Magasinett

Synsingar

Utskrift

Vidaregåande opplæring i norskfaget

Skrive av Nils Henrik Smith .

Boklesing
Ei gong for uendeleg lenge sidan står ein ung mann bak eit kateter i ein norsk by og vert stira intenst på av femten par tenåringsjenteauge.

(Ei (nesten) sann historie frå (noko som kan minne om) røynda.)

Dei stirar ikkje fordi han er blond og fager. Dei stirar fordi han er eit framandelement. Jentene skal alle verte hjelpepleiarar (eller kva det no er) og har nett returnert til skulen etter ein praksisperiode.

Den unge mannen seier at han er den nye vikaren.
Kvifor det? spør ein eller annan.
Fordi (den fast tilsette læraren) har gått ut i svangerskapspermisjon.
Åja...

Slik er det.
Den unge mannen seier namnet sitt (ei gong til) og repeterer óg at han skal vere norskvikar resten av skuleåret.

Hand i veret (lynkjapt):
Ja?
Er du ein ekte lærar?
Ein ekte lærar: kva er det?

Eg meiner: har du sånn der lærarutdanning?
Svar: eg har gått på Universitetet.

Fleire spørsmål:
Kor gammal er du?
Er du gift? (Svar: ja. Oppfølgjingsspørsmål: Er kona di sexy?)

Er dette den første jobben din?
Ja.
Lukke til!
Lyden av femten tenåringsjenter som ler (relativt lenge).

Den unge mannen spør jentene kvifor dei vil verte hjelpepleiarar.

Døme på svar:
a) Veit ikkje.
b) Mor mi som bestemte det.
c) Kom ikkje inn nokon annan stad.
d) Skal slutte i klassa.

Kvifor skal du slutte?
Likte meg ikkje i praksisperioden.
Kan du utdjupe?
Synst det er ekkelt når gamle folk drit på seg.

På tide å fokusere på det faglege:
Den nye norskvikaren seier at for å oppfylle eit læringsmål i faget (og for å få tida til å gå) skal alle lese ein roman denne våren. Han forklarer at han (i samråd med skulebibliotekaren) har vald ut nokre bøker som er både spanande og aktuelle. Den første (han syner fram boka for elevane) er Tore Renbergs bestseljande Mannen som elsket Yngve (som bibliotekaren meinte var særs høveleg lesnad ettersom ho handlar om ungdom og forelsking etc.).

Utrop frå bakarst i klasserommet:
IKKJE FAEN om eg les den JÆVLA HELVETES tjukke boka!
Vel (seier norskvikaren): ho er spanande og særs populær...
IKKJE FAEN: vil heller DØY enn å lese den JÆVLA boka!
Heller døy enn å lese Tore Renberg?

Brått reiser alle jentene seg og bevegar seg kollektivt i retning ut.
Den unge vikaren vert overraska og stiller spørsmål om kvifor dei gjer dette.
Timen er slutt (vert det påstått).
Men det har ikkje ringt?
Vi har ikkje ringjeklokke.

(På lærarrommet i etterkant får han stadfesta dette.)

Same klasse nokre veker seinare:
Elevane sit bøygd over bøkene sine. Læraren (eller vikaren som han konsekvent vert titulert til sin umåtelege irritasjon) vandrar stilt mellom dei og stiller pedagogisk oppmuntrande spørsmål.
Nokre av jentene har på eiga hand valt bøker. Ei av dei har (etter lærarens synspkt.) positivt overraska ved å velje Olaug Nilssens eminente (igjen hans synspkt.) Få meg på, for faen.

Han spør kva ho synst om boka:
Pause.
Ho er litt merkeleg...
Lang pause.
Merkeleg?
Ja.

På kva vis?
Nei... Eg veit ikkje... Berre... Merkeleg...
Kan du ikkje seie noko meir enn det?
Eksepsjonelt lang pause.
Nei.

Læraren går vidare.
Ei anna jente spør om det er vanleg at norske bøker inneheld skildringar av analsex. (Namnet til forfattaren (kvinneleg) samt tittelen på romanen som framprovoserer spørsmålet skal i denne samanhengen vere unemnt.)
Den unge vikaren seier at det korkje er vanleg eller uvanleg.
Det må jo vere JÆVLA vondt?
Ein diskusjon pro et contra analsex oppstår mellom nokre av elevane. Læraren kremtar og oppmodar dei om å vende attende til lesinga: Dei vert då heilt stille og stirar på han (lenge) med vidopne auge.

Etter noko tid vender han attende til jenta som les Olaug Nilssen.
På penalet står følgjande: I love Stian.

Korleis går det?
Veit ikkje...
Om kva handlar boka?
Ingenting...
Utan å lukkast freistar vikaren å undertrykkje ein veksande irritasjon:
Ingen bøker handlar om ingenting!
Ok...

Om kva handlar boka?
Epokedefinerande lang pause.
Vasking...
Vasking?
Ja. Det er ei jente som vaskar. På ein eller annan skule.

Læraren (harmdirrande): du skal halde eit timinutts føredrag neste veke om denne boka. Du kan ikkje berre seie at ho handlar om vasking!
Men det er jo dét!
Sant nok. Det lukkast han å roe seg ned. Han stillar spørsmålet:

Kva trur du forfattaren ynskjer å få fram ved å skildre Maria og vaskejobben hennar?
Veit ikkje...
Inga aning?
Nei.. Eller jo... Vent litt...
Ja?
Eg trur ho skriv sånn der nynorsk...

Det vert atter ei gong heilt stille. Jenta (sitjande ved pulten) og norskvikaren (ståande halvvegs nedbøygd ved sida av den same) stirar begge opp mot klokka på veggen og lengtar (uunngåeleg) etter skuledagens fråverande ende.