Magasinett

Synsingar

Utskrift

Tøyen treng ein trafikkonstabel

.

symjarar

Jens får heldigvis vêre statsminister i fire nye år. Men Tøyen treng ein trafikkonstabel. Eller to.

Eg liker å sykle til Tøyenbadet. Gerhardsenblokkene først. Eg passerar den som Einar Gerhardsen og kona hans, Werna, budde i.

De to skal ha stått framfor det vestvendte vindauget sitt kvar kveld, sett over Oslo, og sagt god natt til byen. Dette var på sekstitalet. Den gongen var det visst trygt å sove. Gerhardsen passa på.

Eg liker bakken
bak blokkene, å komme opp i høgda, og få oversikt. Helst sym eg derfor i utebassenget. Der har eg utsikt. Men ikkje i dag. Vêret er for surt i dag. Det er vi mange om å finne ut. Alle dei som vanlegvis ville vore i eit av tre utebasseng er i det eine innebassenget. Vi er ikkje som sild i tønne. Det ville vêre å skryte. Sild er metodiske, føreseielege og samarbeidsvillige. Dei held saman i flokk for å passe kvarandre mot større fisk. Dei dansar gjennom vatnet i lag.

Symjarane i Tøyenbadet følgjer ingen reglar, og følgjer reparasjonsprinsippet og ikkje det førebyggande prinsippet. I staden for å bruke litt tid til å planlegge symjinga, og få meir ut av den, brukar dei mye tid til å vêre sinte og frustrerte når symjeturen ikkje gir utbytte.

Sånn skal det fungere på Tøyen: Ein skal halde til høgre. Det er enkelt og greitt. Det burde ha vore enkelt og greitt. Men det verker ikkje så enkelt når ein er midt i det. Ein skal kanskje ikkje legge skylda på symjarane, men på dei som står over, som sitt i dei høye baywatch-tårna på kvar side av landets største innebasseng. Største delen av bassenget blir nemlig ikkje delt opp i symjebaner. Å "halde til høgre" betyr å halde seg på den høgre sida av bassenget. Når "den høgre sida" er så stor som den er, så blir dette ein vag formulert instruksjon. Ei kjelde til feiltolking. Det fører til eit litt kaotisk kjøremønster, kor symjarar no og då kjem i konflikt. Som fører til at eg finn ut at det likevel ikkje var rekreasjon i dette, dusjar, og syklar heim igjen. Ute, endelig! Utsikt over byen igjen! Men så har eg kome gjennom Tøyenparken, og sett kursen vestover. Mot The Wild West, som er Carl Berners Plass. CBP er ein stort gatekross ein halv kilometer sør for Sinsenkrossen. Det er vegarbeid på Carl Berner. La meg gjere ei lang historie kort:

Carl Berner er inne i sin tolvte månad med omlegging og vegarbeid, og er meir kaotisk enn nokon gong. Arbeidet ved Carl Berner er som ein far utan pedagogisk innsikt. Han bryt ned utan å bygge opp. Carl Berner blir grava opp og brote ned. Det blir aldri gitt tid til å bygge opp igjen. Sykkelturen gjennom krossen er opprivande og skremmande. Krossen har tilsynelatande ingen kontroll og reglar.

Eg kjem meg endelig inn i Christian Michelsensgate, som er hovudvegen mot Torshov og Majorstua. Christian Michelsensgate er stor og romsleg, og har midtrabattar. Midtrabattane er fulle i dag. Det står ti uvanleg store trafikklys med svarte hetter over lyshovuda i midtrabatten. Lysa liknar imamar, som er muslimske autoritetsfigurar. Dei får meg først til å skvette. Men så skjønner eg at det er desse som skal redde mine framtidige turar til Tøyen. Dei skal inn i krossen!

Bare dagar seinare syklar eg tilbake. Imam-lysa står framleis med svarte hetter over seg. Carl Berner er framleis farlig. Men billettdama på Tøyen, ho har orden. Når eg kjøper eit klippekort for vaksne, insisterer ho på at eg skriv namnet mitt på kvitteringa. Det fell meg ikkje inn å spørje korfor, og klage på eventuelle. Eg trur faktisk eg liker dette potensial for å bli overvaka. Eg blir med andre ord sett av nokon, tenker eg, når eg minutt seinare er ein av nokon hundre symjarar som plaskar rundt med bare to badevakter på høye stolar til å passe på oss.

Stortingsvalet 09 er ferskt som klorvatn mens eg skriv dette. Eg har nettopp vore med på å velje Jens som statsminister. For meg var det å stemme på å bli sett. Eit velfungerande sosialdemokrati er ein styreform kor det er lov til å vêre liten, og greitt å vêre svak. Men eit velfungerande sosialdemokrati skal også førebygge den type svakheit som gjer at Noreg har blant verdas høgaste drukningsstatistikkar. Vi har ein lang, rå, kald kyst. Og vi er langt i frå verdsmeistrar i symjing. Gerhardsen let bygge 700 symjehaller langs kysten. Regjeringa tar seg i dag dårleg råd til å fylle dei med vatn. Det må det gjerast noko med. Eg ville intervjue AP-folk om dette i sommar. Helst ville eg gå i symjehallen med dei, møtast som likemenn, i desse sosialdemokratiets storstover, og altså ta ein prat om desse tema. Eg skreiv brev og ringte til Jan Erik Larsen ved Statsministerens kontor, og fekk beskjed om at dei ikkje hadde tid til slikt før valet var over. Trond Giske sa det same. Det betyr at informasjonsrådgivaren hans, Karen Moe Møllerop, sa det til meg. Giske sjølv hadde reist på sommartur. Han skulle gå frå hytte til hytte. Ikkje i den norske fjellheimen, ikkje frå DnT-hytte til ei anna DnT-hytte, og frå den eine sosialdemokratiske fellesskapen til den andre. Niks. Giske gjekk i dei spanske fjella, og mot Santiago de Compostella.

Valet er over no. Snart skal eg ta ein ny runde med telefonar og e-postar. Tøyen treng statsministeren sin.