Magasinett

Synsingar

Utskrift

Songar til å grina av

Skrive av Borghild Gramstad .

Tåre
Ein kamerat med kjærleikssorg sa til meg ein gong: "Alle songane dei spelar på radioen handlar om meg!".

Og det er vel nett det spesielle med musikk: Kombinasjonen av ord og tonar gjer at me blir trefte ein stad i kjenslesenteret vårt, der me er litt forsvarslause.

Eg har sunge i fleire kor dei siste åra, og har vore med i organisasjonar der det gjerne blir sunge på landsmøte og andre samlingar. Det er noko heilt eige med å fylla lungene med luft og høyra si eiga stemme saman med andre. Mest uansett kva ein syng då, så er det flott!

Det aller flottaste er likevel når ein kan synga noko som er vakkert, gripande eller viktig, gjerne alt dette på ein gong. Eg trur det er viktig å halda tårekanalane opne, i denne tida som lett kan gjera oss så kyniske.

Det er kanskje sentimentalt å blir rørt av ein song, men det kan også henda at kjenslene som songane gir oss får oss til å opna oss meir mot andre folk og liva deira, og det kan no aldri vera ein dårleg ting..

Her er tre songar som gir meg tårer i augo:

Steinenes sang
(eller Martyr Mohammed), av Walid Tawfik, gjendikta av Ragnar Olsen:

"Med stein i handa, mot kuler fra gevær, går ungan vårres mot okkupantens hær. Med stein og sinte tåra fra hjertan som må blø. Og sorgen følger båra til alle som må dø."

Denne songen blei skriven etter at den tolv år gamle guten Mohammed al-Dura blei skoten i armane til far sin då dei to blei fanga i kuleregnet frå israelske soldatar mot palestinske demonstrantar i 2000 på Gaza (les meir om dette her: http://en.wikipedia.org/wiki/Muhammad_al-Durrah).

Songen handlar om han, og alle dei andre ungane som blir drepne i den skitne krigen i Palestina. Koret eg er med i, blandakoret Nordaførr, song songen i ein palestinakonsert me hadde i 2005, og seinare har me sunge han kvar 1. mai i gata.

Kvar gong me syng songen, dukkar bilda opp i hovudet mitt, bilda av den livredde tolvåringen og far hans som prøver å skjerma han med sin eigen kropp.

Nordmannen
(Mellom bakkar og berg utmed havet) av Ivar Aasen:

"Og når liene grønka som hagar, når det laver av blomar på strå, og når netter er ljose som dagar, kan han ingenstad venare sjå."

Ein skal ikkje ha budd lenge i dette landet vårt før ein forstår at å gleda seg til vår og sommar er ein viktig del av å vera norsk. Vel kan me ha flotte vintrar, og mange likar både snø og skigåing, men det er fantastisk når vårlyset kjem, med løftet om sommar.

Desse linjene minner meg alltid på kor glad eg er i Vestlandet, naturen og Noreg (i den rekkefølgja) og gir meg bilda av ein tidleg vestlandssommar, der alt er grønt og frodig og det kjennest som om du berre kan gå rett ut i naturen og ta deg eit saftig jafs av alt saman!

Starwalker
av Buffy Sainte-Marie (http://www.creative-native.com/albums.php?song_id=203&album_id=15):

"Starwalker he's a friend of mine. You've seen him looking fine, he's a straight talker, he's a Starwalker, don't drink no wine. (…..) Sisters, brothers, all together: Aim straight, stand tall."

Denne songen har eg stort sett berre sunge med meg sjølv (med Buffy Sainte-Marie i bakgrunnen …) og det er kanskje like greitt, for det blir ikkje nett skjønnsong når nokon syng med klump i halsen. Men då Buffy Sainte-Marie var på urfolksfestivalen Riddu Riđđu i sommar, fekk eg sjå at fleire enn meg blir gripne av denne songen.

Når lyden er høg nok, og det likevel regnar, kan ein synga med både klump i halsen og tårer i augo saman med andre, og det kjennest fantastisk!

Grunnen til at songen rører meg, er sjølvsagt bildet eg har av den nordamerikanske indianaren som undertrykt, men likevel stolt og verdig.

Å vera ein "straight talker", å snakka sant, er det lett å tolka som ei motvekt til alle løgnene indianarane har fått høyra opp gjennom historia.

Lurt er det nok også av Starwalker å halda seg vekke frå vin og anna alkohol, dei fleste urfolka slit med alkoholisme etter møtet med "siviliserte" folk sine drikkar. Og til sjuande og sist: oppfordringa "aim straight, stand tall" bør me vel alle ha som livsmotto!