Magasinett

Synsingar

Utskrift

Årets ord: Facebook

Skrive av Jon Peder Vestad .

Bronseskulptur
Det er ingen tvil, Facebook må vere det heitaste fenomenet i Noreg i år. Kortmeldingstenesta Twitter har også vorte velkjend, og uttrykket "sosiale medium" har mange av oss no lært.

For å ta det siste fyrst, sosiale medium er nettsamfunn og –tenester som Facebook, Twitter, Flickr (foto), YouTube (særleg video og musikk), MySpace (mye musikk) og Nettby. Der kan folk leggje ut stoff og dermed dele det med andre. Det har sine sider, og det skal eg komme tilbake til. Saman med Sverige er landet vårt det landet i verda der Facebook er mest utbreidd sett ut frå folketalet. Det har sine sider. Om lag to millionar nordmenn har etter det eg har fått opplyst, profilar på fjesboka og er innom der meir eller mindre hyppig.

Eg er sjølv ganske ofte innlogga. Somme er der nesten heile tida, særleg unge. Den største gruppa av dei som bruker sosiale medium er under 25 år. Og kva gjer vi? Vi fortel vennene ("vennene"?) våre kva vi har gjort om dagen, kva vi synest om ein fotballkamp, kva vi skal ete og at vi er sjuke eller trøytte. Det kan jo vere kjekt å vete kva venner har på hjertet, sjølv om ikkje alt er like viktig. Vi chattar, skriv brev, kommenterer, er med i grupper ; foto blir lagde ut, videoar, lenkjer – ja, alt mogleg som kan leggjast på nett. Somme mobbar eller er ufine på anna vis.

Eit sosialt medium som Facebook er med på å knyte venner saman, og gamle kjende kan ta opp att kontakta. Det er flott. Likevel – det er alltid nokre men, da! Det verkar som om enkelte ønskjer å ha så mange Fb-venner som mogleg, og har plutseleg haugevis med folk på vennelista (ein venn av ein venn, ein du prata med på toget?) som dei aldri ville ha kjent att på gata.

Og desse folka deler vi sinnsstemningar, festbilde, vitsar av ymse kvalitet og ganske mye anna rart med. Ønskjer vi eigentleg at "alle" skal vete så mye om oss? Visst går det an å avgrense tilgangen til det vi legg ut, men det er litt tungvint. Mange ukjende får dermed greie på ting som vi aldri elles ville ha fortalt dei.

Det andre men-et gjeld dei som ikkje er så innmari sosiale, som ikkje har så mange venner eller kjenner så mange. Dei kan få få eller ingen kommentarar til statusoppdateringane sine, får sjeldan eller aldri brev eller blir chatta med. For dei kan Fb vere nok ei stadfesting av at dei ikkje er av dei mest populære. Eller som ein student eg har skreiv da han skulle skildre einsemd – eg har berre 32 Facebook-venner …. Sjølv veit eg av folk som eg er glad for ikkje er på Fb, eg trur ikkje det hadde gjort dei godt. Fb og liknande medium treng nemleg ikkje berre knyte folk tettare saman, men også gjere einsemd tydelegare.

Det finst mange måtar å bruke sosiale medium på, og bortsett frå at det knyter folk saman, så er der også ein kanal for å fortelje omverda om det ein er opptatt av, dele musikk eller videoar ein har laga, eller ein kan dyrke ei interesse saman med likesinna. Når vi legg det ut på nettet, på profilane våre eller legg inn noko hos andre, så er det ikkje ein-til-ein-kommunikasjon lengre, det er massekommunikasjon. Vi blir produsentar av massemedie-innhald. Mange tenkjer ikkje på det, ikkje no, men kanskje dei gjer det den dagen ein som kanskje vil gje deg jobb, googlar deg … Ja, også det er eit ganske nytt fenomen, og det blir mye brukt, veldig mye. Det du gjer i dag, møter deg kanskje i morgon.

Eg er glad for dei moglegheitene sosiale medium gjev, og eg bruker fleire slike sosiale medium sjølv. Eg er også glad for at desse nettenestene og –samfunna gjer det mogleg for folk å nå mange med viktige eller alvorlege saker, og det kjapt. Ved siste valet i Iran og oppstandane etterpå vart for eksempel Twitter viktigaste mediet opposisjonelle i landet kunne bruke for å nå ut med siste nytt. Somme har bloggar som blir lesne av mange.

Norske politikarar spør veljarar til råds i aktuelle saker både på Twitter og Facebook (iallfall har eg Fb-venner som gjer det). Ytringsfridommen er styrkt og høvet til å gje tilbakemeldingar til journalistar, politikarar, byråkratar og andre har vorte mye betre. Dessutan kan vi vanlege leggje ut spørsmål som vi må ha svar på og kjapt få respons. Sosiale medium har sine sider, og vi får dyrke dei gode. Og fenomenet Facebook – med det eller eit anna namn – er eg sikker på har komme for å bli.

P.S. Det bør ikkje vere nokon grunn til at vi som bruker nynorsk plutseleg kler oss i bokmåls- eller engelsk-drakt på nettet når det er norskspråklege vi vender oss til.