Magasinett

Synsingar

Utskrift

Kostar det så lite å vere raus?

Skrive av Mette Karlsvik .

Kjartan Fløgstad
Noen som hugsar at Kjartan Fløgstad var skulda for å stjele stoff til den siste boka si? Det kjem framleis avisartiklar om saka.

Eg har lese eit tjuetal av dei. Journalistane stjel poeng frå kvarandre.

Det kostar så lite å vere raus. Dette er eit sitat frå ein journalist i Dagbladet. Han meinte at Kjartan Fløgstad burde ha nevnt kor han hentar faktastoffet sitt i frå.

Kommentaren liknar andre poeng som er gjort i denne saka. Dei fleste meiner at det er om å vere raus i kjeldelista si. Det kostar så lite, meiner dei.

Men sanninga er at ord er dyrt. Det gjeld ord som blir trykka på papir. Men meir om det seinare. Først om journalistar og måten dei har med kjelder.

Journalistar kreditterar ikkje kjeldene sine. Førre veka skreiv eg i Morgenbladet: "I følge ei undersøking som eg har funne på sjølv, så vil nordmenn flest helst sitte heime og sjå The Wire på DVD i staden for å gå ut på nattklubb (....)."

Eg skulle ha skrive noe sånt: "I følge ei undersøking som eg ikkje fann på sjølv at eg skal skrive at eg har funne på sjølv, så (...)". Sanninga er nemleg at det var vennen min sin idé å finne på undersøkinga sjølv.

Fordi eg kontekstualiserte dette på ein måte som eg sjølv syntes var kløktig, valte eg å unnlate å seie at det var vennen min sin idé å dikte opp undersøkinga. Og her følger ei vidare rekke orsakinger for kvifor eg ikkje var open i teksten som endåtil var ei spalte, av fri sjanger, og difor potensielt med plass til slike kommentarar.

Dette er poenget mitt: Journalistar sitt i glashus når dei kastar stein mot Fløgstad. Få tekstforfattarar stjel som journalistar. Særleg dei som jobbar i aviser. Der er plassen minst. Der er arbeidstida mest trong. Der dikterar sjangrar til ein viss grad måten ein bruker stoffet som ein får frå kjelder.

Vi snakkar altså om minst tre faktorar som ligg til grunn for at journalistar ikkje alltid kreditterar kjeldene sine. Den siste faktoren først:

Sjanger. "Sitér mindre! Det er greit å skrive poenget som ein del av den løpande prosaen." Det er beskjeden eg fekk då eg jobba med større tema-reportasjar for eit magasin for noen år sidan. For den redaktøren og i det mediet skulle sitat sparast for meiningsytringer.

Elles var målet altså ein løpande og tett prosa. Magasinet hadde også plass til reine intervju, kor det sjølvsagt bare var sitat. I essay fekk eg bare bruke sitat viss eg hadde ei fortelling og ei scene som ramme for refleksjonane mine. Osv.

Her snakkar vi om å bruke reint faktastoff. Meininger skal, om dei ikkje er sitat, i det minste ha eit namn knytt til seg.  Det handlar om kor raffinert stoffet er. Kor mange menneskelege ledd eit fakta har vore gjennom. Om det er eit førstehands råstoff eller andrehands behandla produkt.

Å komme med dømer vil vere meiningslaust. Her finnst så mange dømer at å nemne noen vil vere å undergrave denne artikkelen. Men la meg bekjenne eigne syndar.

Når eg skriv notiser for kultursidene til Morgenbladet henter eg ofte paradoks i nyhendebilde frå innlegg på twitter eller bloggar.

At journalister gjer sine kjelder sine poeng til sine poeng skjer oftast innanfor journalistiske sjangrar som essay, kommentar, kåseri og kronikk.

Økonomi. Er det eit spørsmål om kor dyktige dei er, kor ærlege dei er, eller kor stor plass dei har å rå med? Som kjent så er den kulturelle makta større enn den økonomiske.

Er ikkje det kjent, seier du? Nei, det er vel noe i det. Men difor gjeld det å late som om det er sånn i og med sjølvoppfyllande profetiar sin logikk.

Nei, det er vel framleis sånn at økonomisk makt er større enn den kulturelle. For å illustrere poenget mitt, vil eg skildre ein debatt som gjekk føre seg rundt 2007.

Den gjekk først og framst mellom Jo Beck-Karlsen og Linda Dalviken. Begge driv fortellande journalistikk, men på kvar sin måte. Dalviken sine reportasjar er fortalte i tredjeperson. Journalisten er bare ei floge på veggen, og skriv ikkje seg sjølv inn i historia med eit einaste ord.

Jo Bech-Karlsen er tilhengar av å skrive slike reportasjar i førsteperson, og la denne fortellaren få relativt stor plass. Fortellaren skal helst bruke denne plassen til å skrive om posisjonen sin i høve situasjonen. Han skal fortelle om metodane sine, og bruke plass på å vere open mot lesaren.

Det handla om språklege virkemiddel, og om etikk. Det handla om måten bruken av språkelege virkemiddel er eit etisk spørsmål. Men bottom line er som vanleg økonomi. Det handlar om plass.

Jo Bech-Karlsen sin måte er på mange måtar å føretrekke fordi journalisten er informasjonsarbeidar på alle måtar. Også i høve metodane sine. Men spaltemillimetre er kostbare.

Fleire redaksjonar har ei oppfatting av at redaksjonelt stoff "stjel" plass frå annonsar. Ein annan moglegheit kan vere å gi avisene fleire sider. Men papir kostar.Trykksverte kostar. Avisene blir tyngre. Distribusjon er dyrt. Det er ikkje tilfeldig at det som er veldig dyrt blir kalla steindyrt:

Kutt. Journalistar har alltid for lite plass. Alle tekstar som kjem på trykk var lenger før dei kom til desken. Tekstar blir alltid knipne ned på. Det meste som ikkje er naudsynt for å gjere eit poeng, eller som er informativt, blir oftast stroke vekk. Å vere open om metodar, og heile tida 100% etteretteleg mht kor ein har kva frå er ikkje mogleg i dagens mediebilde.

Også difor har vi bøkene. Bokpermane skal ha plass til nyansar og alle slags informasjoner. Dei får det ofte. Det er trass i at det kostar like mye å trykke og distribuere bøker, som aviser. Kostnadane blir tilsvarande like høge for større bøker, som for større aviser.

Forlag kompenserar med dette med å endre prisen. Eit ferskt døme: Eg gir ut ei barnebok denne veka (veke 42). Vi skreiv kontrakt for boka i august. Då trudde vi at boka skulle ha rundt søtti sider. Prisen blei sett til rundt hundre og femti.

Av ymse grunnar blei boka større. Den endte på rundt hundre og seksti sider. Den nye prisen blei hundre kroner dyrare. Eg tjener litt betre. Forlager tjener litt betre. Også difor står romanen så sterkt i norske forlag, og i norsk ålmente. Ei stund trudde eg at det var ideologi frå forlaga sin side. Men når alt kjem til alt, så er også forlag sine val styrte av økonomi.

Ideologiske? Når det gjeld journalistar sin dom over Fløgstad, og om dei kastar stein frå glashus når dei kritiserar han sin måte med kjeldar, så skal ein vere glad for at ein har ei vaken og oppegåande presse som fyller rolla si som vaktbikkje.

Men dei kan altså med fordel vere meir fantasifulle, finne andre kjelder enn seg sjølv, eller bruke hovudkjelda, Fløgstad, ytterlegare. Gå rett til kjelda!