Magasinett

Synsingar

Utskrift

Er det noen kindle barn her?

Skrive av Mette Karlsvik .

Lesebrett
Nissen bankar på døra mi, og kjem inn.

Nissen: Er det noen snille barn her?

Eg: Heh?

Nissen: Er det snille barn her? Kind children? Nett kindle?

Eg: Nett! Kindle! Ja takk! Eg vil gjerne ha Kindle!

Nissen: Nei nei nei! Du får ikkje lesebrett! Slemt barn!

Nissen drar ned skjegget sitt. Då ser eg at nissen er direktøren i Det Norske Samlaget. Ho heiter Tove Lie, og kjend for å vere progressiv og moderne og støttande til ny teknologi, som e-bøker.

Eg: Tove! Er du redd for lesebrett? Eg har høyrt at du er for e-bok!

Tove: At eg er for e-bok er den offentlege utgåva. Men bak skjegget er eg eigentleg litt redd for det. Eg er litt redd for at det skal gjere meg, og Det Norske Samlaget, overflødige.

Eg: Er det difor du har skifta yrke, til å vere nisse?

Tove: Nei, eg er her bare for å gi deg ei...

Kva er eit lesebrett?

Kva skal Tove Lie gi meg? Meir om det seinare. Først litt grunnleggande informasjon om lesebrett: Kindle er eit eigenamn. Det er Amazon sitt lesebrett. Lesebrett er eit substantiv, og er ein type skjerm. Skjermen er større enn mobilen din, og litt mindre enn dataskjemen som du les i frå no. Den har ei lita datamaskin som kan lagre fleire tusen, store filer. Filene er digitaliserte aviser og bøker, som romanar, diktbøker og skulebøker.

Lesebrett har "elektronisk blekk". Blekket ser ut som om det står ut frå skjermen, og har masse. Bokstavane er liksom skrivne med tjukt blekk på pergament. Dei blir heva fram frå bakgrunnen ved hjelp av kontrastmiddel. Kontrastmiddelet og blekket er digitalt. Filene også. Dei blir nok pdf-filer eller liknande filer.

Du finn filene overalt. På forfattarar sine heimesider, hos Amazon og andre bokhandlarar på nett og sjølvsagt frå forlaga. Noen må du betale for. Andre får du gratis. Du kan komme til å finne gratis bøker frå forfattarar som gjer opprør mot det etablerte. Mot forlaga og bokhandlarar.

Dei er forfattarar som har gått lei av å vente på at redaktørar les, vurderar, refuserer eller antar. Dei frigjer seg det konservative etablissementet. Er det ikkje best at alle gjer dette; skriv sine eigne bøker, og legg ut på sine eigne heimesider, heilt gratis og utan ventelister, utan dei selektive forlagsredaktørane?

Det kjem an på kva litterær offentlegheit vi ønsker oss. Kvaliteten på disse publikasjonane kjem til å variere. Noen forfattarar vil kanskje bli kvarandre sine redaktørar, og på den måten utfordre forlaga. Men sjølv om dei gjer det, vil ikkje forattarane ha den same kompetansen som forlagsredaktørane.

Det Norske Samlaget, t.d., er 141 år gamalt, og har måtar å arkivere, konservere og bruke og utvikle kompetansen, kunnskapen, måtane, tradisjonane sine. På mange måtar vil det framleis vere tryggast å kjøpe digitale bøker som er gitt ut av forlag.

På godt og vondt

Tove Lie pustar ut, kastar skjegget i postkassa, nei i bosskorga, og ropar God jól!

Kva ønsker du deg til jól? spør ho, og spør om den innarste draumen min, din, nissen er jo ei mektig kvinne, med evne til å oppfylle ønske og innarste draumar. Difor vil nissen vite om kva du draumar om, om du vil bli popstjerne, ballerina, presidenten i USA eller prins i Norge? Ønsker du at du var prinseforfattar Ari Behn, eller bare forfattar?

Har du ein drøm om å bli skribent eller journalist? Synes du at det er stas med ord som er trykt på papir, og ønsker å sjå dine tekstar, meininger eller bilde innanfor permar av bøker eller i avisspaltene?

Kanskje har du endåtil prøvd, har sendt inn artiklar, reportasjar, dikt eller utkast til romanar. Til Gyldendal Forlag, Adresseavisa, Magasinett, Morgenbladet, Samlaget, Dag og Tid, Tidens Krav, kva veit eg. Kanskje blei du refusert. Refusur. Det er lett å bli sur. Og det skal du i tilfelle bli. Om du blir refusert, så skal du rase.

Du skal tenke at dei får bare ha det så godt, at makta deira er ein illusjon og har om lag like stor verdi som ein islandsk pengeseddel. I dag er den knapt verdt papiret den er trykt på. Om eit år kan den igjen vere verdt uendeleg mye. Men snart søkk den igjen. Og stig, og søkk, og stig.

Dei litterære forlaga

Dei litterære forlag har stor makt. Dei er på mange måtar einerådande om å lage bøker. Alle kan sjølvsagt lage bøker. Det er bare å brette og hefte saman noen ark. Men hos forlaga er heile apparat klare for å ta bøker gjennom dei ulike møllene; frå bearbeiding av tekst, trykking, lansering og salg. Det krev papir, hugging av tre, søl frå trykksverte, industri, CO2 og alt søplet når bøkene skal makulerast eit par år etter produksjon.

Er det ikkje då like greit at vi lagar e-bøker, og slepp at dette støff og søl? Fornuften min seier ja. Men hjartet seier nei. Papir er digg. Særleg nye bøker, som knirkar som mormor og luktar baby. Særleg gamle bøker, som har spor av turen på stranda i fjor sommar og halvtimen i boblebadet på Bislet Bad førre veka.

Papir tørkar igjen. Lesebrett tåler og ein del vatn. Men dei er vanskeleg å lese på stranda, i solskinn. Og i tusmørkret, blant talglys, på Bislet Bad. Lyset skal vere sånn akkurat passe. Du kan abonnere på aviser gjennom Kindle. Men The Times, til dømes, viser verken bilde, weblenker, diagrammar eller heile artiklane. Dette har eg lese om i papirutgåva av Klassekampen, i Bokmagasinet, som ikkje finst på nett.

Avisene

Apropos dei leiande, norske avisene: Fordi ein kan laste ned og lese aviser gjennom lesebrett, kan alle bli sin eigen redaktør, lage sine eigne aviser og legge ut til gratis nedlastning og abonnement. Det er ein reell sjanse til å utfordre den fjerde statsmakta. I ein ideell stat er denne makta objektiv og rettvis, og lar alle partar komme offentleg til orde. Men avisspaltene har ikkje alltid plass til alle sider av ei sak. Det skal mye til for å komme til orde.

Heldigvis finst det dessutan tidsskrift, nettmagasin og diverse uavhengige, idealistiske publikasjonar på papir og internett. Ikkje bare får ein letta hjarta sitt. Ein kan skrive langt. Det er bare at det er tungt å lese lange tekstar frå skjerm. Men snart kjem altså lesebretta. Snart kjem det elektroniske blekket. Det kjem til å skrive seg inn i historia. Men om det blir ein revolusjon, kjem an på om denne teknologien er brukbar.

Ein annonsert revolusjon

For noen veker sidan, refererte Klassekampen ein rapport frå brukarar av Kindle. Dei fleste andre rapportar kjem frå bransjefolk. Som Amazon.com, som lagar Kindle. Dei framheld dette som ein revolusjon og vil ha det til at du eig eit lesebrett innan tre år.

Og kven veit. Neste gong du les ein så lang tekst frå skjerm, kan det vere elektronisk blekk på eit lesebrett. Men revolusjon? Kan ein revolusjon bli annonsert? Nei, det er jo eit paradoks. Ein revolusjon er eit plutseleg, ofte spontant, opprør.

Men dette er ganske sikkert: Forlagsmakta blir utfordra. Mange har lyst til å prøve ut lesebrett. Amazon.com sel sitt lesebrett, Kindle, som brukarvennleg og praktisk. Det er ikkje alle som er einige. Men det er i alle fall meir behageleg å lese frå brett, enn frå denne skjermen som du les no. Du er kanskje trøytt. Det er greit. Historia får snart ein naturleg slutt:

Lesebrett-nissen

For du, du er kanskje eit snilt barn. Kanskje trur du på alt eg har skrive her. Kanskje trur du at det gjeld å lage "revolusjon" og gjere opprøyr mot det etablerte. Er du på veg til barrikadane? Nei, nei, nei! Slemt barn! Slem! Ein ekte revolusjonær lagar ikkje revolusjon på befaling. For det første kledde aldri Tove Lie seg ut som nissen. Ho banka aldri på døra mi. Tove Lie sendte meg eit brev. Brevet var ei jólegåve. Gåva var dette:

Samlaget har lyst til å gi ut to av romanane mine som e-bok. Først blei eg stolt fordi eg var valt til dette. Sidan blei eg spent fordi dette viser at digitaliseringa faktisk har begynt. Det nest siste eg kjente, var redsle. Eg tenkte på piratar, ulovleg nedlastning og at ingen noen gong skulle kjøpe ei bok av meg igjen. Men det er det jo ingen som gjer likevel. Bare staten. Jupp. Heile næringsinntekta mi kjem frå staten i form av innkjøpsordninga, som gir eit eksemplar av kvar innkjøpte bok til biblioteka i Norge. Dét ser det ikkje ut til å bli noen endring på. Dermed kan ulovleg, fri nedlastning løne seg for slike som meg: Ukjende forfattarar i etableringsfasa.

Dermed drar eg opp nisseskjegget mitt, og blir ein løynd ebok-tilhengar eg også. Eg bankar på døra til nissen. Nissen bur på Tiller ved Heimdal, og importerar Kindle frå USA.

Eg vil kjøpe ein Kindle, seier eg.

Greitom, seier Kindlenissen, og spør når eg treng Kindle.

No, seier eg, då det skulle vêre ei jólegåve til kjæraste min. Men då ler Kindlenissen på Santa Claus-måten sin, hohoho, seier han, og seier at eg kanskje får lesebrettet til neste jól. Så lang er ventetida mi, seier han, då Kindle framleis er i barndommen i Norge, og i alle fall her på Heimdal. Eg ruslar heim, loggar meg på nett, og går til
www.amazon.com, og bestiller eit brett derfrå. No kryssar eg fingrane for at det kjem til jól. Eg vil jo vêre snill. Då kan jólaften nemleg bli slik:

Nisse 1: Er det noen snille barn her?

Nisse 2: Ja. Eg er snill.

Nissen: Stemmer!