Magasinett

Synsingar

Utskrift

Studentliv

Skrive av Guro Kristine Haug .

Student
For knappe to månader sida blei eg student. Eg hadde ikkje tenkt så mykje over korleis studentlivet kom til å bli.

Eg hadde naturlegvis høyrt regla om fattige studentar, tronge hyblar, Grandiosa -middagar og intens eksamenslesing i vekene før eksamen. For nokre studentar er kan hende livet sånn, for andre ikkje. For sjølv om det å vere student først og fremst handlar om å studere eit fag og få ei utdanning, er livet utanom studia vel så viktig.

Mange ungdommar ønskjer å ta høgare utdanning. Då er det greitt å vite kva ein går til. Å studere er ikkje berre å ta fatt i ei bok og lese. Det er så uendeleg mykje meir! Så korleis artar eigentleg livet seg for ein norsk student i Noreg anno 2009?

Som student har du både fordelar og ulemper. Eg vil fortelje om det kjedelege (men trass alt viktigaste) først.

Du må ha ein plass å bu. Er du så heldig at du kan bu heime hos foreldra dine mens du studerer, så er det heilt topp. Det betyr for dei fleste gratis mat og varm middag kvar dag. Du treng ikkje sakne hunden/katten/undulaten/gullfisken din, og du har familie og vennar rundt deg.

Vel du derimot å flytte på deg, blir det med eitt meir komplisert. Mange studentar bur på hyblar. Det er eit anna ord for eit litt stort kott, der det er plass til ei seng og gjerne ei bokhylle, skrivepult eller noko anna, alt etter kva du ønskjer å ha der.

Mange deler kjøkken og bad med andre studentar, eller dei bur i ein hybelleilegheit som har eit knøttlite kjøkken og bad. Du kan leige hos studentskipnaden i byen du studerer i, men der er det ofte stor pågang og kniving om hyblane.

Det går sjølvsagt òg an å leige privat. Då kan du ofte få litt større plass, men leiga kan nok bli litt dyrare.

Du treng pengar. I Noreg er me velsigna med Statens Lånekasse, på folkemunne Lånekassa, som kvar månad utbetalar eit firesifra beløp til studentar som søkjer om det. Det har vore ein høglydt diskusjon om studiestøtta – mange studentar synest dei får for lite pengar.

Det er nok ikkje berre tull, for leiga for hyblar i byane er ofte svært høge og bøker er heller ikkje billige. Av den grunn er det mange studentar som vel å jobbe utanom studia. Det kan fungere greitt, men kan bli eit problem dersom all jobbinga går utover studieprestasjonane.

Å vere student er òg ein jobb – forhåpentlegvis er det noko politikarane innser etter kvart slik at studiestøtta blir auka!

Du må ha mat. Mange studentar synest det er problematisk. For mat er dyrt, og for nokre er ikkje matlaging akkurat det dei er flinkast til. Her gjeld det å vere oppfinnsam.

Både i kokebøker og på Internett finst det ein flust med oppskriftar, og det er fullt mogleg å lage noko som er billig, enkelt og godt! Det krev naturlegvis planlegging, og sjølv om det kan verke trøttande å planleggje kvar minste ting du et i løpet av ein dag, vil det lønne seg i lengda…

Du skal bestå eksamen. I høgare utdanning, på høgskule eller universitet, vel du sjølv kva du vil halde på med. Det er jo kjekt – endeleg er det slutt på meiningslause fag som du aldri forstod kvifor du skulle lære om. Men eg kan love deg at ikkje alt du held på med vil vere like interessant, og at du verkeleg må lese skikkeleg for å kunne bestå eksamen.

På vidaregåande snakka lærarane om "ansvar for eiga læring" for å få deg til å arbeide utan at dei skulle mase om det, men dei masa jo på deg likevel. Som student har du ingen som masar på deg lenger. Sjølv om det kan høyrast herlig ut, kan du ikkje gløyme studia fullstendig.

Du har eksamenar du skal igjennom, og då nyttar det ikkje å lese kvelden før. Her trengst sjølvdisiplin og motivasjon i store mengder. Tenk på den kjekke jobben du kan få når du er ferdig med studia. Og i juleferien kan du dra tilfreds heim til mor og far og fortelje at det gjekk strålande på eksamen!

No er det sikkert ingen som vil bli student. Men ikkje fortvil, for å vere student er faktisk utruleg kjekt! Høyr berre her:

Du blir kjend med mange nye menneske. Gjennom studia vil du bli kjend med mange nye menneske, nokre vil du bli gode vennar med, nokre vil du ikkje synest like mykje om, mens nokre vil du kan hende bli forelska i. Moglegheitene er mange!

Mange studentar likar å samlast i kollokviegrupper, der dei går igjennom eksamensstoff og høyrer kvarande. Det er både sosialt og lærerikt, og er eit godt alternativ når du begynner å bli grundig lei av å sitje på lesesalen.

For dei som likar fest, er studentlivet ideelt: I mange byar finst det flust med utestader spesielt for studentane, med studentvennlige prisar og den rette atmosfæren.

Du får skikkeleg undervisning. Endeleg er det nokre som kan det dei snakkar om! På universitetet, der eg går, kan i alle fall forlesarane det dei driv med. Dei er dyktige folk, som skriv fagbøker og avhandlingar og som har forska på det eine og det andre.

Eg kan ikkje garantere at alle forelesarar vil vere levande leksikon, men eg er ganske sikker på at dei som underviser på høgskuler og universitet i dette landet, er flinke og engasjerte folk som kan det dei driv med! Det smittar over på deg som student. Du blir engasjert, du vil lese, du vil lære!

Du får rabattar. Som student er det trongt om økonomien. Då er det ein fordel at mange butikkar gir deg studentrabattar. Du viser fram studentbeviset ditt, og kan få rabatt på alt frå brasiliansk voksing til aviser.

Dessutan er høgskuler og universitet ofte i nærleiken av treningssenter og studentkafear, og her kan du trene og ete for ein rimeleg penge. Det er genialt, så husk å ta med studentbeviset uansett kor du går!

Du kan organisere seg. Studentar elskar å organisere seg i klubbar og organisasjonar. Nokre er opptekne av miljøvern, andre av språk, friidrett, fjellklatring, laksefisking. Eg trur eigentleg det berre er fantasien som set grenser for kva du kan drive med som student. Og finst det likevel ikkje noko du kunne tenke deg å drive med, er det ikkje umogleg å starte noko nytt!

Det er så uendeleg mykje anna eg kunne ha nemnt om studentlivet. Men i fare for å skrive meg vekk, vil eg setje punktum her.

La meg berre få seie til slutt at det å vere student, handlar om så mykje meir enn berre å studere. Det er ikkje utan grunn at mange studerer i fleire år, prøver forskjellige studium og beveger seg utanfor landegrensene for å studere der. Og spør du foreldra dine eller andre godt vaksne, vil dei nok bli nostalgiske og mimre tilbake til den fine studietida si. Gled deg til å bli student!