Magasinett

Synsingar

Utskrift

Politikarar – kva dei seier og kva dei meiner (og kvifor dei ikkje vil at du skal skjøne kva dei meiner med det dei seier før lenge etter at dei har sagt det og før dei sjølv har gløymt både kva dei har meint og kva dei har sagt)

Skrive av Nils Henrik Smith .

Stoltenberg
(Før eg iverksett dagens synsing vil eg gjerne notere ein personleg rekord: Overskrifta (over) er den suverent lengste i mi karriere som profesjonell skribent. Til no. Det er fint å ha noko å strekkje seg etter.)

Så til saka:
Nå har det vore val, og alle mine trufaste lesarar (sic) er difor utan tvil ufatteleg leie av politikk, eit emne dei alt i utgongspunktet temmeleg sikkert syntest var temmeleg keisamt. Men fortvil ikkje! Det finst nemleg ikkje noko emne som er så keisamt at det ikkje vert interessant når det er eg som skriv om det!

Formålet med denne synsinga er å gje lesaren betre innsikt i det politiske livet. (Viss det utenkjelege skulle hende at ein verkeleg, ekte politikar les dette og tenkjer at formålet er å gjere politikarane til lått, tek han eller ho skammeleg feil. Dét klarer, som vi alle veit (som Arne Scheie brukar å seie), politikarane fint sjølv.)

No. Under følgjer ein del typiske politikar-statements. Først i skråskrift står det politikaren har sagt (eller noko ein politikar kan tenkjast å ha sagt – ikkje alle sitata er autentiske). Under står det politikaren har meint, og som han/ho gjerne vil formidle til sine tilhengjarar, men halde skjult for sine motstandarar og ikkje minst journalistar:

Dette skal vi forhandle om etter valet.
Dette er vi alt samde om, men etter valet skal vi samlast på eit usannsynleg dyrt spa-hotell i den norske fjellheimen, drikke raudvin og ete reinsdyrsteik, og etter ei vekes tid skal partileiarane kome ut frå hotellet iført lusekofte og smilande fortelle dei ventande journalistane at vi no, etter knallharde forhandlingar, er vorte samde om ting vi var samde om frå før.

Vi vil ha ein streng, men rettferdig asylpolitikk.
Kast dei ut! Kast dei ut! Kast dei ut! Kast dei ut! Kast dei ut! Kast dei ut! Kast dei ut! KAST DEI UT!!!!!!!

Vi vil ikkje opne for oljeboring i Lofoten og Vesterålen.
Viss ikkje Jens Stoltenberg seier at vi må.

Vi vil sikre alle ein verdig alderdom.
Bortsett frå innvandrarane, dei uføretrygda, åleinemødrene, samane, rusmisbrukarane, Lars Sponheim osb.

Vi vil verne om familien og tradisjonelle kristne verdiar.
Rompisane skal få blø!!!!!!

Vi vil føre ein aktiv rovdyrpolitikk.
Drep ulven! Drep ulven! Drep ulven! Drep ulven! Drep ulven! Drep ulven! Drep ulven! Drep ulven NO!!!

Vi kan ikkje skru tida tilbake. Fildeling er kome for å bli.
Det er heilt ok å stele, så lenge dei du stel frå har langt hår, misbruker narkotika og truleg ikkje stemmer på oss.

Noreg kan ikkje halde fram med å sløse vekk skattebetalane sine pengar på bistandstiltak til korrupte diktatur i den tredje verda.
Vi er rike fordi vi er best! Best! Best! Suvereeeent best! Det er trist at halve jordas befolking lever i fattigdom og naud, men kva anna kan dei eigentleg vente når dei har ein annan hudfarge enn oss?