Magasinett

Synsingar

Utskrift

Over vind

Skrive av Marianne Magnussen .

Lyfta hovud
Lyft hovudet i haustmørket, og la dette diktet inspirere deg til å nyte den våte, vindfulle og kalde årstida.

Over vind

Held me berre vinden ute
held me ikkje vinden ut.
Slår den berre på vår rute
slår den oss med mykje sut.

Møter vi den som ein mann,
let den slå oss midt på kinnet,
vil vi merke at vi kan
lære oss å overvinne.

Når det så tek til å blåse
vil vi kunne blåse i
alt det overdrevne våset
om at vinden er "for strid".

Lat oss ta ein tur - i dag!
Lue, det er alt vi trenger
for å møte kvart eit slag.
Kvifor sitje inne lenger?