-Noreg, så det gjeld ikkje å ha for store forventningar.

Nysminka tenåringsjenter med tupert, blondt hår i hale og perler i øyra går ut døra (heiter det forresten dør på båt?) på veg til ein ny skuledag, tett fulgt av gutar med vide treningsbukser og boksershorts-glipe. Kor endar dei om nokre år? Lærarar, fiskerøktarar, matrosar, kokkar, røyrleggjarar, advokatar, elektrikarar, omsorgsarbeidarar?

Dei kan bli kva som helst – for eit fantastisk utgongspunkt! Skulle nesten ønska eg var tilbake i same situasjon som dei igjen, bare nesten. Framtida ligg der føre dei, heilt ny og heilt ubrukt.

Eg har brukt ein del av denne framtida allereie, men framleis ligg mykje føre meg, som til dømes å vera redaktør for ein nettstad for ungdom. Eg er framleis ute på fjorden ein stad, på veg, og eg håpar det er lenge til eg er i land.